31700_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31700
Inga endring i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2009-02-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. januar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Inga endring i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg var uendra frå desember 2008 til januar 2009.

Røyrleggjararbeid i alt. Prosentvis endring frå den same månaden året før

Frå januar i fjor til januar i år steig byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg med 8,8 prosent. Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka med respektive 9,0 og 8,6 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i
prosent1
Januar
2009
Endring i prosent
  Desember 2008-
januar 2009
Januar 2008-
januar 2009
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  162,4 0,0 8,8
Administrasjon 17,3  138,3 -0,1 4,1
Arbeidskraft 26,0  144,7 0,0 0,7
Materialar 55,3  178,0 0,0 13,4
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  161,6 0,1 9,0
Materialar 32,7  174,0 0,1 13,0
         
Varmeinstallasjonar 45,5  163,4 0,0 8,6
Materialar 22,6  183,9 0,0 14,2
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100
pga. at transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: