Ny modell for berekning av utslepp av NMVOC frå bruk av løysemiddel og andre produkt

Høge utslepp frå bruk av løysemiddel

Publisert:

Noreg har vesentleg høgare utslepp av flyktige, organiske sambindingar frå bruk av løysemiddel og andre produkt per innbyggjar enn til dømes Sverige og Storbritannia. Mykje byggjeaktivitet og oppussing gjer at utsleppa frå måling og lakk er særskilt høge, medan det norske klimaet gjer at vi får høgare utslepp frå produksjon av silogras enn andre land.

Flyktige organiske sambindingar utanom metan (NMVOC) kan reagere med NO X -gassar og skape ozon på bakkenivå. Medan ozon er ønskjeleg i stratosfæren, er det òg ein giftig gass som ved bakken skader helsa til menneske, vegetasjon og bygningar. Difor er det ei målsetjing å redusere utsleppa av desse stoffa.

Dei samla tala for NMVOC-utslepp har gått ned dei seinare åra, men utsleppa frå Noreg ligg framleis knappe 2 prosent over målet vi har skrive under på ifølgje Gøteborgprotokollen (sjå tekstboks). I 2007 blei det sleppt ut 199 000 tonn NMVOC. Dei viktigaste kjeldene til NMVOC- utslepp er prosessutsleppa frå olje- og gassverksemda (37 prosent i 2007) og utslepp frå bruk av løysemiddel (ca. 25 prosent i 2007). Den viktigaste årsaka til nedgangen i dei totale utsleppa er påbod frå SFT om at lasting og lagring av råolje på sokkelen skal skje med bruk av teknologi som reduserer NMVOC-utsleppa (Statistisk sentralbyrå 2009a).

Utsleppa av NMVOC frå bruk av løysemiddel og andre produkt er vesentleg høgare per innbyggjar i Noreg enn i Sverige og Storbritannia som begge er land det er naturleg å samanlikne seg med (se tabell). Sverige og Storbritannia brukar tilnærma same metodikk for å berekne utslepp av NMVOC frå løysemiddel og har óg samanliknbare kostnadsnivå og levestandard. Merk at for internasjonal samanlikning har måtte vi bruke tala for 2005.

Utslepp av NMVOC, fordelt på kjelder. 2005
 
Kjelde Noreg Sverige Storbritannia
 
Totalt      
Kilotonn 51,9 70,1  405,2
Kilo per innbyggjar 11,2 7,8 6,7
Bruk av måling og lakk      
Kilotonn 11,4 16,7  117,3
Kilo per innbyggjar 2,5 1,8 1,9
Avfettingsmiddel og reinseriverksemd      
Kilotonn 0,6 0,1 30,8
Kilo per innbyggjar 0,1 0,01 0,5
Produksjon og prosessering av kjemiske produkt      
Kilotonn 0,9 0,8 14,8
Kilo per tilsett i kjemisk industri 66,0 21,4 1 69,5
Andre      
Kilotonn 39,0 52,5  242,3
Kilo per innbyggjar 8,4 5,8 4,0
Av dette ensileringsmiddel      
Kilotonn 3,6 : :
Kilo per dekar eng til slått og beite 0,6 : :
 
1   Talet på tilsette i kjemisk industri er frå 2007.
Kjelde:  BERR (2008), CEIP (2008), FN (2008), Statistiska centralbyrån (2009), Statistisk sentralbyrå (2009b), Statistisk sentralbyrå (2009d).

Vi pussar opp støtt

SSB har berekna utslepp frå bruk av måling og lakk til å vere mykje høgare i Noreg enn i Sverige og Storbritannia. Denne kjelda inneheld ikkje berre utslepp frå måling og lakk brukt i private heimar, men òg utslepp frå bruk av måling i industrien, og forskjellen mellom landa kan difor kome av ulik bruk innanfor denne næringa. I Noreg stamma om lag tre fjerdedelar av utsleppa frå måling og lakk frå bruk av dekorativ måling, altså det som blir brukt inne og ute i private hus og kontorbygg. Resten blei brukt i industrien. Dette gjev eit utslepp frå bruk av dekorativ måling på 1,8 kilo per innbyggjar i 2005.

Dei høge utsleppa kan kome av at nordmenn er ”verdsmeistrar i å pusse opp” (se figur). Vintersesongen er lang, og me brukar mykje av fritida heime. I 2002 blei det selt måling og materialar til oppussing og vedlikehald av bustader for over 13 milliardar kroner i Noreg (Statistisk sentralbyrå 2002a), og i 2000 opplyste 6 prosent av befolkninga at dei dreiv med desse syslane, og dei brukte i gjennomsnitt to timar og seksten minuttar kvar dag på oppgåva, ifølgje tidsbrukundersøkinga til SSB (Statistisk sentralbyrå 2002b).

NMVOC- utfordringar og avtaleverk

NMVOC (Non-Methane Volatile Organic Compounds) er flyktige organiske sambindingar (utanom metan) som har et damptrykk på 0,01 kPa eller meir ved tjue grader Celsius, eller som er tilsvarande flyktige ved bruk.

 

NMVOC er ein ozonforløpar. Det betyr at stoffet reagerar med NO x -gassar ved sollys, og det dannast ozon. Medan ozon er ein viktig gass i stratosfæren, der den medverkar til å dempe dei farlege strålane frå sola, er bakkenær ozon uønskja, med skadeverkingar på menneske og andre dyr, plantar og bygningar.

 

På grunn av dei skadelege effektane av NMVOC, skal Noreg avgrense utsleppa av desse stoffa til 195 000 tonn frå 2010. Dette er ei følgje av at vi har skreve under på Gøteborg-protokollen, som er ein av protokollane til konvensjonen for langtransportert grenseoverskridande luftforureining (LRTAP). Noreg rapporterar utslepp av NMVOC til LRTAP kvart år.

 

I tillegg til å vera ein ozonforløpar, er NMVOC ei indirekte kjelde til CO 2 -utslepp. Dette er fordi stoffa oksiderar til CO 2 etter ei tid i atmosfæren. Utslepp av NMVOC rapporterast difor òg til FN som ei følgje av forpliktingane til Noreg i samband med Kyoto-protokollen.


Tala om forbruk i samband med reparasjon og vedlikehald av bustader er henta frå forbrukarundersøkingane i dei respektive landa (Office for National Statistics 2005; Statistisk sentralbyrå 2008; Statistiska centralbyrån 2008). Dette er utvalsundersøkingar, og gjev berre ein indikasjon på forbruket i det enkelte land. Rett nok er byggjekostnadene i Noreg blant dei høgaste i Europa, og dette inneber nok at òg byggjematerialar, slik som måling og lakk, ligg høgare i pris enn i dei andre europeiske landa (Statistisk sentralbyrå 2009c). På den andre sida viser den europeiske kjøpekraftundersøkinga 2007 (Statistisk sentralbyrå 2009c) at Sverige og Storbritannia òg ligg på Europatoppen i høge byggjekostnader. Samanlikninga mellom desse landa er med andre ord likevel relevant.

Blaute og kalde somrar

I kategorien ”andre” i tabell 1 ligg utslepp frå kjelder som ikkje passar inn i dei andre kategoriane. Det kan vere utslepp frå private heimar eller frå produkt og føretak som ikkje høyrer naturleg heime nokon annan stad i rekneskapen, slik som ensileringsmiddel (stoff som blir nytta til å konservere gras i silo) nytta i landbruket. Det er særleg i denne kategorien at Noreg skil seg ut med særs høge utslepp.

Utsleppa frå maursyre i siloproduksjon stod i 2005 for 7 prosent av utsleppa av NMVOC frå løysemiddel og andre produkt, og stoffet hadde det fjerde største utsleppet i Noreg, med om lag 0.8 kilo per innbyggjar. Til samanlikning er maursyre ikkje eingong på lista over dei 50 mest utbreidde NMVOC-ane i Storbritannia (UK Emissions Inventory Team, AEA 2008). Årsaka kan vere ulike driftsmønster i landbruket grunna andre klimatiske omstende i Noreg.

 

Noreg har òg eit høgt forbruk av ensileringsmiddel samanlikna med Sverige og Danmark, på tross av at Noreg brukar eit mindre jordbruksareal til dyrking av fôr. Årsaka til at det blir nytta og sleppt ut mykje ensileringsmiddel i Noreg er difor ikkje mengda fôr dyrka, men strukturen på fôring og fôrproduksjonen. Medan vintergrovfôret i Noreg består nesten utelukkande av grassurfôr (ensileringsmiddel blir nytta i konserveringa), består det danske vinterfôret berre av ein tredjedel grassurfôr. I tillegg er forholda for ensilering vanskelege i Noreg. Innhaldet av vatten i graset er høgare enn i nabolanda våre, medan innhaldet av sukker er lågare i dei grasartane som blir nytta i norsk landbruk (Selmer-Olsen 2006). På grunn av desse høva er god ensilering viktig i Noreg, og forbruket av ensileringmiddel blir høgt. Det er òg slik at den norske sommaren er våtare og sesongen for bruk av beite kortare i Noreg enn i Sverige og Danmark.

Ny modell for berekning av NMVOC-utslepp frå bruk av løysemiddel og andre produkt

I statistikken over utslepp til luft utarbeidde SSB i 2008 ein ny satellittmodell for berekning av utslepp av NMVOC frå bruk av løysemiddel og andre produkt (les rapporten her ). I samband med prosjektet har ein gått i detalj og funne kva som er dei viktigaste kjeldene til utsleppa.

 

Utsleppa blir berekna for kvart enkelt stoff etter formelen

 

Forbruk = Import - eksport + produksjon

 

Utslepp = Utsleppsfaktor * Forbruk

 

Dei totale utsleppa blir deretter berekna som summen av enkeltutsleppa. I den tidlegare løysemiddelmodellen blei utslepp av NMVOC berekna ved å bruke tal for import, eksport og produksjon av produkt som inneheldt løysemiddel. Denne metoden kravde føresetnader knytte til både løysemiddelinnhald og utsleppsfaktorar. Den nye løysemiddelmodellen brukar data frå Produktregisteret. Informasjonen frå Produktregisteret inneheld opplysingar om mengda og bruksområda for stoff som er importert, eksportert eller produsert i Noreg i mengd over 100 kilo per år. Informasjonen ligg føre på stoffnivå, så ein treng ikkje lengre gjere føresetnader om løysemiddelinnhald i produkta. Stoff som er flyktige organiske sambindingar er identifiserte og dannar datagrunnlaget for berekningane.

 

Produktregisteret har utvikla seg over tid, og dekkjer stadig fleire produkt og stoff. Data frå Produktregisteret er vurdert til å vere av tilstrekkeleg kvalitet frå 2005, og justerte tal frå den gamle løysemiddelmodellen er brukt for åra frå 1989 og fram til 2005.

 

Berekningsmetodane for utslepp av NMVOC frå andre kjelder, som oljelasting ved olje- og gassutvinning og bensinbruk, er ikkje endra. Overgangen til ny modell for berekning av utslepp frå løysemiddel og andre produkt har ført til at kjelda ”Løysemiddel og andre produkt” no blir berekna til å stå for en høgare del av dei totale utsleppa av NMVOC. I mai 2008 blei førebelse tal publiserte, og då inngjekk tal frå den gamle løysemiddelmodellen. I desse berekningane stod denne kjelda for 22,1 prosent av dei samla utsleppa av NMVOC i 2007. I dei endelege utsleppsberekningane inngjekk tal frå den nye modellen, og denne kjelda blei då rekna til å stå for 24,5 prosent same året.

 

Referansar

BERR (2008) Small and Medium - sized Enterprise ( SME ) Statistics for the UK and Regions 2007

CEIP (2008): Officially reported emission data . Frå: http://www.ceip.at/emission-data-webdab/emission-as-reported-by-parties/

FN (2008): 2005 Demographic yearbook . Fifty - seventh issue . FN, Department of Economic and Social Affairs, ST/ESA//STAT/SER.R/36 Frå: http://unstats.un.org/unsd/demographic/products/dyb/dybsets/2005%20DYB.pdf

Office for National Statistics (2005): Family spending . A report on the 2004 - 05 expenditure and food survey . Frå: www.statistics.gov.uk

Selmer-Olsen, I. (2006): Bruk av ensileringsmiddel til å styre surfôrgjæringa i både retning og omfang . I. Plantemøtet Østlandet 2006- Plantevern, jord og miljø, økologisk jordbruk, korn, potet, grovfôr, kulturlandskap, grønnsaker (Red. Kristoffersen, A.Ø.) Bioforsk, side 174-175.

Statistisk sentralbyrå (2002a): Næringsvirksomhet , salgsinntekter etter varegruppe . Tabell 05076 i Statistikkbanken. 

Statistisk sentralbyrå (2002b): Til alle døgnets timer . Frå: http://www.ssb.no/emner/00/02/20/tidsbruk/index.html

Statistisk sentralbyrå (2008): Forbruksundersøkelsen 2005 - 2007 . Frå: http://www.ssb.no/emner/05/02/fbu/index.html

Statistisk sentralbyrå (2009a): Økning i NOX - utslipp . Frå: http://www.ssb.no/emner/01/04/10/agassn/

Statistisk sentralbyrå (2009b): Næringsvirksomhet . Tabell 03109 i Statistikkbanken.

Statistisk sentralbyrå (2009c): Dyrt å bygge i Norge . Frå: http://www.ssb.no/pppvare/

Statistisk sentralbyrå (2009d): Jordbruk og skogbruk . Tabell 04414 i Statistikkbanken.

Statistiska centralbyrån (2008): Hushållens ekonomi . Frå: www.scb.se

Statistiska centralbyrån (2009): Näringsverksamhet

UK Emissions Inventory Team, AEA (2008): UK emissions of air pollutants 1970 to 2006 . AEA Report, pp 1-194

Kontakt