31746_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31746
Små endringar i røyrleggjarkostnadene
statistikk
2007-03-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. februar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar i røyrleggjarkostnadene

Byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 0,1 prosent frå januar til februar i år. Lønsstatistikk for 4. kvartal 2006 er teken inn i byggjekostnadene og er årsaka til kostnadsauken.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100

Arbeidskraftkostnaden steig med 0,5 prosent frå januar til februar i år, medan materialkostnadene var uendra.

Frå februar i fjor til februar i år auka byggjekostnadene med 9,1 prosent. Kostnadene for sanitær- og varmeinstallasjonar er respektive 9,5 og 8,6 prosent høgare enn i februar i fjor.

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
  Vekt i prosent1 Februar 2007 Endring i prosent
  Januar 2007-februar 2007 Februar 2006-februar 2007
Røyrleggjararbeid i alt  100,0  141,9 0,1 9,1
Administrasjon 17,3  127,3 0,0 4,3
Arbeidskraft 26,0  137,0 0,5 5,8
Materialar 55,3  148,8 0,0 12,0
         
Sanitærinstallasjonar 54,5  142,8 0,0 9,5
Materialar 32,7  149,3 0,0 12,3
         
Varmeinstallasjonar 45,5  140,7 0,1 8,6
Materialar 22,6  148,2 0,0 11,5
1  Summen av vektene til administrasjon, arbeidskraft og materialar avvik frå 100 på grunn av at transportkostnader ikkje er med.

Tabeller: