Jordbruk og miljø, 2005

Framleis utfordringar for miljøbonden

Publisert:

Norsk jordbruk er heilt klart blitt meir miljøvennleg dei siste ti åra, og viktige miljømål er nådd. Det er likevel for tidleg å kvile på laurbæra. Framleis tilføres det for mykje nitrogen til Nordsjøen, og viktige tiltak som endra jordarbeiding og dyrking av fangvekstar, har hatt ei negativ utvikling dei siste par åra. Ei anna utfordring for jordbruket er nedgangen i jordbruksareal som er i drift, og gjengroing av kulturlandskapet.

"Mange bekker små gir ein stor å" heiter det i ordspråket. Slik er det og for forureining av vassdraga og kystfarvatna våre. For å kunne forklare kvifor vassdraga og norskekysten tilførast store mengder næringsstoff, som har sitt opphav frå jordbruket, kan ein vanskeleg peike på ein faktor åleine. La oss heller følgje dei mange bekkane oppstrøms, tilbake til kjelda, og tilbake til åkeren. For det er i første rekkje gardbrukaren si åtferd på åkeren, i tillegg til dei naturgitte forholda og klima, som er avgjerande for om bekken blir tilført næringsstoff eller verdifull matjord. La oss sjå nærare etter kva gardbrukaren har gjort på åkeren sin dei siste ti åra. Noko må han jo ha gjort sia jordbruket har klart å redusere tilførslane til Nordsjøen - frå Svenskegrensa til Lindesnes - med 37 prosent for fosfor og 27 prosent for nitrogen frå 1985 til 2003. Miljømålet for fosfor er nådd, medan det framleis er eit stykkje igjen til målet for tilførsel av nitrogen i høve til Nordsjøavtalane. I denne artikkelen, som oppsummerar ein del resultat frå rapporten Jordbruk og miljø - Resultatkontroll jordbruk 2005 , skal vi sjå nærmare på kva jordbruket gjer for å hindre negativ miljøpåverknad.

Tilførsel av nitrogen (tot-N) til området Svenskegrensa-Lindesnes. 1985, 1990-2003. Tonn

Del av korn- og oljevekstareal med fangvekstar. Heile landet og utvalde fylke. 1997/98, 2000/01-2004/05. Prosent

Jordarbeiding og fangvekstar

Val av metode for jordarbeiding har stor innverknad på tap av næringsstoff og matjord frå jordbruksareal. Gjennom jordbruksavtala får korndyrkarar tilskot for å redusere jordarbeidinga på erosjonsutsett areal. Som eit resultat av dette, har omfanget av haustpløgsel blitt kraftig redusert dei siste ti åra sjølv om utviklinga har gått i feil retning dei siste åra. Hausten 1991 blei 69 prosent av alt korn- og oljevekstareal haustpløgd, medan tilsvarande del var 43 prosent hausten 2001.

Tal frå og med 2002 omfattar berre korndyrkarar med tilskot, og tal frå denne kjelda viser at 49 prosent av arealet blei pløgd hausten 2004.

Kornareal med tilskot til dyrking av fangvekstar viser same utvikling. Areal med fangvekstar auka sterkt fram til 2002/03, da 11 prosent av korn- og oljevekstarealet var dekka av fangvekstar over vinteren. Dei to siste vintrane er arealet med fangvekstar redusert, til 7 prosent vinteren 2004/05.

Auka omsetnad av handelsgjødsel

Kor mykje fosfor og nitrogen ein gjødslar med, har mykje å seie for kor mykje næringsstoff som går tapt til vassdraga. Omsetnaden av handelsgjødsel er redusert monaleg på 1980- og 1990-talet. I perioden 1979/80 til 2001/02 er omsetnaden av nitrogen og fosfor redusert med høvesvis 9 og 57 prosent. Omsetnaden dei to siste åra har auka igjen, til 105 100 tonn nitrogen og 12 800 tonn fosfor i 2003/04. Omsetnaden ligg framleis godt under nivået på 1990-talet, men i høve til målet for nitrogen i Nordsjøavtalane er utviklinga dei siste åra urovekkjande.

Mindre omsetnad av plantevernmiddel

Omsetnaden av plantevernmiddel, rekna som kilo aktivt stoff, er kraftig redusert sia 1970. I gjennomsnitt blei det omsett 2 300 tonn aktivt stoff kvart år i perioden 1970-74, medan snittet blei redusert til 655 tonn i perioden 2000-04. Omsetnaden av plantevernmiddel er sterkt påverka av lagerendringar og hamstring som følgje av endringar i avgiftene. Det kan derfor vere store skilnader mellom omsetnad og reelt forbruk i same år. Dette blei og stadfesta gjennom undersøkingar om bruk av plantevernmiddel i 2001 og 2003 (sjå RAPP 2004/21 ). I tillegg skjer det ein monaleg bruk utanfor jordbruket. Tal frå dei to undersøkingane viser ein auke i bruken av plantevernmiddel frå 319 tonn aktivt stoff i 2001 til 357 tonn aktivt stoff i 2003. Endringar i vêrforholda er truleg hovudårsaka til auka bruk av plantevernmiddel frå 2001 til 2003.

Landbruket sin del av totale utslipp til luft. 2003. Prosent

Stabile utslepp av klimagassar

Berekningar viser at jord- og skogbruket i 2003 stod for 9 prosent av dei totale utsleppa av klimagassar, målt som CO 2 -ekvivalentar. Landbruket stod for 1 prosent av dei totale CO 2 -utsleppa, medan landbruket sin del av metan- og lystgassutsleppa var høvesvis 39 og 48 prosent. Desse utsleppa har vore relativt stabile over tid.

Landbruket stod for 89 prosent av dei norske utsleppa av ammoniakk i 2003. Ammoniakk kan medverke til forsuring av jord og vatn. Det totale utsleppet var 22 800 tonn i 2003, og dermed er ein allereie under miljømålet som er satt for 2010.

Frå landbruksplast til bæreposar

Landbruket er blitt ein viktig forbrukar av ulike plastprodukt (t.d. fôr- og gjødselsekkar, ensileringsfolie og rundballesekkar), og eit viktig mål for næringa er å gjenvinne mest mogleg av plasten. Tal for 2004 viser at det blei levert 131 kg landbruksplast per jordbruksbedrift, mot 120 kg året før. Totalt har innsamla mengd auka frå i underkant av 2 500 tonn i 1995 til 7 300 tonn i 2004. I følgje Plastretur blei det nytta 8 800 tonn landbruksplast i næringa i 2004.

Framleis vekst for økologisk jordbruk

Tal frå Debio viser at 2 500 jordbruksbedrifter hadde lagt om til økologisk drift i 2004 - i 1994 var talet 550. I høve til jordbruksareal i fylka er det Telemark (7,3 prosent) og Buskerud (7,1 prosent) som har høgast prosentdel med økologisk drift. Rogaland kjem ut med økologisk drift på berre 0,7 prosent av jordbruksarealet. Totalt blei 410 800 dekar jordbruksareal drive økologisk (inklusiv karensareal) i 2004, eller 4,0 prosent av alt jordbruksareal i Noreg. Ennå er det ein lang veg å gå for å nå målsetninga til Landbruks- og matdepartementet om 10 prosent økologisk drive jordbruksareal innan 2010. I 2004 var det 36 kommunar som hadde nådd denne grensa.

Del av jordbruksareal i drift som er økologisk drive eller karensareal (med tilskot), etter kommune. 2004. Prosent

Jordbruksbedrifter, etter storleiken på jordbruksareal i drift. Heile landet. 1979-2004*

Kulturlandskap i endring

Krav til rasjonalisering og effektivisering i jordbruket har gitt store endringar i landskapet. Det blir færre og større jordbruksbedrifter, tidlegare eigedomsgrensar som steingjerde blir fjerna og gamal slåttemark veks att. Denne utviklinga er særleg gjeldane i distrikta. I 1989 blei det registrert 37 000 jordbruksbedrifter med mindre enn 50 dekar jordbruksareal. I 2004 var dette talet redusert med 80 prosent, til 7 500 bedrifter.

Jordbruksareal i drift har hatt ein jamn auke fram til 2001. Dei to siste åra er det derimot registrert ein tydeleg nedgang i jordbruksarealet. Total er det registrert ein nedgang på 1 prosent frå 2001 til 2004.

I høgareliggjande strøk er beitedyr på utmark særs viktig for å halde kulturlandskapet opent. Talet på beitedyr er monaleg redusert frå 1980-talet, men talet har vore stabilt dei siste åra. Geita, som beiter mykje på busker og kratt, blir det færre og færre av på utmarksbeite. Sia 1990 er talet redusert med ein fjerdedel. Av i alt 2,36 millionar dyr på utmarksbeite i 2004 var det sau og lam som utgjorde den største gruppa (88 prosent).

Meir lokal forvaltning

Utfordringane for å betre miljøsituasjonen i jordbruket og for å ta vare på kulturlandskapet er gjerne heilt forskjellige frå jorde til jorde, og ikkje minst mellom landsdelane. I løpet av 2003 fikk alle gardsbruk sin eigen miljøplan. I planen skal ein blant anna registrere miljømessige forhold knytt til jordbruksdrifta og plan for gjennomføring av tiltak der ein har avdekka manglande miljøomsyn.

Kommunane og fylka har fått større ansvar for tildeling av ulike stønadsordningar for å redusere forureininga og for å ta vare på kulturlandskapet. Gjennom regionale miljøprogram, som blei innført i 2005, kan ein i større grad styre stønadane mot tiltak og område som er av stor verdi lokalt. Forvaltninga ønskjer i ennå større grad å innfri miljømåla basert på tankegangen tenke globalt - handle lokalt .

Kontakt