Jordbruk og miljø, 2003

Gardbrukaren tek meir omsyn til miljøet

Publisert:

Norsk jordbruk har blitt meir miljøvennleg dei siste 10 åra. Til dømes har bruken av handelsgjødsel og plantevernmiddel gått ned, omfanget av haustpløgsel er redusert over tid og stadig meir landbruksplast blir samla inn og gjenvunne. Men ei større utfordring for jordbruket er signala om at kulturlandskapet fleire stader gror att.

"Mange bekker små gir ein stor å" heiter det i ordspråket. Slik er det og for forureining av vassdrag og kystfarvatna våre. For å kunne forklare kvifor vassdraga og norskekysten tilførast store mengder næringsstoff, som har sitt opphav frå jordbruket, kan ein vanskeleg peike på ein faktor åleine. La oss heller følgje dei mange bekkane oppstrøms, tilbake til kjelda, og tilbake til åkeren. For det er i første rekkje gardbrukaren si åtferd på åkeren, i tillegg til dei naturgitte forholda og klima, som er avgjerande for om bekken blir tilført næringsstoff eller verdifull matjord. La oss sjå nærare etter kva gardbrukaren har gjort på åkeren sin dei siste tiåra. Noko må han jo ha gjort sia jordbruket har klart å redusere tilførslane til Nordsjøen (frå Svenskegrensa til Lindesnes) med 34 prosent for fosfor og 24 prosent for nitrogen sia 1985. I denne artikkelen, som oppsummerar ein del resultat frå rapporten Resultatkontroll jordbruk 2003 - Jordbruk og miljø , skal vi sjå nærmare på kva jordbruket gjer for å hindre negativ miljøpåverknad.

Jordarbeiding og erosjon

Val av metode for jordarbeiding har stor innverknad på tap av næringsstoff og matjord frå jordbruksareal. Gjennom jordbruksavtala får korndyrkarar tilskot for å redusere jordarbeidinga på erosjonsutsett areal, og som eit resultat har omfanget av haustpløgsel har blitt kraftig redusert dei siste ti åra. Hausten 1991 blei 69 prosent av alt korn- og oljevekstareal haustpløgd, medan tilsvarande del var 43 prosent hausten 2001. Kornareal som ligg i stubb om våren har auka i same periode frå 27 prosent våren 1992 til 53 prosent våren 2002.

Figur 1

Figur 2

Redusert omsetnad av handelsgjødsel

Kor mykje fosfor og nitrogen ein gjødslar med har mykje å seie for kor mykje næringsstoff som går tapt til vassdraga. Omsetnaden av handelsgjødsel er redusert monaleg dei siste 20-25 åra. I perioden 1979/80 til 2001/02 er omsetnaden av nitrogen og fosfor redusert med høvesvis 9 og 57 prosent. Omsetnaden i 2001/02 var 101 300 tonn nitrogen og 12 600 tonn fosfor. Innføring av obligatorisk gjødslingsplan frå og med 1998 er ei sannsynleg forklaring på nedgangen dei siste åra.

Mindre omsetnad av plantevernmiddel

Omsetnaden av plantevernmiddel, rekna som kilo aktivt stoff, har gått ned sia 1970. I gjennomsnitt blei det omsett 2 300 tonn aktivt stoff i perioden 1970-74, medan snittet var redusert til 830 tonn i perioden 1995-99. Omsetnaden av plantevernmiddel er sterkt påverka av lagerendringar og hamstring som følgje av endringar i avgiftene. Det kan derfor vere store skilnader mellom omsetnad og reelt forbruk i same år. Det blei for første gang gjennomført ei undersøking om bruk av plantevernmiddel i 2001 . Utvikling i reelt forbruk vil bli følgd opp i ein ny undersøking i haust, og ein vil da kunne følgje utviklinga av forbruk over tid. Likevel, tala for omsetnad indikerer at tiltak som krav om føring av sprøytejournal, krav om sprøytesertifikat og prognosevarsling har gitt positive resultat.

Stabile utslepp av klimagassar

Berekningar viser at jord- og skogbruket i 2001 stod for 9,9 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar, målt som CO 2 -ekvivalentar. Landbruket stod i 2001 for vel 1 prosent av dei totale CO 2 -utsleppa, medan landbruket sin del av metan- og lystgassutsleppa var høvesvis 30 og 52 prosent. Desse utsleppa har vore relativt stabile over tid.

Frå landbruksplast til bæreposar

Landbruket er blitt ein viktig forbrukar av ulike plastprodukt (t.d. fôr- og gjødselsekkar, ensileringsfolie og rundballesekkar), og eit viktig mål er å gjenvinne mest mogleg av plasten. Tal for 2002 viser at det blei levert 86 kg landbruksplast per driftseining. Totalt har innsamla mengd auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 5 900 tonn i 2002.

Økologisk jordbruk i vekst

Tal frå Debio viser at 2 300 driftseiningar hadde lagt om til økologisk drift i 2002, i 1992 var talet 480. I høve til jordbruksareal i fylka er det Sør-Trøndelag (6,2 prosent) og Telemark (5,6 prosent) som har høgast prosentdel med økologisk drift. Rogaland kjem ut med berre 0,7 prosent av jordbruksarealet med økologisk drift. Totalt blei 325 500 dekar jordbruksareal drive økologisk (inklusiv karensareal) i 2002, eller 3,2 prosent av alt jordbruksareal i Noreg.

Kulturlandskap i endring

Krav til rasjonalisering og effektivisering i jordbruket har gitt store endringar i landskapet. Det blir færre og større driftseiningar, tidlegare eigedomsgrensar som steingjerde blir fjerna og gamal slåttemark veks att. Denne utviklinga er særleg gjeldane i distrikta. I 1989 blei det registrert 37 000 driftseiningar med mindre enn 50 dekar jordbruksareal. Ti år seinare var talet 14 500. Som følgje av strukturendringane i jordbruket blir arronderinga gjort betre fordi det er meir effektivt å drive eit stort samanhengjande areal enn mange små åkerlappar. I 1999 var eigedomsteigane i gjennomsnitt 47 dekar for heile landet, medan snittet i 2002 hadde auka til 50 dekar.

I høgareliggjande strøk er beitedyr på utmark særs viktig for å halde kulturlandskapet opent. Talet på beitedyr er monaleg redusert frå 80-talet, men det blei registrert ei svak auke i 2002. Geita, som beiter mykje på busker og kratt, blir det færre og færre av på utmarksbeite. Sia 1990 er talet redusert med ein fjerdedel. Av dyr på utmarksbeite er det sau og lam som utgjer den største gruppa (87 prosent) av i alt 2,36 millionar beitedyr på utmarksbeite i 2002.

Vegen vidare

Utfordringane for å betre miljøsituasjonen i jordbruket og for å ta vare på kulturlandskapet er gjerne heilt forskjellige frå jorde til jorde, og ikkje minst mellom landsdelane. I løpet av 2003 vil derfor alle gardsbruk få sin eigen miljøplan. I planen skal ein blant anna registrere miljømessige forhold knytt til jordbruksdrifta, og plan for gjennomføring av tiltak der ein har avdekka manglande miljøomsyn.

I åra som kjem vil kommunane og fylka få større ansvar for tildeling av ulike stønadsordningar for å redusere forureininga og for å ta vare på kulturlandskapet. Gjennom kommunale og regionale miljøprogram kan ein i større grad styre stønadane mot tiltak og område som er av stor verdi lokalt.

Kontakt