31694_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31694
Auka kostnader for røyrleggjararbeid
statistikk
2009-05-06T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. mars 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka kostnader for røyrleggjararbeid

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 1,0 prosent frå februar til mars i år. Materialkostnadene auka med 1,7 prosent og er hovudårsaka til kostnadsauken. Tala for byggjekostnader for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg er korrigerte i forhold til det som vart publisert 17. april 2009, kl. 10.00.

Røyrleggjararbeid i alt. Prosentvis endring frå same månaden året før

Frå mars i fjor til mars i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 6,3 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med høvesvis 4,8 og 8,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100 (Retta 6. mai 2009 kl. 10.00)
  Vekt i prosent1 Mars 2009 Endring i prosent
  Februar 2009-
mars 2009
Mars 2008-
mars 2009
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  164,5 1,0 6,3
Administrasjon 17,3  139,1 0,1 4,0
Arbeidskraft 26,0  145,9 0,0 1,0
Materialar 55,3  181,0 1,7 8,9
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  162,0 0,0 4,8
Materialar 32,7  174,0 0,0 6,1
         
Varmeinstallasjonar 45,5  167,4 2,2 8,1
Materialar 22,6  190,9 3,8 12,8
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik
frå 100 pga. at transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: