Statistikk mot år 2000: 1994-1995

Gjenvinning av papir tek av

Publisert:

Mengda papiravfall voks med 45 prosent frå 1976 til 1997. I heile denne perioden auka papiravfallet i takt med utviklinga i økonomien. Gjenvinning av papir og papp tok til for alvor på midten av nittitalet.

Nær dobbelt så mykje papiravfall vart gjenvunne i 1995 som i 1990, og to år seinare var gjenvinning den vanlegaste handsaminga av dette avfallet.

Miljøengasjement som breidde om seg på nittitalet gir klare utslag i statistikken. Medan om lag 120 000 tonn papir- og pappavfall vart sendt til gjenvinning i 1976, vart nær 350 000 tonn av dette avfallet gjenvunne i 1995. Frå 1976 og fram til 1990 vart mellom 15 og 20 prosent av papir- og pappavfallet gjenvunne. På nittitalet skaut gjenvinninga fart, og i 1995 hadde delen auka til 37 prosent. Resultatet av at meir avfall vert samla inn er at stadig mindre ender på deponi. I 1976 gjekk 73 prosent av papir- og pappavfallet til deponi, medan tilsvarande tal for 1997 var 41 prosent. Dette var òg første gongen det gjekk meir papir- og pappavfall til gjenvinning enn til deponi.

Figur: Papiravfall i tonn, etter produktkategoriar. 1976-1997

Den totale mengda papir- og pappavfall aukar

Samtidig voks den totale mengda papir- og pappavfall med 245 000 tonn frå 1976 til 1995. Dei totale mengdene papir- og pappavfall stabiliserte seg ei stund på nittitalet, men auka igjen frå 1996 til 1997 då den totale mengda kom opp i 990 000 tonn. Det ser ikkje ut til at overgangen frå skrivemaskiner til datamaskiner og etter kvart PC-ar førte til eit lågare forbruk av papir. Dei årlege avfallsmengdene frå trykksaker har til dømes auka med over 100 000 tonn frå 1990 til 1997. I dag vert stadig fleire aviser og magasin tilgjengeleg på Internett, og kommunikasjon med e-post er blitt daglegdags for mange av oss. Til tross for dette tilseier framskrivingar av avfallsmengdene ein vekst i papiravfallet på nær 30 prosent fram til 2010.

Samanheng mellom papir- og pappavfall og privat konsum

Ein førebels analyse tyder på at mengdene papir- og pappavfall svingar i takt med den økonomiske utviklinga og privat forbruk. Sjølv om den totale mengda papir- og pappavfall også inkluderer avfall frå næringslivet, er samsvaret med forbruket i dei private hushalda iaugefallande. I figuren er dei totale forbruksutgiftene hos eit gjennomsnittshushald stilt saman med den totale mengda papir- og pappavfall. Denne samanhengen er også bakgrunnen for framskrivingar av hushaldavfallet.

Figur: Samanheng mellom forbruk i hushalda og papir- og pappavfall. 1976-1997

Ut frå denne samanstillinga kan det sjå ut til at avfallsmengdene aukar i økonomiske oppgangstider, medan nedgangstider resulterer i lågare avfallsmengder. I Stortingsmelding nr. 8 (1999-2000) er eit av hovudmåla at utviklinga i generert mengd avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten. Ifølgje Statistisk sentralbyrå sine prognosar forventast ein vekst i avfallsmengdene som ligg 10 prosentpoeng under BNP-veksten, ved uendra politikk. Det kan dermed sjå ut til at dette resultatmålet vil bli innfridd.

På veg mot gjenvinningsmålet

Det andre hovudmålet i den nemnte stortingsmeldinga er at mengda avfall som går til slutthandsaming, det vil seie deponi eller forbrenning utan energiutnytting, skal reduserast til 25 prosent av generert avfallsmengd innan 2010. Dette inneber at vi om vel ti år skal materialgjenvinne eller energiutnytte 75 prosent av dei samla avfallsmengdene. Dette målet gjeld i utgangspunktet den totale avfallsmengda i Noreg, ikkje nødvendigvis enkle fraksjonar som papir og papp. Det kan like fullt vere interessant å følgje dei enkelte fraksjonane for å sjå korleis dei ligg an i høve til målet. Ifølgje ei førebels utrekning kan det sjå ut til at slutthandsamingsdelen var på 50 prosent i 1995. I 1997 var denne delen redusert til om lag 43 prosent, medan rundt 57 prosent av avfallet blei materialgjenvunne eller energiutnytta.

 

Kjelde:

  • Avfallsrekneskap for papir, 1997, Statistisk sentralbyrå.
  • Forbruksundersøkelsen, 1997, Statistisk sentralbyrå.
  • Bruvoll, A. og K. Ibenholt (1999): Framskrivning av avfallsmengder og miljøbelastninger knyttet til sluttbehandling av avfall, Rapporter 99/32, Statistisk sentralbyrå.
  • Stortingsmelding nr. 8 (1999-2000): Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, Miljøverndepartementet.
  • Returpapirstatistikk, Prosessindustriens Landsforening.


Kontakt