Statistiske analyser 150

Kulturstatistikk 2015

Innhold

Oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Dette er ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg.

I 2015 var det totalt 11,3 millionar besøk i musea i Noreg. Det utgjer ein auke på over 450 000 besøk sidan 2014. I alt var det 12 millionar besøk på kino i 2015, som svarar til 2,3 kinobesøk per innbyggjar.

12,8 milliardar kroner i statlege utgifter til kultur
Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2015 var 12,8 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på over 1,5 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 10,6 milliardar kroner.

Flest kulturarbeidare i Oslo
2,6 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturell og kreativ næring. Desse jobbane er geografisk ujamt fordelte. Over halvparten er samla i dei største byane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Oslo er klart størst med 40 prosent av alle sysselsette i kulturell og kreativ næring.

765,7 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturføremålI 2015 vart det løyva 765,7 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturføremål. Musikkføremål var det største hovudområdet under kulturfondet og utgjorde 34 prosent. Statens kunstnarstipend delte ut 1 814 stipend i 2015, 12 fleire enn året før. Biletkunstnarar var den desidert største gruppa og mottok 553 stipend.

Nesten 2 millionar tilskodarar ved teater og opera
I 2015 var det til saman 1,9 millionar tilskodarar ved teater og opera. Dette var ein auke på nesten 9 prosent frå året før. Ved dei frie danse- og teatergruppene var det 552 000 besøk dette året.

Fleire museumsbesøk
I 2015 var det totalt 11,3 millionar besøk i musea i Noreg. Det utgjer ein auke på over 450 000 besøk sidan 2014. I perioden 2006 til 2015 har talet på museumsbesøk auka med 21 prosent. Samlingane i dei norske musea utgjorde om lag 56 millionar gjenstandar eller objekt i 2015.

16,8 millionar utlån av bøker frå folkebiblioteka
Det vart lånt ut 22,7 millionar bøker og andre medium frå folkebiblioteka. Av det samla utlånet i 2015 var 16,8 millionar utlån av bøker, om lag på same nivå som året før. Det vart lånt ut 6,0 millionar av andre medium. I gjennomsnitt var det 4,4 utlånte bøker og andre medium per innbyggjar.

Færre les vekeblad, teikneserieblad og tidsskrift
I 2015 gjekk totalopplaget for medlemer i Fagpressen ned med 10 prosent samanlikna med året før. Dette kom etter ein periode med relativt stabile opplagstal. Det er i utgangspunktet færre som les vekeblad, teikneserieblad og tidsskrift sett i høve til aviser, men det har òg vore ein nedgang i delen lesarar av vekeblad og tidsskrift.

I snitt 2,3 kinobesøk per innbyggjar
I alt var det 12 millionar besøk på kino i 2015. Det er ein auke i kinobesøket mot førre året da det var om lag 11,1 millionar besøkande på norske kinoar. Besøkstalet svarar til 2,3 kinobesøk per innbyggjar. Samstundes som det er aukande besøkstal på kino i 2015, er det ein nedgang i besøkstal på bygdekinoane som hadde 122 800 besøk same året, om lag 800 færre enn i 2014.

Delen radiolyttarar held stand
Delen radiolyttarar har halde seg relativt konstant i perioden 2000 og 2015 med høvesvis 57 og 59 prosent av befolkninga som lytta til radio på ein gjennomsnittsdag. Lyd- og videomedium har endra innhald dei siste åra. Det som har auka mest dei siste åra er strøymde filer frå internett.

Færre ordinære idrettslag det siste året
Ved utgangen av 2015 var det nær 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Talet på ordinære idrettslag har gått noko ned det siste året og talde 7 819 lag ved utgangen av 2015.

 

Kontakt