54165_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/museer/aar
54165
Halvparten av besøka er betalte
statistikk
2011-06-23T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
museer, Museum og samlingar, museumsbesøk, utstillingar, gjenstandar, kulturhistoriske bygningar, sysselsette, inntekter, utgifterKultur og fritid, Kultur, Kultur og fritid, Svalbard
false

Museum og samlingar2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Halvparten av besøka er betalte

Om lag halvparten av museumsbesøka i Noreg i 2010 var besøkjande som betalte for seg. Dei siste fem åra har prosentdelen betalande vore omtrent den same, det vil seie han har variert mellom 48 og 53 prosent.

Museum og samlingar. Besøkjande, betalande og andre, etter fylke. 2010

Skilnadene mellom musea og mellom fylka er store i delen av betalande besøk. Noko av dette kjem av at ikkje alle museum tek betaling. Musea i Svalbard og Hordaland hadde størst prosentdel betalande i 2010, med høvesvis 87 og 82 prosent betalande av det totale besøket. Telemark og Aust-Agder var på den andre sida fylka med færrast betalande besøk, med høvesvis 30 og 33 prosent.

Auke i talet på museumsbesøk

Musea hadde til saman over 10,5 millionar besøk. Dette er over 360 000, eller 4 prosent, fleire enn i 2009. Musea i Sør-Trøndelag hadde over 1,1 million besøkjande i 2010, ein auke på over 170 000, eller 18 prosent, frå 2009.

Frå 2002 har besøket i norske museum auka med over 2 millionar, eller 27 prosent. Det er store variasjonar frå år til år. Størst auke har det vore i Rogaland og Østfold, som begge har hatt litt over ei dobling av museumsbesøka.

Dei fleste samlingane i musea veks

Samlingane i musea består av gjenstandar eller objekt. Det var over 4,4 millionar arkeologiske gjenstandar i norske museum i 2010. Dette var ein auke på over 100 000, eller 3 prosent, frå 2009. Talet på kunsthistoriske gjenstandar har vore stabilt på litt over 450 000 gjenstandar dei to siste åra. Det var nær 3,6 millionar kulturhistoriske gjenstandar i 2010, noko som er ein auke på nesten 50 000, eller 1 prosent, frå 2009. Dei naturhistoriske gjenstandane har hatt ein nedgang på nesten 1,6 millionar, eller 16 prosent, frå i fjor. Dette gjer at talet på naturhistoriske gjenstandar i 2010 var på litt under 10 millionar. Talet på fotografi i dei norske musea har auka med over 1,8 millionar, eller 7 prosent, frå 2009 og var i 2010 oppe i 24,7 millionar.

Museum og samlingar. Totalt besøk. 2002-2010

Musea i Noreg forvaltar nær 5 000 kulturhistoriske bygningar og nesten 2 900 av desse er opne. Frå i fjor er dette ein auke på over 100 kulturhistoriske bygningar og samstundes ei nedgang på over 100 i talet på opne kulturhistoriske bygningar.

Auke i offentlege løyvingar

Dei offentlege løyvingane i 2010 var på 2,60 milliardar kroner. Dette er ein auke på over 84 millionar kroner, eller 3 prosent, frå 2009. Dette er ein mindre prosentvis auke enn tidlegare år, da den prosentvise auken per år låg mellom 9 og 13 prosent frå 2005 til 2009.

Fleire årsverk dei siste fem åra

Det vart utført over 3 900 årsverk i musea i 2010. Frå 2005 er dette ein auke på over 370 årsverk, eller 11 prosent. Over 3 700 årsverk var lønte og utgjer 95 prosent av dei totale årsverka. Sidan 2005 har delen av dei lønte årsverka vore den same. Det vil seie at kvart år sidan 2005 har om lag 5 prosent av årsverka i musea vore frivillig arbeid. Litt under 2 800 av årsverka var faste, dette utgjer 75 prosent av dei lønte årsverka. Frå 2005 er dette ein auke på 3 prosentpoeng, noko som seier at det har vore ein auke i delen med fast stillingar.

Færre administrative einingar

Det var 137 administrative einingar blant dei norske musea i 2010. Dette er ei halvering sidan 2002, og samanlikna med 2009 var det ein nedgang på 11 administrative einingar. Med andre ord er konsolideringsprosessen ennå ikkje heilt over.

Tabeller: