Jordbruk og miljø

Frå nordsjøavtale til vassdirektiv

Publisert:

Avrenning av næringsstoff som fosfor og nitrogen, og erosjon av partiklar frå jordbruket, er med på å påverke vasskvaliteten i norske vassførekomstar og i nære kystfarvatn. Utsleppa av fosfor og nitrogen til sårbare område i Nordsjøen er blitt sterkt reduserte i perioden 1985-2009.

Dette viser rapporten ” Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling 2011 ”. Rapporten inneheld statistikk for elleve miljøområde i jordbruket og byggjer på data frå ei rekkje kjelder i og utafor SSB. Denne artikkelen omhandlar statistikk for miljøområdet ”tilførsle av næringsstoff til vassdrag og hav”. Temaet har stått sentralt i rapporten ”Jordbruk og miljø” heilt sidan første utgåva i 1993.

Jordbruket har redusert tilførslene av næringsstoff til Nordsjøen

Med bakgrunn i Nordsjøavtalane og konsekvensane av algeoppblomstring i 1988 var det tiltak mot utslepp av næringssalt og jorderosjon frå jordbruket til vatn, som var utgangspunktet for dei første utgåvene av rapporten. Husdyr- og planteproduksjon vil alltid medføre ein risiko for uønskt tap av næringsstoff til omgjevnadene.

Nordsjøavtalane omhandlar reduksjon av næringssalt i utsette deler av Nordsjøen. Etter Nordsjøavtalane skal Noreg redusere utslepp av fosfor og nitrogen med 50 prosent sett i høve til nivået i 1985. Målet om reduksjon av fosfor er nådd, men vi har framleis ikkje nådd Noregs forpliktingar knytte til avrenning av nitrogen til sårbare område i Nordsjøen. Jordbruket utgjer den største kjelda til nitratavrenning i dette området.

 

Vassdirektivet ( EUs rammedirektiv for vatn ) blei tatt inn i norsk lov i 2006 gjennom forskrift for vassforvaltninga. Føremålet med direktivet er å sikre ei samla og økosystembasert forvalting av ferskvatn, grunnvatn og kystvatn.

 

I Noreg er det om lag 17 000 vassførekomstar, og vassforskrifta deler landet inn i elleve nasjonale vassregionar. I tillegg er det fem internasjonale regionar delt med Sverige og Finland.

Jordbruket har i perioden 1985-2009 redusert tilførslene av fosfor til havområda frå svenskegrensa til Lindesnes med 33 prosent, frå 401 til 269 tonn. For dei menneskeskapte tilførslene totalt var reduksjonen på 58 prosent i same periode. I 2009 stod jordbruket for 44 prosent av dei totale menneskeskapte tilførslene av fosfor til desse havområda.

Dei menneskeskapte tilførslene av nitrogen til havområda frå svenskegrensa til Lindesnes blei reduserte med i alt 30 prosent i same periode. Tilførslene frå jordbruket gjekk ned med 11 prosent, frå totalt 14 631 til 12 991 tonn. Nitrogenutsleppa frå jordbruket utgjorde 58 prosent av samla nitrogenutslepp i 2009.

Dei største endringane i utsleppa til havområdet svenskegrensa-Lindesnes skjedde fram til tusenårsskiftet. Sidan den gong har tilførslene endra seg lite både for fosfor og nitrogen.

Vassdirektivet - ei heilskapleg vassforvaltning

Ifølgje vassdirektivet (sjå tekstboks over) er det eit viktig mål at alle ferskvassførekomstar skal ha god økologisk tilstand innan 2021. Det gjeld både for ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Alle dei om lag 17 000 vassførekomstane i Noreg skal kartleggast med omsyn til mellom anna miljøgifter, overgjødsling, forsuring, kloakk, vasskraft og framande organismar. I kvar vassregion (sjå tekstboks) er ein fylkeskommune utpeika som vassregionmyndigheit (VRM). Vassregionane er delte inn i ulike vassområde.

Jordbruksaktiviteten varierer mykje mellom vassregionane, både i typar produksjon og i omfang av produksjon (sjå figur 3). Av vassregionane er det Glommaregionen som har mest jordbruksareal i drift, med 3,2 millionar dekar i 2009. Det er om lag ein tredjedel av alt jordbruksareal i drift i Noreg. Vassregion Finnmark har minst jordbruksareal i drift med 97 000 dekar. Open åker utgjer 64 prosent av jordbruksareal i drift i Glommaregionen. I Vest-Viken utgjer open åker 51 prosent, medan talet for Trøndelag er 35 prosent. Dei andre regionane har mindre enn 10 prosent jordbruksareal med open åker.

Tilførsle av fosfor (tot-P) til området svenskegrensa-Lindesnes. 1985, 1990-2009. Tonn

Tilførsle av nitrogen (tot-N) til området svenskegrensa-Lindesnes. 1985, 1990-2009. Tonn

Areal av eng og beite, og open åker. Fulldyrka areal per gjødseldyreining (gde) på jordbruksbedrifter med husdyr. Vassregionar i Noreg og vassområde i vassregion Rogaland. 2009

 

I figur 3 ser ein òg på talet på husdyr rekna om til gjødseldyreiningar og spreieareal for husdyrgjødsel på bruk med husdyr. Vassregionane Rogaland og Hordaland har minst fulldyrka areal per gjødseldyreining, med mindre enn 5 dekar per eining. Finnmark har mest tilgjengeleg spreieareal, med meir enn 10 dekar fulldyrka areal per gjødseldyreining på bruk med husdyr. Vassregion Rogaland er delt inn i dei fire vassområda Dalane, Jæren, Ryfylke og Haugaland.

Utslepp av nitrogen frå ulike sektorar varierer innanfor dei ulike vassregionane (sjå figur 4). I 2009 var Glomma den regionen som hadde størst utslepp frå jordbruket, med 170 tonn fosfor og 8 557 tonn nitrogen. Det utgjer høvesvis 45 og 63 prosent av det totale utsleppet i Glommaregionen. Minst utslepp av nitrogen frå jordbruk fann ein i Finnmark. Utslepp av nitrogen frå jordbruk utgjorde berre 3 prosent av dei totale nitrogenutsleppa i dette fylket. I figur 4 er vassregionane Agder og Rogaland slått saman til Sør-Vest, medan regionane Hordaland og Sogn og Fjordane utgjer Vestlandet.

Tiltak retta mot avrenning frå jordbruket

Tiltak retta mot avrenning til vassdrag er eit viktig område i dei regionale miljøprogramma (RMP). Programma blir forvalta av fylkeslandbrukskontora. Dei omfattar mellom anna ei rekkje tiltak som fram til 2004 var med i den nasjonale ordninga for tilskot til endra jordarbeiding. Om lag 12 000 jordbruksbedrifter søkte RMP-tilskot til avrenningstiltak i 2010. Det var flest søkjarar i Hedmark, i alt 2 000. Akershus hadde den høgaste delen av søkjarar, der 72 prosent av alle jordbruksbedriftene søkte om tilskot.

I alt blei det gitt RMP-tilskot på 405 millionar kroner i 2010. Av dette gjekk 173,5 millionar kroner til avrenningstiltak. Tilskota omfatta 1,95 millionar dekar jordbruksareal i drift, der om lag 1,6 millionar dekar var areal utan jordarbeiding om hausten. I Regionale miljøprogram vil tiltaka variere mellom fylka. Det er spesielt dei viktige kornfylka på Austlandet og i Trøndelag som har mange tiltak rette mot avrenning til vassdrag.

Statistisk sentralbyrå utarbeider årleg rapporten ” Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling ” for å dokumentere status i jordbruket og som eit faktagrunnlag for å vurdere miljøtiltaka. Rapporten tek for seg status og utvikling i dei ulike miljøpolitiske resultatområda for jordbruket og er delt inn i kapittel som arealforvaltning, økologisk jordbruk, biologisk mangfald, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav, utslepp til luft, plantevern med meir.

 

Les heile rapporten " Jordbruk og miljø - Tilstand og utvikling 2011 ".

Norsk institutt for skog og landskap har til nå klassifisert 42 prosent av jordbruksarealet etter erosjonsrisiko. Det mest erosjonsutsette arealet på Austlandet og i Trøndelag er klassifisert. Om lag 63 prosent av tilskotet til areal utan jordarbeiding var klassifisert med liten eller middels erosjonsrisiko hausten 2010. 37 prosent omfatta areal med stor eller svært stor erosjonsrisiko.

Overvaking av vasskvalitet i nedbørsfelt

Samanhengen mellom jordbruksaktivitet og risiko for erosjon og tap av næringsstoff er komplisert. For å skaffe meir kunnskap om ulike samanhengar blei program for Jord- og vannovervåking i landbruket (JOVA) starta i 1992. I programmet hentar Bioforsk inn data som viser næringsstoffavrenning frå ti små jordbruksdominerte nedbørfelt. Dei overvaka nedbørfelta representerer dei viktigaste jordbruksområda i landet med omsyn til klima, jordsmonn og driftspraksis.

Målte konsentrasjonar av næringsstoff i vassprøver, og berekna tap av næringsstoff og partiklar, varierer mykje mellom dei ulike felta og frå år til år. Dette gjeld til dømes nitrogen. Dei gjennomsnittlege årlege nitrogentapa i overvakingsperioden varierer frå 1 til 7 kg N/dekar mellom felta. Nitrogentapa frå Vasshaglona er størst, medan dei lågaste nitrogentapa er registrert frå Naurstad- og Volbufelta. I tillegg til driftssystem, klima og jordsmonn, har mellom anna denitrifikasjon og transportvegar for vatnet stor verknad på nitrogentapa. Felta med dei største nitrogentapa har dei høgaste nitrogentilførslene blant felta.

Utslepp av nitrogen, etter vassregion og utsleppskjelde. 2009. Tonn N

Tilskot til avrenningstiltak og andre tilskot i Regionale miljøprogram (RMP). 2005-2010*. Millionar kroner

Fordeling av areal utan jordarbeiding om hausten, etter erosjonsrisiko. 2010*. Prosent

Tap av total nitrogen (tot-N) frå JOVA-felta i gjennomsnitt for overvakingsperioden. Kg N/dekar

 

Kontakt