Statistiske analyser 145
Kulturstatistikk 2014
- Publikasjonen er en del av serien
- Kulturstatistikk
2014 var eit godt år for scenekunstfeltet. Teater, opera og dans hadde til saman 2,5 millionar tilskodarar, som er ein auke på 7 prosent frå året før. 64 prosent av befolkninga lytta til radio på ein gjennomsnittsdag i 2014. Det er den høgaste delen dei siste ti åra.
Publikasjonen Kulturstatistikk 2014 gir oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Nokre hovudresultat innanfor temaområda i publikasjonen:
Offentlege utgifter til kultur
Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2014 var 12,5 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på over 1,3 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 9,8 milliardar kroner.
Sysselsetjing og føretak i kulturnæring
3 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturnæring i 2014, det utgjer nær 79 000 personar.
Kunstpolitiske tiltak
I 2014 blei det løyva nesten 601 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturformål. Beløpet auka med 23,5 millionar, eller om lag 4 prosent, frå året før. Musikk, litteratur og scenekunst er dei hovudområda som fekk mest, høvesvis 177,4, 155,0 og 130,0 millionar kronar kvar.
Scenekunst, musikk og festivalar
Teater, opera og dans er fortsatt attraktive tilbod innanfor scenekunstfeltet. I 2014 var det til saman 2,5 millionar tilskodarar ved teater, opera og dans. Dette var ein auke på 7 prosent frå året før. Medlemsorganisasjonar i Norsk teater- og orkesterforening (NTO) hadde til saman nær 1,8 millionar tilskodarar på scenekunstfeltet.
Museum
I 2014 var det totalt 10,9 millionar besøk i musea i Norge. Det er ein nedgang på 80 000 besøk, siste året Sjølv om besøkstala har gått ned det siste året, har det vore auke det siste tiåret. Frå 2005 til 2014 har talet på museumsbesøk auka med 1,8 millionar, eller 20 prosent. Samlingane i dei norske musea utgjorde om lag 53 millionar gjenstandar eller objekt i 2014.
Bibliotek
Folkebiblioteka hadde 23,2 millionar utlån i 2014 av bøker og andre medium. Av det totale utlånet i 2014 var 16,8 millionar utlån av bøker, inkludert fornyingar, og 6,5 millionar utlån av andre medium. I gjennomsnitt var det 4,5 utlånte bøker og andre medium per innbyggjar.
Bøker
I 2014 blei det utgitt om lag 11 500 titlar i alt. Det blei utgitt 1 700 titlar innanfor barne- og ungdomslitteratur i 2014, som er 80 færre titlar enn i 2013. Tal frå Norsk mediebarometer 2014 viser at kvar nordmann i gjennomsnitt brukte 11 minutt på boklesing på fritida per dag.
Aviser
Den fallande trenden i opplagstala for papiravisene held fram. Nedgangen frå 2013 til 2014 var på 78 000, noko som utgjorde 3 prosent av det samla avisopplaget i 2013. I 2014 var det samla avisopplaget på 2,2 millionar. I 2014 var det totalt 230 aviser på nett og 187 av desse hadde eigne nyheiter på nettsidene.
Film og kino
I alt var det 11,1 millionar besøk på kino i 2014. Det er ein nedgang i kinobesøket mot førre året da det var om lag 718 000 fleire besøkande på norske kinoar. Besøkstalet svarar til 2,2 kinobesøk per innbyggjar. Samstundes som det er fallande besøkstal på kino i 2014, er det aukande besøkstal på bygdekinoane, som hadde 123 600 besøk same året, om lag 11 400 fleire enn i 2013.
Radio og TV
Delen av befolkninga som lyttar til radio på ein gjennomsnittsdag auka frå 59 prosent i 2013 til 64 prosent i 2014. Sett i lys av siste tiårsperiode, er dette også den høgaste delen i desse åra.
Idrett
Ved utgangen av 2014 var det nær 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, ein auke på 40 000 medlemskapar frå året før. Talet på ordinære idrettslag har gått noko ned det siste året og talde 7 953 lag ved utgangen av 2014.
Om publikasjonen
- Tittel
-
Kulturstatistikk 2014
- Ansvarleg
-
Alice Steinkellner
- Serie og -nummer
-
Statistiske analyser 145
- Utgivar
-
Statistisk sentralbyrå
- Oppdragsgivar
-
Kulturdepartementet
- Emne
-
Kultur
- ISBN (elektronisk)
-
978-82-537-9273-6
- ISBN (trykt)
-
978-82-537-9272-9
- ISSN
-
1892-7521
- Tal sider
-
185
- Målform
-
Nynorsk
- Om Statistiske analyser
-
Statistiske analyser formidler statistikk til en bred leserkrets. Du skal kunne forstå det meste av innholdet uten å ha spesialkunnskaper om statistikk og metode. Her publiseres analyser av statistikk om et allment tilgjengelig og gjerne populært emne.
Kontakt
-
SSBs informasjonstjeneste