Jordbruk og miljø

Auka miljøsatsing i jordbruket

Publisert:

Tilskot til miljøtiltak i jordbruket auka med 12 prosent frå 2005 til 2009, frå knappe 3 900 millionar kroner til om lag 4 380 millionar. Miljøsatsinga i jordbruket er knytt til ulike miljøprogram. Det er særleg tiltak innanfor nasjonalt miljøprogram som har auka mest.

Dette går fram av rapporten Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2010.

Ved jordbruksoppgjeret 2003 blei det bestemt at ein skulle innføre miljøprogram i jordbruket. Målet med innføringa er å styrke miljøarbeidet i jordbruket og gjere dei einskilde miljøordningane og den samla miljøinnsatsen meir synleg. Programma har som hovudmål å sikre eit ope og variert jordbruks- og kulturlandskap, samt særprega landskapstypar, slik at verdifulle biotopar og kulturmiljø blir tekne hand om og skjøtta. Dei ulike tiltaka skal òg medverke til jordbruksproduksjon med minst mogeleg forureining og tap av næringsstoff, samt sørgje for at internasjonale avtaler blir haldne.

Miljøprogram i jordbruket er delte på fire nivå:

  • Nasjonalt miljøprogram
  • Regionale miljøprogram (RMP)
  • Kommunale miljøordningar, mellom anna SMIL-ordningane (spesielle miljøtiltak i jordbruket)
  • Miljøplan på det einskilde gardsbruket

Miljøtilskot etter type miljøprogram. 2009. Prosent

Miljøtilskot etter type miljøprogram i jordbruket. 2005 og 2009*. Mill. kroner
 
     2005    2009
 
Tilskot i alt 3 896 4 379
Nasjonalt miljøprogram (produksjonstilskot) 3 426 3 839
Regionale miljøprogram (RMP)  332  403
Kommunale ordningar (SMIL)  138  137
 

Nasjonalt miljøprogram

Nasjonalt miljøprogram omfattar nasjonale mål, strategiar og verkemiddel. I tillegg gir det rammene for dei regionale miljøprogramma. Verkemidla i nasjonalt miljøprogram er i stor grad knytte til ordningane innanfor produksjonstilskot i jordbruket. Det omfattar mellom anna areal- og kulturlandskapstilskot (AK-tilskot), tilskot til dyr på beite, tilskot til bevaringsverdige storferasar og tilskot til økologisk jordbruk. Totalt tilskot for desse ordningane i 2009 var på i alt 3 839 millionar kroner. Nasjonalt miljøprogram omfattar i tillegg middel til informasjons- og utviklingstiltak, tilskot til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel samt tilskot til utvalde kulturlandskap og til verdsarvområda.

Regionale miljøprogram (RMP)

RMP skal medverke til auka forankring av miljøarbeidet i landbruket på lokalt og regionalt nivå. Dei regionale miljøprogramma blir utarbeidde av fylkesmannen i samråd med næringsorganisasjonane. Det einskilde fylket kan innanfor rammene i nasjonalt miljøprogram prioritere og utforme miljøordningar og tiltak etter regionale behov og miljøutfordringar. Dei fylkesvise programma blei reviderte hausten 2008 og gjeld nå for perioden 2009-2012.

Dei einskilde tiltaka innanfor RMP er knytte opp mot sju hovudområde: Kulturlandskap, avrenning til vassdrag, kulturmiljø og kulturminne, biologisk mangfald, tilgjenge og friluftsverdiar, plantevernmiddel og avfall samt ”anna”.


Førebelse tal syner at tilskotet til regionale miljøprogram i 2009 var på i alt 403 millionar kroner.

Det største beløpet gjekk til hovudområdet avrenning til vassdrag med 174 millionar kroner, deretter følgde kulturlandskap med 133 millionar kroner og kulturminne med 50 millionar kroner. Totalt var det 28 361 søkjarar, av desse 27 467 jordbruksbedrifter og 894 beitelag. Det betyr at 57 prosent av jordbruksbedriftene søkte tilskot i 2009.

Naturleg nok er det store regionale forskjellar. Oppland fekk mest tilskot i 2009, med i alt 53,1 millionar kroner. To tredelar av tilskotet i Oppland gjaldt hovudområda kulturlandskap og kulturminne. Av tilskot til avrenningstiltak gjekk 96 prosent til fylka på Austlandet og i Trøndelag. For tiltak retta mot kulturlandskapet var det fylka Oppland, Sogn og Fjordane, Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland som fekk dei største tilskota. I figuren er det gitt tal for Austlandet og Trøndelag med i alt 16 800 søkjarar og for andre landsdelar med i alt 11 561 søkjarar.

Figur 2. Tilskot etter hovudområda i Regionale miljøprogram. 2005-2009*. Millionar kroner

Figur 3. Tilskot etter hovudområda i Regionale miljøprogram. Austlandet / Trøndelag og andre landsdelar. 2009. Millionar kroner

Kommunale miljøordningar

Kommunale miljøordningar omfattar mellom anna SMIL (spesielle miljøtiltak i jordbruket). SMIL er delt i ein kulturlandskapsdel, ein forureiningsdel og planleggings- og tilretteleggingstiltak. I 2009 blei det gitt tilsegn om SMIL-tilskot på om lag 107 millionar kroner til tiltak i kulturlandskapet, 24 millionar kroner til tiltak mot forureining og 6 millionar kroner til planleggings- og tilretteleggingstiltak. Sakshandsaminga skal byggje på kommunale tiltaksstrategiar med utgangspunkt i lokale behov og utfordringar som ligg innanfor prioriteringane i nasjonalt og regionale miljøprogram.

Miljøplanar på kvart gardsbruk

Sjølv med overordna miljøprogram og mange verkemiddel, er det vala som den einskilde bonden tek og åtferda i den daglege drifta, som til sjuande og sist er avgjerande for arbeidet fram mot eit meir miljøvennleg jordbruk. Miljøplan blei innført i 2003 som ein obligatorisk del for alle føretak som søkjer produksjonstilskot, og er eit system for registrering, planlegging og dokumentasjon av miljøtiltak knytte til jordbruksdrift. Miljøplanen skal vere eit verktøy for internkontroll på det einskilde bruket.

Figur 4. Fordeling av SMIL-middel. 2009. Prosent

Statistisk sentralbyrå utarbeider årleg rapporten ”Jordbruk og miljø: Tilstand og utvikling” for å dokumentere status i jordbruket og som eit faktagrunnlag for å vurdere miljøtiltaka. Rapporten tek for seg status og utvikling i dei ulike miljøpolitiske resultatområda for jordbruket og er delt inn i kapittel som arealforvaltning, økologisk jordbruk, biologisk mangfald, tilførsel av næringsstoff til vassdrag og hav, utslipp til luft, plantevern med meir.

Les heile rapporten "Jordbruk og miljø: Tilstand og utvikling 2010" .

Kontakt