31869_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/arkiv
31869
Røyrleggjarkostnadene opp 5,9 prosent
statistikk
2002-01-21T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg15. desember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Røyrleggjarkostnadene opp 5,9 prosent

Dei totale byggjekostnadene for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg steig med 5,9 prosent frå desember 2000 til desember 2001.

Kostnadene for sanitærinstallasjonar og varmeinstallasjonar auka i same periode med respektive 6,7 og 5,0 prosent.

Lønnsstatistikken for 3. kvartal 2001 er tatt inn i røyrleggjarkostnadene for desember og medverkar til at byggjekostnadene for røyrleggjararbeid auka med 0,7 prosent frå november til desember i fjor.

Abonnementskort

Det blir trykt eit eige månadleg abonnementskort for indeksen. Kortet kan tingast hos Statistisk sentralbyrå, Sal- og abonnementsservice, 2225 Kongsvinger og kostar 290 kroner i året.