32993_om_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/aar
32993_om
statistikk
2020-06-02T08:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
false

Museum og samlingar2019

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Museum og samlingar
Emne: Kultur og fritid

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Besøk i museumsstatistikken: Med besøk meiner ein besøk av ein person som oppsøkjer museet for å sjå på og bruke museets utstillingar og formidlingstenester. Besøk på friluftsmuseum er besøk av personar som oppsøker museets område i opningstida for bruk av museets formidling på området. Besøk av personar som oppheld seg i museets lokale og friluftsområde i forbindelse med arrangement som ikkje aktivt knytast til museets formidling og verksemd, skal ikkje reknast med. For utstillingar i andre lokale enn museets eigne, reknast besøk av personar dersom det primære formål er å aktivt oppsøke utstillinga til museet. Dei som vitjar museets stand på ei messe, skal ikkje reknast med. Personar som berre passera gjenstandar/fotografi i eit offentleg lokale utan å oppsøkje utstillinga skal heller ikkje reknast med. Virtuelle besøk (internettutstillingar og liknande) reknast ikkje med. Deltakarar i pedagogisk verksemd skal være inkludert i besøkstala.

Gjenstandar/objekt : kan vere kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, arkeologiske og fotografi.

Utstillingar: kan vere basisutstilling eller temporær utstilling. Basisutstilling er fast utstilling som er ein del av det faste opplegget til museet når det gjeld formidling. Eit museum kan ha fleire basisutstillingar. Eit tun eller friluftsmuseum med fleire bygningar blir rekna som éi basisutstilling. Temporær utstilling er utstilling som er montert og som skal visast ei avgrensa tid. Visingstida kan variere frå nokre få dagar og inntil eit år. 

Eigenprodusert vandreutstilling i drift : Utstilling som er laga for å kunne transporterast og visast på fleire stader.

Inntekter totalt : inkluderer offentlege løyvingar, billettinntekter, gåver og andre inntekter.

Utgifter i alt : inkluderer lønn, sosiale utgifter, andre driftsutgifter og investeringar.

Kulturhistoriske bygningar: Med kulturhistoriske bygningar i museumsstatistikken meiner ein bygningar som har kunnskaps- og kjeldeverdi ved at dei vitnar om lokal kunnskap, estetikk, tradisjonar, levemåte, arkitektur og økonomiske forutsetningar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Statistikken blir samla inn på institusjonsnivå. Publisering skjer på fylkes- og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert ein gong i året. Statistikken blir også publisert årleg i ein større papirpublikasjon,Kulturstatistikk. Norsk kulturråd publiserer også Statistikk for museum ein gong i året.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

All museumsstatistikk i SSB er langtidslagra på forsvarlege og standardiserte måtar i samråd med blant anna Datatilsynet.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med museumsstatistikken er å gje ei oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for stat, fylke, kommune og andre som er involverte i drifta eller finansieringa av musea på ein eller annan måte. Statistikken er blitt publisert årleg sidan 1983, med unntak av åra 1984 og 1990. Statistikken har vore publisert i samarbeid med Statens museumsråd, Norsk Museumsutvikling (NMU) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå statistikkrapporteringa i 2011, i samarbeid med Norsk kulturråd.

Brukarar og bruksområde

Forutan å gje departement, fylke og kommunar naudsynt styringsinformasjon, er også Museumsnett, Norsk kulturråd, Noregs museumsforbund, pressa og allmenta viktige brukarar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.  Dette er eit av de viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken blir nytta i samband med annan statistikk i SSB, til dømes med "Norsk kulturbarometer", som er ei undersøking om det norske folks kulturvanar.

Lovheimel

Opplysningane samlast inn av Kulturrådet. Statistisk sentralbyrå nyttar oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk i høve til lov av 16. juni 1989 nr 54 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Det finst ikkje nokon eintydig definisjon for museum i Noreg. Til og med 2001-statistikken betydde dette at alle samlingar som var opne for publikum, kunne vere inkluderte i populasjonen (sjå elles ICOMs definisjon av eit museum: NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad, side 35). Nokre museum blir administrerte under ei eining jamvel om dei er einskilde museum. I desse tilfella vil berre den administrative eininga få tilsendt skjema. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i gjere populasjonen meir stabil.

Det har også gått føre seg ein omfattande konsolideringsprosess i museumssektoren. Denne prosessen førte til at talet på administrative einingar som skulle rapportere, fall år for år i ein periode, men ein reknar likevel med at statistikken dekkjer dei same musea.

Ser ein bort frå konsolideringa, ser ein likevel at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, samstundes med at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.

I 2016 ble fem einingar teke ut av museumspopulasjonen fordi verksemda deira ikkje lenger reknast å ligge innanfor det som er museumsdrift, i hovudsak fordi dei ikkje har eigne samlingar

Datakjelder og utval

Dei enkelte musea er kjelde for sine data. Frå 2017 rapporterer musea elektronisk via Altinn. Norsk kulturråd sender samla datagrunnlag til SSB. Frå 2004  har rapporteringa vore elektronisk til Norsk Kulturråd (tidlegare ABM-utvikling).

Statistikken famnar dei musea som Norsk Kulturråd har registrert og som er opne for publikum, samt har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret.

Datainnsamling, editering og beregninger

Norsk kulturråd sender ut varsel om levering av elektroniske skjema med svarfrist mars/april kvart år. Norsk kulturråd er sjølv ansvarleg for purring. Den samla datafila blir send til SSB for vidare arbeid.

Det blir køyrd manuelle og maskinelle kontrollar under utarbeidinga av statistikken. Med editering meiner ein kontroll, gransking og endring av data.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

Fordi populasjonen ikkje har vore eintydig, og på grunn av varierande svarprosent frå år til år, er det vanskeleg å seie noko om aktiviteten over tid. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk i statistikkåret. Dette som eit ledd i å gjere populasjonen meir stabil.  Samstundes kan vi sjå at populasjonen varierer frå år til år ved at til dømes nokre heilt nye einingar kjem til, og at andre einingar av og til ikkje leverer til den årlege statistikken. Om dei musea som ikkje leverer er små eller store einingar vil sjølvsagd kunne påverka statistikken frå år til år.

I enkelte år kan eit museum vere stengt på grunn av oppussing og liknande. I nokre høve kan dette gi store utslag på tala.

Musea har gjennom åra stadig gjort kvalitetsforbetringar og i nokre høve endra metodikk for teljing av til dømes gjenstandar og objekt. Til dømes er årsaka til over halvparten av endringane i tal på kunsthistoriske gjenstandar frå 2010 til 2011 at frå og med 2011 tel Nasjonalmuseet for kunst alle objekt i samlingane sine som kunsthistoriske gjenstandar. Samt  at museet frå og med 2011 bruker tal på registrerte objekt i ein samlingsdatabase, i staden for å bruke overslag av tal på gjenstandar frå 2002 pluss årleg tilvekst. Over halvparten av endringane i tal på fotografi frå 2010 til 2011 kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.

Frå 2016 er basisutstillingar og temporære utstillingar slått saman til ny kategori Utstillingar.

Musea forbetrar stadig sine samlingar og rapporteringar. Det har og vore tilfellet i 2018, noko som gjer utslag i tala. Til dømes har eit av musea omdefinert delar av sine samlingar til arkiv og dermed går samlinga ut av statistikk for museum og samlingar. Vidare har eit anna museum fått endra status og er dermed heller ikkje pålagt å levera tal til statistikken, noko dei har velt å ikkje gjere for 2018.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan oppstå feil ved utfylling av skjema i dei einskilde musea, og ved arbeidet hos SSB. Dei fleste slike feil blir funne og retta ved maskinelle og manuelle kontrollar. Nokre museum lar vere å svare på enkelte spørsmål i skjemaet.

 

Revisjon

Sjå SSBs prinsipp for revisjon