31704_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31704
Små endringar i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2008-12-15T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. november 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,2 prosent frå oktober til november i år. Materialkostnadene var uendra i den same perioden.

Røyrleggjararbeid i alt. Prosentvis endring frå same månaden året før

Administrasjonskostnadene steig med 1,8 prosent den siste månaden. Lønsstatistikk for 3. kvartal 2008 er med i byggjekostnadene for november, og arbeidskraftkostnaden viser ein nedgang på 0,3 prosent frå oktober til november.

Frå november i fjor til november i år har byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg auka med 8,8 prosent. Kostnadene for sanitær- og varmeinstallasjonar steig med respektive 9,1 og 8,3 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i prosent1 November 2008 Endring i prosent
  Oktober 2008-
november 2008
November 2007-
november 2008
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  161,9 0,2 8,8
Administrasjon 17,3  138,8 1,8 5,9
Arbeidskraft 26,0  144,7 -0,3 0,7
Materialar 55,3  176,9 0,0 12,7
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  161,3 0,1 9,1
Materialar 32,7  173,5 0,0 12,7
         
Varmeinstallasjonar 45,5  162,5 0,2 8,3
Materialar 22,6  181,9 0,0 12,9
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 pga. at
transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: