31660_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31660
Røyrleggjarkostnadene opp 0,3 prosent
statistikk
2010-09-14T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. august 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Røyrleggjarkostnadene opp 0,3 prosent

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,3 prosent frå juli til august i år. Arbeidskraftkostnaden auka samstundes med 1,4 prosent, medan materialkostnadene var uendra i denne perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100

Lønsstatistikk for 2. kvartal 2010 er rekna inn i byggjekostnadene for august, og er årsaka til kostnadsauken frå juli.

Frå august i fjor til august i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 2,4 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar auka med 4,2 prosent, medan kostnadene for varmeinstallasjonar steig med 0,2 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i prosent1 August 2010 Endring i prosent
  Juli 2010-august 2010 August 2009-august 2010
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  168,2 0,3 2,4
Administrasjon 17,3  144,7 -0,1 2,9
Arbeidskraft 26,0  153,1 1,4 4,0
Materialar 55,3  182,5 0,0 1,6
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  168,0 0,2 4,2
Materialar 32,7  179,7 0,0 4,7
         
Varmeinstallasjonar 45,5  168,4 0,4 0,2
Materialar 22,6  186,5 0,0 -2,3
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at
transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: