10867_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10867
Framleis auke innanfor avløp og renovasjon
statistikk
2008-02-14T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning5. termin 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Framleis auke innanfor avløp og renovasjon

Samla omsetning for avløps- og renovasjonsverksemd var på 2,5 milliardar kroner i september og oktober 2007. Dette er ein auke på 13 prosent samanlikna med same periode året før.

Avløps- og renovasjonsverksemd. 1. termin 2001-5. termin 2007. Millionar kroner

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ein auke i omsetninga på 13 prosent jamført med same periode året før. Omsetninga var på 260 millionar kroner.

Omsetninga var på 2,2 milliardar kroner for dei bedriftene som driv med innsamling og handtering av anna avfall.Dette tilsvarar ein auke på 13 prosent samanlikna med same periode i 2006.

Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 59 millionar kroner i september og oktober 2007. Dette er ein auke på 10 prosent jamført med same periode året før.

Tabeller: