Rapporter 2019/5

Tilstand og utvikling

Jordbruk og miljø 2018

Rapporten Jordbruk og miljø gir statistikk som kastar lys over status og utvikling i høve til miljømåla for jordbruksnæringa.

Framstillinga er inndelt etter ulike tema, mellom anna basisinformasjon om jordbruket, arealforvaltning, økologisk jordbruk, gjødsling, plantevern, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav samt utslepp til luft. Det geografiske dekningsområdet er heile landet. Statistikken bygger på eit bredt utval av datakjelder både i og utanfor SSB.

Jordbruksareal og jordbruksbedrifter

Frå 1999 til 2017 er jordbruksarealet i drift redusert med 5 prosent til 9,85 millionar dekar. Fulldyrka jordbruksareal er redusert med 9 prosent til 8,05 millionar dekar, medan areal med innmarksbeite har auka med 32 prosent til 1,61 millionar dekar. Frå 1999 til 2017 er talet på jordbruksbedrifter redusert med 43 prosent. Totalt var det 40 300 aktive jordbruksbedrifter i 2017.

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord

I 2017 blei det omdisponert 8 800 dekar jord til andre føremål enn landbruk, fordelt på 4 000 dekar dyrka jord og 4 800 dekar dyrkbar jord.

Økologisk jordbruk

Det godkjente økologiske jordbruksarealet i drift og karensarealet omfatta 470 400 dekar, eller 4,8 prosent, av jordbruksarealet i 2017. Talet på økologiske jordbruks¬bedrifter var om lag 2 000 og utgjorde 5,1 prosent av alle jordbruksbedriftene.

Kulturlandskap

I 2017 budde 7 prosent av befolkninga på ein landbrukseigedom. Om lag 21 prosent av dei 146 100 landbrukseigedomane med bustadhus var utan fast busetjing. Det var 861 setrar i drift i 2017. Frå 2000 er talet på jordbruksbedrifter med seterdrift redusert med 58 prosent, og i 2017 var det 1 100 jordbruksbedrifter med seter eller med del i seter.

Gjødsel

Sum verdistoff i handelsgjødsel var i 2016/2017 om lag på same nivå som på slutten av 1960-talet. Omsetnaden av nitrogen i handelsgjødsel var på same nivå som på midten av 1970-talet. Omsetnaden av fosfor i handelsgjødsel har sidan rundt 1990 vore lågare enn omsetnaden på 1950-talet.

Plantevern

Mattilsynet har utvikla risikoindikatorar som viser helse- og miljørisiko ved bruk av plantevernmiddel. Berekningane baserer seg mellom anna på tal frå under¬søkingane om bruk av plantevernmiddel på friland. I 2011 var bruken om lag den same som ved den første undersøkinga i 2001, medan miljø- og helserisiko var redusert med høvesvis 15 og 18 prosentpoeng. Bruken i 2014 auka med 3 prosent¬poeng, medan helse- og miljørisikoen minka høvesvis med 1 og 15 prosent¬poeng samanlikna med 2001.

Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav

EU sitt rammedirektiv for vatn har som mål at alle ferskvassførekomstar i Noreg skal ha ein god økologisk tilstand innan 2021. Av dei klassifiserte vass-føre¬komstane i Noreg, er 76 prosent i god eller særs god tilstand, medan 24 prosent har moderat eller dårlegare tilstand.

Utslepp til luft frå jordbruket

I 2017 stod jordbruket for 75 prosent av totale utslepp av lystgass (N2O) i Noreg. Utslepp av ammoniakk (NH3) frå jordbruk har dei seinaste åra utgjort over 90 prosent av dei totale utsleppa i landet.

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø 2018. Tilstand og utvikling

Ansvarleg

Anne Snellingen Bye, Per Amund Aarstad, Anne Ingun Løvberget, Ole Rognstad og Berit Storbråten

Serie og -nummer

Rapporter 2019/5

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Emne

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9891-2

ISBN (trykt)

978-82-537-9890-5

ISSN

0806-2056

Tal sider

183

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt