Statistiske analyser 142

Kulturstatistikk 2013

Innhald

Finn oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Det var 2,3 millionar besøk på scenekunstinstitusjonane og det frie scenekunstfeltet i 2013, og 10,9 millionar besøk i musea. Den fallande trenden i opplagstala for papiravisene held fram.

I denne publikasjonen presenterer vi oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Hovudformålet med publikasjonen er å beskrive og gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike kulturområde i Noreg. Nokre hovudresultat innanfor temaområda i publikasjonen:

Offentlege utgifter til kultur

Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2013 var over 9,8 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,3 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 9,8 milliardar kroner.

Sysselsetjing og føretak i kulturnæring

3 prosent av dei sysselsette i Noreg hadde hovudjobben sin i kulturnæring i 2013, det utgjer nær 79 000 personar. Jobbane i kulturnæringa er geografisk ujamt fordelte, over halvdelen av alle jobbane samla i kulturnæring er i Oslo, Bergen, Trondheim eller Stavanger. Oslo er klart størst med 39,1 prosent av alle sysselsette i kulturnæring. 38 000 føretak i kulturnæring, unnateke offentlege selskap, var registert aktive per 1. januar 2013.

Kunstpolitiske tiltak

I 2013 blei det delt ut 577 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturformål. Beløpet auka med 37 millionar, eller om lag 7 prosent, frå året før. Musikk, litteratur og scenekunst er dei hovudområda som fekk mest, høvesvis 187,5, 164,3 og 112,6 millionar kronar kvar.

Scenekunst, musikk og festivalar

Til saman var det 2,3 millionar besøk på scenekunstinstitusjonane og det frie scenekunstfeltet i 2013. Til saman var om lag 511 000 til stades på konsertane til medlemmene i Norsk teater- og orkesterforening i 2013. Besøka var fordelt på nær 1 200 konsertar. Nær 1,1 millionar besøkte ein festival i 2013 arrangert av medlemmer i Norske Festivaler. Festivaltilskotsordninga for musikkfestivalar var på til saman 46,9 millionar kroner dette året.

Museum

I 2013 var det totalt 10,9 millionar besøk i musea i Noreg. Det er ein auke på nær 280 000 besøk, eller 2,6 prosent, siste året. Frå 2004 til 2013 har talet på museumsbesøk auka med 2,3 millionar, eller 28 prosent. Samlingane i dei norske musea utgjorde om lag 51 millionar gjenstandar eller objekt i 2013.

Bibliotek

For fjerde året på rad gjekk talet på førstegongslån av bøker frå folkebiblioteka ned, medan talet på fornyingar auka. Det totale utlånet av bøker har også gått noko ned sidan 2010. Folkebiblioteka opplevde ein svak auke, nær 1 prosent, i talet på besøk på landsbasis i 2013.

Bøker

I 2013 blei det utgitt om lag 11 400 titlar i alt. Tal frå Norsk mediebarometer 2013 syner at kvar nordmann i gjennomsnitt brukte 13 minutt på boklesing på fritida ein gjennomsnittsdag.

Aviser

Den fallande trenden i opplagstala for papiravisene held fram. Samla avisopplag i 2013 var på 2,2 millionar, ein nedgang på 192 000, 7,9 prosent frå året før. Fallande opplagstal for papiravisene har vore i gang i mange år.

Film og kino

I alt var det 11,8 millionar besøk på kino i 2013. Det er ein liten nedgang i kinobesøket mot førre året da det var 320 000 fleire besøkande på norske kinoar. Norsk films del av kinobesøket har auka noko over tid. I 2013 var det 2,7 millionar besøk på norske filmar, medan det i 1999 var registrert 1 million besøk. Dette viser tal frå Film og Kino.

Radio og TV

Delen radiolyttarar i befolkninga ligg på 59 prosent i 2013, medan delen TV-sjåarar ligg på 74 prosent.

Idrett

Ved utgangen av 2013 var det nær 1,9 millionar ordinære medlemskapar i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, ein auke på 4 800 medlemskapar frå året før. Talet på ordinære idrettslaglag har auka noe og var på 7 967 lag ved utgangen av 2013.

Kontakt