Økonomiske analyser, 3/2009

Måling og feilmåling av miljøavgifter

Publisert:

Miljøavgifter skal korrigere for negative miljøkonsekvensar som marknadsaktørane ikkje tek omsyn til. Denne artikkelen ser nærare på teorien for miljøavgifter, og kor stort omfanget av slike avgifter er i Norge. Eurostat og OECD samlar inn tal for «miljørelaterte avgifter». Disse omfattar alle avgifter som er relaterte til energibruk, transport og miljø, og inkluderer dermed ei rekkje avgifter som er grunna i at dei skal skaffe inntekter til staten. Fleire av disse har uklare eller kan ha negative miljøeffektar, medan andre med klar miljørelevans er eksplisitt unntatt. Vi anslår provenyet frå dei norske miljøavgiftene som følgjer av ei teoretisk drøfting av eksterne effektar. Provenyet utgjer berre ein femdel av det Eurostat og OECD omtaler som «miljørelaterte avgifter ». Resten er hovudsakeleg fiskale bilavgifter. Skal ein utarbeide internasjonal statistikk over inntekter frå miljøavgifter, bør avgiftsgrunnlaget vere knytt til dei eksterne verknadane disse skal korrigere for

Åpne og les artikkelen i PDF

Kontakt