Skatteinnbetalingane på nivå med 2015

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 411 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det svarar til ein auke på 3,5 prosent jamført med dei fem fyrste månadene i 2016.

Dei samla skatteinnbetalingane tok seg opp 14 milliardar kroner samanlikna med 2016, og ligg so langt i 2017 om lag på nivå med 2015. Personlege skattytarar har auka innbetalingane med 4 milliardar, samstundes som upersonlege skattytarar utanom oljeskattane har auka sine med 14 milliardar kroner.

Auka innbetalingar til både stat og kommune

Så langt i år har innbetalingane til statsforvaltninga auka med 8,6 prosent, og til kommuneforvaltninga har dei auka med 3,7 prosent. Stat og kommune har hittil i år motteke drygt 15 milliardar kroner meir enn i tilsvarande periode i fjor. Folketrygda har hittil motteke 148 milliardar kroner, noko som svarar til ein auke på 2,2 prosent samanlikna med 2016.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mai akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - mai akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 5.2 3.1
Finnmark Finnmárku 3.5 4.4
Troms Romsa 5.9 9.3
Nordland 6.9 5.8
Nord-Trøndelag 3.3 4.9
Sør-Trøndelag 1.3 4.0
Møre og Romsdal 0.6 -0.5
Sogn og Fjordane 4.3 3.7
Hordaland 2.2 1.4
Rogaland -5.6 1.1
Vest-Agder -5.2 2.2
Aust-Agder 2.1 4.0
Telemark 5.1 2.0
Vestfold 1.4 5.1
Buskerud 2.5 3.0
Oppland 2.7 3.9
Hedmark 3.1 5.3
Oslo 18.8 1.6
Akershus 3.5 5.0
Østfold 2.7 7.2

Kontakt

Error occured rendering window "Artikkelside - faktaside inngang" (key 225) while handling request to site path: /0/offentlig-sektor/artikler-og-publikasjoner/skatteinnbetalingane-pa-niva-med-2015?id=106&key=312668&profilertSeksjon=126&sidetype=artikler