31698_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31698
Liten auke i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2009-03-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. februar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,2 prosent frå januar til februar i år. Arbeidskraftkostnaden auka med 0,8 prosent, mens materialkostnadene var uendra i den same perioden.

Røyrleggjararbeid i alt. Prosentvis endring frå same månaden året før

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2008 er teken med i byggjekostnadene for februar, og er hovudårsaka til kostnadsauken.

Frå februar i fjor til februar i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 8,9 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med høvesvis 9,1 og 8,7 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i prosent1 Februar 2009 Endring i prosent
  Januar 2009-februar 2009 Februar 2008-februar 2009
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  162,8 0,2 8,9
Administrasjon 17,3  138,9 0,4 4,0
Arbeidskraft 26,0  145,9 0,8 1,0
Materialar 55,3  178,0 0,0 13,4
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  162,0 0,2 9,1
Materialar 32,7  174,0 0,0 13,0
         
Varmeinstallasjonar 45,5  163,8 0,2 8,7
Materialar 22,6  183,9 0,0 14,2
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at transportkostnader
ikkje er med.

Tabeller: