Vi har fått henvendelser de siste dagene fra publikum om at noen utgir seg for å være SSB. De har fått e-post med beskjed om at de har vunnet en mobil. Dette er ikke fra Statistisk sentralbyrå og vi oppfordrer alle til å slette den.

Meir pengar til beredskap

Publisert:

Det blei registrert nær 3 100 bygningsbrannar og meir enn 86 000 utrykkingar i 2017. Kommunane brukte nær 5,9 milliardar kroner på brann- og ulukkesvern, og mesteparten av dette gjekk med til beredskap.

I 2017 var det registrert 3 079 bygningsbrannar. Over halvparten av desse, 1 831, var bustadbrannar, viser statistikken over brann- og ulukkesvern. Oslo var det fylket med flest bustadbrannar, med 214 i 2017, og Sogn og Fjordane hadde færrast med 44.

Dersom ein ser brannane i forhold til befolkninga, var det 0,35 bustadbrannar per 1000 innbyggjarar i landet totalt i fjor, som er uendra frå 2016. Av fylka ligg Finnmark på topp: 0,77 bustadbrannar per 1000 innbyggjarar, medan Rogaland ligg lågast med 0,23. Det er verdt å merke seg at tala ikkje seier noko om kor mange hus eller bygningar som var råka av brann, men kor mange brannar som hadde opphav der. Den kalkulerte erstatninga til bygningsbrannar var på om lag 4,1 milliardar i 2017 og på same nivå som året før.

236 utrykkingar per dag

I 2017 registrerte brann- og redningstenestene i overkant av 86 000 utrykkingar, som utgjer ein auke på om lag 2 prosent frå 2016. På ein gjennomsnittsdag hadde brannvesena 236 utrykkingar i Noreg dette året, men mange av desse var grunna falske og unødige alarmar.

Også for utrykkingar var det fylkesvise forskjellar, med flest per 1000 innbyggjarar i Oslo, vel 20, og færrast i Hordaland med drygt 11. Det er likevel grunn til å understreke at eit brannvesen ikkje nødvendigvis er tilknytt berre ein kommune. Det er ikkje uvanleg at utrykkingar skjer på tvers av kommune- og fylkesgrensene.

25 prosent meir til brann- og ulukkesvern sidan 2013

Det har vore ein auke i totale utgifter på om lag 4 prosent for brann- og ulukkesvern i kommunane frå 2016 til 2017. Utviklinga dei siste fem åra, frå 2013 til 2017, viser ein auke i utgiftene på 25 prosent.

Om lag 67 prosent av dei totale utgiftene på området gjekk med til løning av personell. Utgiftene til brann- og ulukkesvern utgjer om lag 1,3 prosent av dei totale utgiftene til kommunane.

Størst utgifter til beredskapsføremål

Den største utgiftsposten i brann- og ulukkesvernet i kommunane er beredskap mot brannar og andre ulukker.

I 2017 blei det brukt nesten 4,8 milliardar til brannvesen, oljevernberedskap og annan beredskap mot brann- og eksplosjonsarta ulukker. I 2016 var tilsvarande tal om lag 4,5 milliardar kroner. Det inneber ein utgiftsvekst for beredskap på nær 5 prosent i perioden, og nær 26 prosent sidan 2013.

Figur 1. Brutto driftsutgifter til brann- og ulukkesvern

2012 2013 2014 2015 2016 2017
Førebygging av brannar og andre ulukker (funksjon 338) 0.9 0.9 1.0 1.0 1.1 1.1
Beredskap mot brannar og andre ulukker (funksjon 339) 3.5 3.8 4.1 4.2 4.5 4.8

Utgiftene til førebygging av brannar og andre ulukker er, som tidlegare år, på eit lågare nivå enn utgiftene til beredskap. I 2017 gjekk det med i overkant av 1,1 milliardar kroner til førebygging i form av drift av feiarvesen og andre tiltak som skal førebyggje brann og eksplosjonsarta ulukker. Dette er ein auke på nær 2 prosent frå 2016, og vel 22 prosent frå 2013.

Utgifter til førebygging av brannar og andre ulukker utgjer framleis om lag ein femdel av dei totale utgiftene til brann- og ulukkesvern i kommunane.

Kontakt