Jordbruk og miljø, 2004

Framleis utfordringar for miljøvennleg jordbruk

Publisert:

Norsk jordbruk har heilt klart blitt meir miljøvennleg dei siste 10 åra. Det er likevel for tidleg å kvile på laurbæra. Framleis tilføres det for mykje nitrogen til Nordsjøen, og viktige tiltak som endra jordarbeiding og dyrking av fangvekstar, har hatt ei negativ utvikling dei siste par åra. Ei anna utfordring for jordbruket er signala om at kulturlandskapet fleire stader gror att.

"Mange bekker små gir ein stor å" heiter det i ordspråket. Slik er det og for forureining av vassdraga og kystfarvatna våre. For å kunne forklare kvifor vassdraga og norskekysten tilførast store mengder næringsstoff, som har sitt opphav frå jordbruket, kan ein vanskeleg peike på ein faktor åleine. La oss heller følgje dei mange bekkane oppstrøms, tilbake til kjelda, og tilbake til åkeren. For det er i første rekkje gardbrukaren si åtferd på åkeren, i tillegg til dei naturgitte forholda og klima, som er avgjerande for om bekken blir tilført næringsstoff eller verdifull matjord. La oss sjå nærare etter kva gardbrukaren har gjort på åkeren sin dei siste tiåra. Noko må han jo ha gjort sia jordbruket har klart å redusere tilførslane til Nordsjøen - frå Svenskegrensa til Lindesnes - med 38 prosent for fosfor og 28 prosent for nitrogen sia 1985. I denne artikkelen, som oppsummerar ein del resultat frå rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2004 , skal vi sjå nærmare på kva jordbruket gjer for å hindre negativ miljøpåverknad.

Del av korn- og oljevekstareal med fangvekstar. Heile landet og utvalde fylke. 1997/98, 2000/01-2003/04. Prosent

Jordarbeiding og fangvekstar

Val av metode for jordarbeiding har stor innverknad på tap av næringsstoff og matjord frå jordbruksareal. Gjennom jordbruksavtala får korndyrkarar tilskot for å redusere jordarbeidinga på erosjonsutsett areal. Som eit resultat av dette, har omfanget av haustpløgsel blitt kraftig redusert dei siste ti åra sjølv om utviklinga har gått i feil retning dei to siste åra. Hausten 1991 blei 69 prosent av alt korn- og oljevekstareal haustpløgd, medan tilsvarande del var 43 prosent hausten 2001.

Tal frå og med 2002 omfattar berre korndyrkarar med tilskot, og tal frå denne kjelda viser at 50 prosent av arealet blei pløgd hausten 2003.

Kornareal med tilskot til dyrking av fangvekstar viser same utvikling. Areal med fangvekstar auka sterkt fram til 2002/03, da 11 prosent av korn- og oljevekstarealet var dekka av fangvekstar over vinteren. Vinteren 2003/04 blei kornareal med fangvekstar redusert til 8 prosent.

Auka omsetnad av handelsgjødsel i 2002/03

Kor mykje fosfor og nitrogen ein gjødslar med, har mykje å seie for kor mykje næringsstoff som går tapt til vassdraga. Omsetnaden av handelsgjødsel er redusert monaleg dei siste 20-25 åra. I perioden 1979/80 til 2001/02 er omsetnaden av nitrogen og fosfor redusert med høvesvis 9 og 57 prosent. Omsetnaden i 2002/03 auka igjen, til 104 200 tonn nitrogen og 12 600 tonn fosfor, men omsetnaden ligg framleis godt under nivået på 1990-talet. Innføring av obligatorisk gjødslingsplan frå og med 1998 er ei sannsynleg forklaring på nedgangen over dei siste åra.

Mindre omsetnad av plantevernmiddel

Omsetnaden av plantevernmiddel, rekna som kilo aktivt stoff, er kraftig redusert sia 1970. I gjennomsnitt blei det omsett 2 300 tonn aktivt stoff i perioden 1970-74, medan snittet blei redusert til 601 tonn i perioden 2000-03. Omsetnaden av plantevernmiddel er sterkt påverka av lagerendringar og hamstring som følgje av endringar i avgiftene. Det kan derfor vere store skilnader mellom omsetnad og reelt forbruk i same år. Det blei for første gang gjennomført ei undersøking om bruk av plantevernmiddel i 2001, og den blei følgd opp med ei ny undersøking i 2003 (sjå RAPP 2004/21 Bruk av plantevernmidler i jordbruket ). Tal frå dei to undersøkingane viser ein auke i bruken av plantevernmiddel frå 319 tonn aktivt stoff i 2001 til 357 tonn aktivt stoff i 2003. Endringar i vêrforholda er truleg hovudårsaka til auka bruk av plantevernmiddel frå 2001 til 2003.

Totale norske klimagassutslepp i tonn CO2-ekvivalentar og landbruket sin del av disse. 1987, 1989-2002

Stabile utslepp av klimagassar

Berekningar viser at jord- og skogbruket i 2002 stod for 9,7 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar, målt som CO 2 -ekvivalentar. Landbruket stod for vel 1 prosent av dei totale CO 2 -utsleppa, medan landbruket sin del av metan- og lystgassutsleppa var høvesvis 29 og 50 prosent. Desse utsleppa har vore relativt stabile over tid.

Frå landbruksplast til bæreposar

Landbruket er blitt ein viktig forbrukar av ulike plastprodukt (t.d. fôr- og gjødselsekkar, ensileringsfolie og rundballesekkar), og eit viktig mål er å gjenvinne mest mogleg av plasten. Tal for 2003 viser at det blei levert 120 kg landbruksplast per jordbruksbedrift, mot 86 kg året før. Totalt har innsamla mengd auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 6 600 tonn i 2003. Ifølgje Plastretur blei det nytta 8 800 tonn landbruksplast i næringa i 2003.

Økologisk jordbruk i vekst

Tal frå Debio viser at nær 2 500 jordbruksbedrifter hadde lagt om til økologisk drift i 2003 - i 1992 var talet 480. I høve til jordbruksareal i fylka er det Sør-Trøndelag (6,6 prosent) og Telemark (6,5 prosent) som har høgast prosentdel med økologisk drift. Rogaland kjem ut med berre 0,7 prosent av jordbruksarealet med økologisk drift. Totalt blei 381 800 dekar jordbruksareal drive økologisk (inklusiv karensareal) i 2003, eller 3,7 prosent av alt jordbruksareal i Noreg. Ennå er det ein lang veg å gå for å nå målsetninga til Landbruks- og matdepartementet om 10 prosent økologisk drive jordbruksareal innan 2010. I 2003 var det om lag 30 kommunar som hadde nådd denne grensa.

Nedgang i talet på jordbruksbedrifter i perioden 1989-2002, etter kommune. Prosent

Kulturlandskap i endring

Krav til rasjonalisering og effektivisering i jordbruket har gitt store endringar i landskapet. Det blir færre og større driftseiningar, tidlegare eigedomsgrensar som steingjerde blir fjerna og gamal slåttemark veks att. Denne utviklinga er særleg gjeldane i distrikta. I 1989 blei det registrert 37 000 jordbruksbedrifter med mindre enn 50 dekar jordbruksareal. I 2003 var dette talet redusert med 87 prosent, til 8 400 bedrifter. Som følgje av strukturendringane i jordbruket blir arronderinga gjort betre fordi det er meir effektivt å drive eit stort samanhengjande areal enn mange små åkerlappar. I 1999 var eigedomsteigane i gjennomsnitt 47 dekar for heile landet, medan snittet i 2002 hadde auka til 50 dekar.

I høgareliggjande strøk er beitedyr på utmark særs viktig for å halde kulturlandskapet opent. Talet på beitedyr er monaleg redusert frå 1980-talet, men det er registrert ei svak auke dei siste åra. Geita, som beiter mykje på busker og kratt, blir det færre og færre av på utmarksbeite. Sia 1990 er talet redusert med ein fjerdedel. Av i alt 2,36 millionar dyr på utmarksbeite i 2003 var det sau og lam som utgjorde den største gruppa (88 prosent).

Meir lokal forvaltning

Utfordringane for å betre miljøsituasjonen i jordbruket og for å ta vare på kulturlandskapet er gjerne heilt forskjellige frå jorde til jorde, og ikkje minst mellom landsdelane. I løpet av 2003 skal derfor alle gardsbruk ha laga sin eigen miljøplan. I planen skal ein blant anna registrere miljømessige forhold knytt til jordbruksdrifta og plan for gjennomføring av tiltak der ein har avdekka manglande miljøomsyn.

I åra som kjem vil kommunane og fylka få større ansvar for tildeling av ulike stønadsordningar for å redusere forureininga og for å ta vare på kulturlandskapet. Gjennom kommunale og regionale miljøprogram kan ein i større grad styre stønadane mot tiltak og område som er av stor verdi lokalt.

Kontakt