Økonomiske analyser, 5/2006

Stor vekst i utslepp frå forbruk

Framtidige CO2-utslepp

Publisert:

Norske utslepp av klimagassar er dels knytte til produksjonsaktivitetar, dels til konsumaktivitetar i Norge. Mykje av det vi produserer går til eksport, og ein del av forbruket kjem frå import. Gjennom olje- og kraftkrevjande industri er eksporten langt meir karbonintensiv enn importen. Trekkjer vi dei eksportretta utslepp frå dei innanlandske, og legg til utanlandske utslepp frå produksjonen av importvarer, får vi eit mål som seier noko om utsleppa som følgjer av det norske forbruksmønsteret. Etter dette målet har Norge langt mindre utslepp av CO2 enn når ein måler på den tradisjonelle måten. Samtidig er det venta forholdsvis stor vekst i utsleppa knytte til forbruket i åra framover, på grunn av den generelle forbruksveksten. Krav til utsleppsreduksjonar ville derfor vere vanskelegare å overhalde dersom ein tok utgangspunkt i utsleppa knytte til forbruket, enn i samla innanlandske utslepp, slik systemet er utforma i dag.

Åpne og les artikkelen i PDF

Kontakt