Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Areal av land og ferskvatn
Emne: Natur og miljø
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Kommuneinndelinga er ei administrativ inndeling av Noreg og representerer det lokale sjølvstyret. Kommune er nemninga både på eit politisk og forvaltningsmessig nivå og nemninga på eit regionalt nivå i statistikken. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)
Landet er delt inn i ca. 14 000 grunnkrinsar. Føremålet med å dele kommunane inn i grunnkrinsar er å lage små, stabile geografiske einingar som kan gje eit fleksibelt grunnlag for å arbeide med og presentere regionalstatistikk. Føremålet med dette er igjen å gje eit meir effektivt statistisk grunnlag for kommunal og regional analyse, forvaltning og planleggjing.
I tillegg til at grunnkrinsar skal vere stabile over ein rimeleg tidsperiode, skal die også bestå av eit geografisk samanhengande område. Eit anna hovudkriterium er at grunnkrinsane bør vere mest mogleg einsarta når det gjeld natur og næringsgrunnlag, kommunikasjonsforhold og bygningsmessig struktur. (Sjå NOS C513 Regionale inndelingar for nærare utgreiing.)
Areal vert oppgjeve i kvadratkilometer.
Landarealet er alt areal av fastland og øyer unntatt ferskvatn slik det er kartlagt i Statens kartverks N50:
"Alle øyer som er større enn 300 m2; og bredere enn 15 m tas med. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."
Ferskvatn omfattar innsjøer og elveflater slik dei er avgrensa i N50:
"Innsjøer som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m tas med. Øyer i innsjø som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m tas med. Innsjøer og øyer som er under minstemålet som anses så viktige at de beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes. Innsjøkonturen legges av etter normalvannstand. Ved oppdemte og regulerte innsjøer benyttes høyeste regulerte vannstand (HRV).
Elver bredere enn 15 m og lengre enn 100 m danner elveflater. Mellom to innsjøer kan elveflaten være kortere. Øy i elv som er større enn 300 m2 og bredere enn 15 m, beholdes. Øyer under minstemålet som anses så viktige at de bør beholdes, skal overdrives slik at minstemålet overholdes."
-
Standard klassifikasjonar
-
Landareal, areal av ferskvatn (innsjø og større elver). Statistikken kan verte utvida med fleire klasser.
Tilleggsinformasjon
Statistikken er basert på Kartverkets serie N50 og S100 frå Norsk polarinstitutt. SSB har også en arealstatistikk som er basert på dei mest detaljerte karta i Norge og med fleire arealklasser: Arealstat.