Rapporter 2009/37

Tilstand og utvikling 2009

Jordbruk og miljø

Rapporten Jordbruk og miljø omhandlar tilstand og utvikling for gjennomføring av miljøtiltak i dei ulike resultatområda for jordbruket.

Landbruks- og matdepartementet har satt opp miljømål for landbruksnæringa. I denne rapporten blir utvikling på sentrale område vurdert opp mot desse måla.

Strukturen i jordbruket

Av det totale landarealet i Noreg utgjer jordbruksareala om lag 3,3 prosent. Det registrerte jordbruksarealet i drift i 2008 utgjorde 10,24 millionar dekar. Frå 2002 har jordbruksarealet i drift blitt redusert kvart år, med til saman 225 500 dekar i perioden 2002-2008.

Areal av open åker utgjorde 35 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2008, medan areal av eng og beite var den største kategorien med 65 prosent. Fulldyrka jordbruksareal er den mest fruktbare jorda og utgjorde 83 prosent av totalt jordbruksareal i drift i 2008, tilsvarande tall i 2002 var 84 prosent.

Talet på jordbruksbedrifter er redusert kraftig i etterkrigstida, og denne utviklinga held fram på 2000-talet. Frå 2000 til 2008 er talet på bedrifter redusert med 29 prosent. Totalt var det knapt 49 000 jordbruksbedrifter i 2008.

Med stadig færre jordbruksbedrifter og små endringar i jordbruksarealet, aukar omfanget av jordleige. I 1979 var 20 prosent av jordbruksarealet i drift leigejord, medan omfanget i 2008 hadde auka til 40 prosent.

Arealforvaltning

Nedbygging av god matjord kan vere ein trussel for framtidig matvaretryggleik. I perioden 1980-2002 auka den årlege tillate omdisponeringa av dyrka jord frå om lag 7 000 dekar til nær 16 000 dekar. Frå 2002-2008 er den årlege tillate omdisponering nærare halvert, til om lag totalt 8 600 dekar i 2008. Av dette blei 7 100 dekar dyrka jord tillate omdisponert til andre føremål enn landbruk. Generelt er det dyrka jord av høg kvalitet som blir omdisponert til andre føremål.

For dyrkbar jord viser dei årlege tala for tillate omdisponering store variasjonar frå år til år. Dyrkbar jord som blei tillate omdisponert var nede i 2 600 dekar i 2000, men har deretter auka igjen til totalt 7 800 dekar i 2008. Av dette blei 6 800 dekar dyrkbar jord tillate omdisponert til andre føremål enn landbruk.

Areal godkjent for nydyrking er aukande, og i alt blei 14 100 dekar godkjent for nydyrking i 2008.

Økologisk jordbruk

Regjeringa har satt som mål at 15 prosent av produksjonen og forbruk av mat i Noreg skal vere økologisk innan 2015. Tal for 2008 viser at berre 2,9 prosent av produksjonen av egg og 2,1 prosent av mjølk var økologisk. Økologisk sauekjøtt stod for 2,2 prosent av den totale produksjonen, medan svinekjøtt stod for 0,1 prosent.

Det økologisk drive arealet er aukande kvart år, og i alt blei 3,9 prosent av jordbruksarealet drive økologisk i 2008. Etter fleire år med marginal auke i talet på bedrifter med økologisk drift, er det registrert eit lite oppsving igjen dei to siste åra, til 2 700 bedrifter i 2008.

Biologisk mangfald

Området ”Verdifulle kulturlandskap” i Regionale miljøprogram omfattar ei rekke ordningar for å ta vare på biologisk mangfald og heilskapen i kulturlandskapet. I 2008 blei det gitt 81 mill. kroner i tilskot, ein auke på 22 mill. kroner sidan startåret 2005.

Gjennom den kommunale tilskotsordninga SMIL blei det i 2008 gitt 44,6 mill. kroner i tilskot til 3 250 tiltak for områda biologisk mangfald og til bevaring av gammal kulturmark.

Frå 2000 til 2008 har produksjonstilskot til bevaringsverdige storferasar auka frå 0,9 til 3 mill. kroner. I 2008 blei det gitt tilskot til 2 500 kyr og 400 oksar.

Kulturlandskap

Nær 10 prosent av befolkninga bur på ein landbrukseigedom. Busetjing er viktig for mellom anna å vedlikehalde bygningar og kulturlandskapet. Om lag 21 prosent av dei 159 700 landbrukseigedomane med bustadbygning var utan fast busetjing i 2007.

Talet på setrar er monaleg redusert. I 2008 blei det gjennom Regionale miljøprogram gitt eit tilskot på 35,2 millionar kroner til drift av 1 260 setrar.

I 2008 blei det gitt tilskot til 2,18 millionar husdyr på utmarksbeite. Tal frå søknader om produksjonstilskot viser at det har vore ein nedgang i talet på husdyr på utmarksbeite på 8,2 prosent frå 2005 til 2008.

Gjennomsnittleg storleik for ein teig og for eit jordstykke i 1999 var respektive 47 dekar og 23 dekar. I 2002 blei det registrert eit snitt på 50 dekar per teig og 24 dekar per jordstykke.

Totalt blei det utbetalt 208,5 millionar kroner til kulturlandskapstiltak i Regionale miljøprogram for 2008.Av dette gjekk 53 prosent til ”Attgroing”, 39 prosent til ”Verdifulle kulturlandskap”, 3 prosent til ”Tilgang/friluftsliv” og 4 prosent til ”Kulturminneverdiar”. Det blei i tillegg gitt 107,9 millionar kronar i tilskot til kulturlandskapstiltak gjennom SMIL-ordninga.

Tal frå overvakingsprogrammet 3Q viser at jordstykka aukar i storleik samtidig som indeksen for landskapsvariasjon aukar. Auka variasjon skuldast truleg at det kjem andre element inn i jordbrukslandskapet, eller at kantsonar eller restareal får meir preg av skog eller busker.

Gjødsel Tilgjengeleg mengd husdyrgjødsel har blitt redusert dei siste ti åra. Omregna til ei felles eining for den mengd gjødsel husdyra utskil, var det i alt 854 000 gjødseldyreiningar i 2008. Målt i næringsstoff kjem om lag ein fjerdedel av alt nitrogen, og nær halvparten av alt fosfor som nyttast i jordbruket frå husdyrgjødsel.

I 2000/01 blei det omsett 12 400 tonn fosfor, dette er den lågaste omsetnaden av fosfor som er registrert sia 1949/50. Også omsetninga av nitrogen var låg i 2000/01 med 100 600 tonn. Etter 2000/01 har det vore ein relativt stabil omsetnad av fosfor, nitrogen og kalium. Unnataket er 2007/08 da stor prisauke førte til stor hamstring i marknaden og uvanleg høge tall for omsetnad av nitrogen og fosfor.

Plantevern

Bruk av plantevernmiddel kan variere frå år til år, og særleg bruk av soppmiddel og skadedyrmiddel heng nært saman med vêrforholda. Det totale forbruket av plantevernmiddel, målt som aktivt stoff, auka frå 318,5 tonn i 2001 til 357,1 tonn i 2003. I 2005 blei det registrert bruk av 353,5 tonn plantevernmiddel.

Det er stor skilnad i kor ofte ulike vekstar blir behandla. I 2005 blei det registrert flest behandlingar i produksjon av eple, med eit gjennomsnitt på 8,3 behandlingar gjennom vekstsesongen. Blant korn- og oljevekstar varierte frekvensen frå gjennomsnittleg 1,3 behandlingar i havre til 2,4 i haustkveite.

Omsett mengd av plantevernmiddel har blitt sterkt redusert sia 1970-talet og nedgangen er i stor grad ein effekt av overgang frå preparat som krev store doser til lågdosemiddel mot ugras i korndyrking.

Energibruk

Bruk av elektrisitet i husdyrproduksjon og planteproduksjon på friland blei redusert med 6,5 prosent frå 2001 til 2005, til 1,11 milliardar kWh. I den same perioden er talet på jordbruksbedrifter redusert, og ser ein på forbruk per eining har strømforbruket auka med om lag 2 000 kWh.

I veksthusnæringa blei det i 2006 brukt 543 833 MWh elektrisitet. Det er ein auke på 8,9 prosent frå 1998. Over tid ser ein klare endringar i bruk av energikjelder i veksthusnæringa. Fyringsolje og kol var tidligare viktige oppvarmingskjelder, men har over tid blitt erstatta av meir miljøvennlege energikjelder som bioenergi og gass.

Tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav

Vassdirektivet som Noreg er underlagt, delar inn landet i ”vassregionar”, og hovudmålet er at alle vassførekomstar skal ha ”god tilstand” både med omsyn til forureining og biologisk mangfald.

Storleiken på dei menneskeskapte utsleppa av næringssalt – fosfor og nitrogen – frå jordbruket til vassmiljøet varierar markant mellom dei ulike regionane i landet. I prosent av totalt utslepp innan dei einskilde vassregionane er det spesielt Glomma og Vest-Viken som har dei største bidraga av fosfor og nitrogen frå jordbruket med høvesvis 48 og 51 prosent for fosfor og 60 og 50 prosent for nitrogen. Akvakultur, som er den enkeltnæringa med høgast totale utslepp (samanlikna med industri, jordbruk og kommunalt avløp), er nærast fråverande i desse områda. Jordbruket kommer derfor prosentmessig spesielt høgt ut her.

Areal med korn og oljevekstar til modning utgjorde i 2008 om lag 3,13 mill. dekar, eller 30,6 prosent av jordbruksarealet i drift. I perioden 2000-2008 er kornarealet blitt redusert med 230 000 dekar. Tal frå tilskotsordningane Endra jordarbeiding og Regionale miljøprogram viser at haustpløgd areal utgjorde 43 prosent av kornarealet hausten 2008 mot 59 prosent i 2000.

 

I Regionale miljøprogram blei det i 2008 gitt tilskot på 163,6 mill. kroner til tiltak mot avrenning til vassdrag, t.d. endra jordarbeiding, fangvekstar og grasdekte vassvegar. Det blei gitt tilskot til i alt 2,05 mill dekar jordbruksareal. Det er 0,18 mill. dekar jordbruksareal meir enn i 2005.

 

Utslepp til luft frå jordbruket

Førebels tal for 2008 viser at jordbruket står for over halvparten av dei totale utsleppa av lystgass (N2O) i Noreg. Lystgass er ein kraftig klimagass, 310 gonger sterkare enn karbondioksid (CO2). Utslepp som stammer frå husdyr- og handelsgjødsel står for 78 prosent av lystgassutsleppa frå jordbruket.

Husdyrproduksjon står for nesten alle utsleppa av metan (CH4) i jordbruket, og saman med avfallsdeponi er dette også den viktigaste kjelda for totalutsleppa. Husdyra slepp ut metan direkte som tarmgass og indirekte gjennom gjødsla dei produserer, og sto i 2008 for 50 prosent av dei totale metanutsleppa i Noreg. Metan er 21 gonger sterkare klimagass enn karbondioksid (CO2).

Når det gjeld ammoniakk, som er ein forsurande gass, kan om lag 90 prosent av utsleppa knytast til ulike jordbruksaktivitetar.

Avfall og gjenvinning

For 2007 blei det registrert innlevering av plastavfall frå jordbruket på i underkant av 8 350 tonn. Dette er primært folie (rundballeplast) og PP-sekkar (gjødsel- og såkornsekkar). I tillegg finnast det også betydeleg mengder fiberduk og solfangerfolie, flasker, kanner og brett.

Farleg avfall innlevert frå jordbruket låg på om lag 400 tonn i 2007. Hovudparten av det farlege avfallet frå jordbruket bestod av ulike oljeprodukt (74 prosent).

 

 

Om publikasjonen

Tittel

Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2009

Ansvarlig

Geir Inge Gundersen

Serie og -nummer

Rapporter 2009/37

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Emner

Jordbruk, Forurensning og klima

ISBN (elektronisk)

978-82-537-7664-4

ISSN

0806-2056

Antall sider

102

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt