Samfunnsspeilet, 2012/2

Kultur og digitalisering

Eit tastetrykk unna kulturlivet

Publisert:

Kultur-Noreg har under Kulturløftet teke steget inn i det digitale universet. Og som universet stadig utvidar seg, så gjer den digitale kulturen det same. Du kan no sitje i sofakroken og sjå på digitale utstillingar, lese digitale bøker og aviser, sjå på digital-TV og høyre på digital radio. Du kan også bla i digitale arkiv, slik som stadig fleire nordmenn gjer. Tala er eintydige, frå 1998 til 2010 har talet på søk/nedlastingar frå Digitalarkivet auka frå 9 millionar til over 210 millionar.

Kulturstatistikk 2010 gir innblikk i eit stort mangfald av norsk kulturliv. Med Kulturløftet er det vekst på mange område frå 2009 til 2010; dei offentlege løyvingane til kultur aukar, det blei utgitt fleire bøker, besøk på musea aukar, og det er aukande interesse for å delta i idrettslivet. Men bakanfor desse tala ligg det ein annan, kanskje mindre synleg, dimensjon, nemleg den aukande digitaliseringa av norsk kultur. I den nye digitale tidsalderen er dette slettes ikkje uventa, men det er likevel verdt ein nærare titt på denne formidable innsatsen som blir gjort i dette kulturelle digitaliseringsarbeidet.

Kulturløftet

Kulturløftet er regjeringas satsing på norsk kulturliv og består no av 17 punkter.

Det første punktet, og hovudmålet for satsinga, er at 1 prosent av stats­budsjettet skal gå til kulturformål innan 2014. Dei andre punkta dreiar seg om kulturskolar, bibliotek, film, musikk, dans, teater, arkitektur, biletkunst, samisk kultur, internasjonalisering, næringsutvikling, med meir.

Kulturløftet blei presentert av dei raudgrøne partia før stortingsvalet i 2005 og blei vidareført i 2009 av den andre raudgrøne regjeringa. (Kulturdepartementet)

Figur 1. Digitalarkivet. Søk/nedlastingar. 1998-2010. Millionar

Figur 1. Digitalarkivet. Søk/nedlastingar. 1998-2010. Millionar

Digitalarkivet - eit flaggskip

Digitalarkivet er ein kulturinstitusjon som har gjort mykje for digitalisering av norsk kultur. Det skulle kanskje berre mangle, primæroppgåva til Digitalarkivet er tross alt å digitalisere dokument frå arkiva og gjere desse tilgjengelege via Internett. I Digitalarkivet (www.arkivverket.no/Digitalarkivet) kan du blant anna søkje i databasar for fem folketeljingar frå 1801 til 1910, bla i over 12 000 skanna kyrkjebøker, tusenvis av skanna tinglysingsdokument og andre dokument, og sjå på bilete og lytte til digitalisert lyd.

Desse tenestene har vore svært populære, noko som viser seg i utruleg mange besøk på nettsidene. Sidan Digitalarkivet opna, har talet på søk/nedlastingar auka frå 9 millionar i 1998 til over 210 millionar i 2010. Over halvparten av dette er nedlasta sider frå skanna kyrkjebøker. Kyrkjebøkene var først tilgjengelege på nettet frå 2006. Frå 2008 har det òg vore mogleg å laste ned skanna tinglysingsdokument. Talet på søk/nedlastingar av tinglysingdokumenta har auka frå 9 millionar i 2009 til 31 millionar i 2010 (sjå figur 1). Etter at digitaliseringa av arkivert materiale har eskalert, er det klart enklare å drive med slektsgransking frå sofakroken. Og vi har enno ikkje nådd slutten på visa, Digitalarkivet har mykje materiale som framleis ikkje er digitalisert.

Nasjonal digitalisering av kinoane

Kinoane har fått eit kjempeløft etter at nær alle kinoane i Noreg har blitt digitaliserte etter eit samarbeid mellom kinoane, distributørane og offentlege midlar gjennom Norsk kino- og filmfond. Det er fleire fordelar ved å digitalisere kinoane; dei minste kinoane får filmane tidlegare; det blir lettare å vise filmarbeid frå lokale filmverkstader; det blir enklare å leggje til rette for syns- og hørselshemma (Meld. St. nr. 10:2011-2012).

Noreg er det første landet i verda som har gjennomført ei samla digitalisering av kinoane. Det heile starta i 2006 med nokre få forsøksprosjekt, og ved utgangen av 2010 var det 250 salar med digitalkino. Digitaliseringa var gjennomført på nær alle kinoane i Noreg i juni 2011. Etter den tid har spådomane blitt oppfylte; dei mindre kinoane har fått fleire filmar å velje mellom, premierane har kome tidlegare, det har blitt vist nokre lokale produksjonar på kinolerretet, og talet på besøk har auka, spesielt i dei mindre kinoane (Film & Kino 2011; 2012).

Definisjon av museum

Eit museum er ein permanent institusjon, ikkje basert på profitt, som skal tene samfunnet og utviklinga og vere open for publikum, og som samlar inn, bevarer/konserverer, forskar i, formidlar og stiller ut materielle og immaterielle vitnesbyrd om menneskje og omgjevnaden deira i studie-, utdannings- og underhaldningssiktemål. (Norsk ICOM)

Fleire les avis på Internett

Avisene slepp heller ikkje unna digitaliseringa. Sidan dei første to avisene (Brønnøysund Avis og Dagbladet) begynte med nyheiter på Internett, har både Internett generelt og nettaviser spesielt, blitt ein del av det store nyheitsbiletet i det norske samfunnet (Høst 2011:15). I ei tid når stadig færre les avis på papir, og det samla avisopplaget fell frå år til år, er det mange aviser som satsar på nettaviser. Rett nok er ikkje biletet eintydig då fleire aviser har relativt stabilt opplag, og nokre aviser har trappa ned satsinga på nettsider, det vil stort sett seie at dei ikkje har eigne nyheiter på Internett. Likevel er det store bilete klart; Internett er eit viktig område for avisene, og for dei store avisene er det òg viktig å ha fyldige nettsider.

Figur 2. Lesing av trykt avis og nettavis blant personar 9-79 år ein gjennomsnitts­dag. 2001-2010. Prosent

Figur 2. Lesing av trykt avis og nettavis blant personar 9-79 år ein gjennomsnitts­dag. 2001-2010. Prosent

Nesten alle avisene hadde i 2010 eit tilbod på Internett, og dei fleste av desse hadde eigne nyheiter på nettsidene sine. Det har vore ein trend at stadig fleire aviser har oppdaterte nyheiter på Internett, men Kulturstatistikk 2010 viser ein tilbakegang frå 2008 til 2010. I 2008 hadde 65 prosent av avisene oppdaterte nyheiter på nettsidene sine, mens i 2010 hadde 49 prosent oppdaterte nyheiter. Noko av nedgangen kan skuldast strengare krav til kva oppdaterte nyheiter er, men det er likevel klart at mange lokale dagsaviser har redusert talet på oppdaterte nyheiter frå 2008 til 2010 (Høst 2011:21).

Nedgangen i opplaget er eit resultat av færre lesarar. Og kanskje er fleire nyheiter på nett­sidene eit resultat av fleire lesarar. Eller er det ikkje så enkelt? Uansett, tendensane er klare; det er stadig færre som les trykte aviser, og det er stadig fleire som les nettaviser. Den sterke posisjonen til norske aviser ser likevel ikkje ut til å vere truga. Den aukande delen som les nettavis, veg opp for den minkande delen som les trykt avis. Delen som les anten trykt avis eller nettavis, har halde seg stabil rundt 80 prosent dei siste ti åra (sjå figur 2).

Digitalt museum

I Kulturstatistikk 2010 kan du lese at dei norske musea hadde over 10,5 millionar besøk i 2010, ein auke på nesten 1,5 millionar frå 2005. Ein grunn til denne positive utviklinga kan vere at dei norske musea har forbetra formidlinga si, og at dei presenterar meir av dei store og spennande samlingane sine for eit breitt publikum. I 2010 var det over 43 millionar gjenstandar i musea, og ein fjerdedel av desse var registrert elektronisk. Musea legg ned eit stort arbeid i å registrere samlingane sine i elektronisk format, men det er ei utfordring å få registrert alt, sidan tilveksten også er stor. Totalt sett er det berre ein liten del av samlingane som er tilgjengelege på Internett.

Tradisjonelt har gjenstandane fyrst og fremst blitt viste fram i museas utstillingar og i bøker. Store delar av samlingane har derfor sjeldan eller aldri blitt viste for publikum. Men i 2010 hadde nesten alle dei norske musea utstillingar på Internett, etter fleire år der omtrent ein tredjedel eller færre av musea hadde eigne utstillingar på nettet.

Det store steget inn i det digitale universet tok musea då ei ny utgåve av DigitaltMuseum (www.digitaltmuseum.no) vart opna av Kulturrådets direktør, Anne Aasheim 20. januar i år. DigitaltMuseum har no over ein million gjenstandar frå over 90 museum. Ei utfordring for dei vanlege musea er at det er mange gjenstandar som sjeldan eller aldri blir stilt ut, og dermed er dei ikkje tilgjengelege for publikum. Dette kan DigitaltMuseum endre på, sidan samlingane her er digitalt tilgjengelege for alle.

Med andre ord kan vi sitje heime i sofakroken mens vi samstundes er på museum. I tillegg er det mogleg for brukarane å bidra med opplysningar om gjenstandane, og dermed kan også musea nyte godt av kunnskapen til brukarane.

Pliktavlevering

Dette er ei ordning regulert i lov der alle dokumenta som er laga for spreiing ut over ein privat krins, er avleveringspliktige uavhengig av medietype. Formålet med pliktavlevering er å tryggje allment tilgjengelege dokument til nasjonale samlingar, slik at det blir mogeleg å ta vare på desse vitnesbyrda om norsk kultur og samfunnsliv og gjere dei tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. Noreg har hatt pliktavlevering heilt sidan 1697. Formålet med dei ulike lovpåboda har variert frå sensur via dokumentasjon av styresmaktenes arbeid til den kulturelle målsetjinga i dag.

Bla i bokhylla

Dei fleste bibliotek har lenge hatt ein nettstad der du kan søkje i samlinga og reservere eller fornye lånt materiale. Med inntoget av digitale bøker har Nasjonalbiblioteket hatt ei storsatsing på digitalisering av bøker frå 1690-, 1790-, 1890- og 1990-talet. Dette er tilgjengeleg for alle på Bokhylla (www.bokhylla.no), og her kan du no lese over 58 000 digitale bøker.

Nasjonalbiblioteket har òg ansvar for pliktavlevert materiale. Ser ein på tala for pliktavlevert materiale, ser ein at digitalt materiale dominerar fullstendig. Norske nettdokument utgjer 99 prosent av talet på pliktavlevert materiale dei siste åra.

Definisjon av kulturminne

Med kulturminne meiner vi alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet vårt, medrekna lokalitetar som det knyter seg historiske hendingar, tro eller tradisjon til.

Søk etter kulturminne

Vi har mange kulturminne i Noreg. 203 000 freda kulturminne er registrerte i databasen til Riksantikvaren ved utgangen av 2010. Kulturstatistikk 2010 visar at tilveksten dei siste åra har vore på bortimot 10 000 kulturminne kvart år. Alt frå kyrkjer, forsvarsanlegg, kioskar, bensinstasjonar og fartøy til kokegroper, gravhaugar og tjærebrenningsanlegg er registrert som kulturminne. Riksantikvaren, som i år feirar sitt 100-årsjubileum, står for kulturminneforvaltninga i Noreg og arbeider for at fleire kulturminne, kulturmiljø og landskap skal bli tekne betre vare på. Kulturminne og kulturmiljø med eigenarten og variasjonen dei har, skal vernast både som ein del av kulturarven og identiteten vår og som eit ledd i en heilskapleg miljø- og ressursforvaltning.

På Riksantikvarens Kulturminnesøk (www.kulturminnesok.no) er det mogleg å søkje blant over 115 000 kulturminne. Dette er over halvparten av dei freda kulturminna i Noreg. På Kulturminnesøk får du ei geografisk oversikt med bilete av kulturminna. Utforsk rundt heimstaden din, eller dra på kulturminnejakt ein heilt annan stad.

Figur 3. Pliktavlevering av kringkasta materiale frå radio og fjernsyn. 2004-2010

Figur 3. Pliktavlevering av kringkasta materiale frå radio og fjernsyn. 2004-2010

Digital-TV og DAB-radio

Vi er for lengst inne i den digitale alderen når det gjeld fjernsyn. Digitaliseringa av riksnettet for fjernsyn blei sluttført i 2009. I tillegg til å auke den teknologiske kvaliteten på sendingane har digital-TV gitt brukarane tilgang til funksjonar som elektronisk programguide (EPG) og personleg videoopptakar (PVR). Teknologien gjer det òg mogleg å tilby tilrettelagde tenester for syns- og høyrselshemma.

DAB-radiosendingar har vi òg hatt i Noreg sidan 1995, men det analoge FM-nettet er enno operativt og vil minst vere det fram til 2017 (Meld. St. nr. 8:2010-2011). I dag er det derfor mange radiokanalar som sender både digitalt og analogt. I tillegg er mange kanalar tilgjengelege som nettradio. Digitalisering av radio gjev moglegheit for integrering av fleire medium og nye tenester, meir robuste signal og auka mangfald.

Utviklinga mot stadig meir digitaliserte medium blir godt synleggjort gjennom pliktavleveringa til Nasjonalbiblioteket. Avlevering av kringkasta materiale er redusert betydeleg dei siste åra, mens avlevering av filer for digital radio og digitalt fjernsyn har auka svært mykje (sjå figur 3).

Finn eit idrettsanlegg

Dei siste åra har vi fått stadig fleire idrettsanlegg. Kulturstatistikk 2010 viser at talet på anlegg auka med nær 1 700 i 2010. I idrettsanleggregisteret (www.idrettsanlegg.no) kan ein søkje blant desse anlegga og få opp den geografiske plasseringa til anlegga, med flyfoto. Anleggsregisteret er Kulturdepartementets register over idrettsanlegga i Noreg, og det er ein portal for nettbaserte søknader om spelemidlar til idrettsanlegg. Det inneheld òg tiltak for friluftsliv som har fått tilskot av spelemidlane. Her finn ein store anlegg som er bygde og utforma for internasjonale meisterskap, og små balløkker og skianlegg.

Idrettsanleggsregisteret har dei siste åra vore gjennom ei opprydding og kvalitetsheving. Nær 52 000 anlegg er eksisterande og i drift. Om lag 1 000 av desse einingane manglar framleis klassifikasjon, men dei siste tala viser at oppryddinga har hatt god effekt.

Kultur på Facebook

I tillegg til alt dette finn ein mykje av kulturinstitusjonane i sosiale medium på Internett. Det er mange museum, arkiv, bibliotek, aviser, idrettslag og andre kulturorganisasjonar som er aktive på Facebook og andre sosiale medium. Dels er dette arenaer for å skape, spreie, publisere, lagre og gjenbruke innhald, og dels handlar det om deling, samhandling og samarbeid med og mellom brukarar.

I det digitale universet spelar geografi og sosial tilhøyrsle ei mindre rolle enn tidlegare. Kulturen blir tilgjengeleg på nye måtar, og arenaer for ein betre kommunikasjon blir skapt. På mange område har kulturen lukkast i det digitale universet, mens på andre område står kulturen enno i startgropa. På ein måte kan auka tilgjengelegheit gjennom digitale medium vere noko av årsaka til at ein får reduserte tal på besøk og bruk av kulturtilbod og kulturaktivitetar. Får ein derimot teke i bruk dei nye kommunikasjonsverktøya og skapt ein god tovegs kommunikasjon, er det stor sjanse for at samspelet mellom det digitale og det fysiske kulturtilbodet aukar både breidda i og den totale oppslutninga om kulturtilboda.

Referansar

Bokhylla, Nasjonalbiblioteket ( http://www.bokhylla.no ).

Digitalarkivet, Arkivverket ( http://www.arkivverket.no/Digitalarkivet ).

DigitaltMuseum ( http://www.digitaltmuseum.no ).

Film & Kino (22. juni 2011): «Digitale kinoer gir økt besøk» ( http://www.kino.no/incoming/article419686.ece ).

Film & Kino (13. januar 2012): «Besøksstatistikk for norske kinoer 2011» ( http://www.kino.no/incoming/article440837.ece ).

Høst, Sigurd (2011): Avisåret 2010 , Rapport 18, Høgskulen i Volda

Idrettsanleggregisteret, Kulturdepartementet ( http://www.idrettsanlegg.no ).

Kulturdepartementet.

Kulturminneloven: lov om kulturminne, 1978-06-09-50: ( http://www.lovdata.no/all/hl-19780609-050.html ).

Kulturminnesøk, Riksantikvaren ( http://www.kulturminnesok.no ).

Nasjonalbiblioteket ( http://www.nb.no/ ).

Norsk ICOM ( http://www.icom-norway.org/definisjon.html ).

Statistisk sentralbyrå (2011): Norsk mediebarometer 2010 , Statistiske analysar 121.

Statistisk sentralbyrå (2012): Kulturstatistikk 2010 , Statistiske analysar 127.

Meld. St. nr. 8 (2010-2011): Digitalisering av radiomediet , Kulturdepartementet.

Meld. St. nr. 10 (2011-2012): Kultur, inkludering og deltaking , Kulturdepartementet.

Kontakt