10873_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/kloakk/termin
10873
Omsetningsauke for avløps- og renovasjonsverksemd
statistikk
2007-09-05T10:00:00.000Z
Natur og miljø
no
kloakk, Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetningVann og avløp, Natur og miljø
false

Avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning2. termin 2007

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Omsetningsauke for avløps- og renovasjonsverksemd

I mars og april 2007 omsette avløps- og renovasjonsverksemd for over 2,2 milliardar kroner. Samanlikna med tilsvarande periode i 2006 er dette ei auke på 14 prosent.

Avløps- og renovasjonsverksemb. Millionar kroner

I 2. termin 2007 sto omsetninga innanfor næringsgruppa innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. I mars og april 2007 hadde denne næringsgruppa ei omsetning på over 1,9 milliardar kroner, ein auke på 15 prosent samanlikna med same periode i 2006.

Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn, hadde ei omsetning på 220 millionar kroner i mars og april i fjor. Dette er ei auke i omsetninga på 20 prosent jamført med den same perioden i 2006.

Mindre omsetning for miljøbedrifter

Bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd, hadde ei omsetning på 74 millionar kroner i 2. termin 2007. Omsetninga gjekk ned med 14 prosent jamført med den same perioden året før.

Tabeller: