38636
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38636
Sogn og Fjordane: Eitt av fire bruk med maskinsamarbeid
statistikk
2001-02-26T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sogn og Fjordane: Eitt av fire bruk med maskinsamarbeid

1 300 av driftseiningane i jordbruket i Sogn og Fjordane dreiv maskinsamarbeid eller bytearbeid med maskinar i 1999. Mest utbreidd var samarbeid i samband med hausting av grovfôr.

Ikkje uventa var det arbeidsoperasjonar som krev større og dyrare maskinar, det var mest utbreidd med samarbeid eller bytearbeid. Grovfôrslått og rundballepakking var mest utbreidd, og rundt 400 driftseiningar dreiv samarbeid eller bytearbeid kring slikt arbeid. Om lag det same talet bruk var med i samarbeid om spreiing av husdyrgjødsel, medan noko færre samarbeidde om pløying/harving, såing og sprøyting.

Maskinsamarbeid og bytearbeid med maskinar utan betaling, blir forstått som at gardbrukarane inngår i eit samarbeid med kvar sine maskinar, eller at dei er medlemmer i eit noko meir formelt samarbeid med felles maskinar. At to brukarar berre eig kvar sin halvpart i ein maskin, blir etter denne definisjonen ikkje definert som maskinsamarbeid.

Eitt av fire bruk nedlagt

I 1999 var det i alt 5 300 driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Sidan 1989 har brukstalet gått tilbake med rundt 25 prosent. Det er dei minste bruka som har blitt lagt ned som sjølvstendige einingar, og talet på bruk med mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift har blitt halvert. Dei attverande bruka blei større, og talet på bruk med 200 dekar i drift eller meir har blitt nær tredobla sidan 1989. Gjennomsnittsbruket auka i tiårsperioden med 25 dekar i drift til 89 dekar, og dette var av dei minste gjennomsnittsbruka i landet.

6 500 årsverk

I alt blei det utført arbeidsinnsats tilsvarande 6 500 årsverk på driftseiningane i Sogn og Fjordane i 1998/1999. På 2 900, eller noko over halvparten av bruka, var den samla arbeidsinnsatsen på eitt årsverk eller meir, medan 1 100 av driftseiningane hadde arbeidsinnsats mindre enn eit halvt årsverk.

Av dei i alt 9 200 brukarane (medrekna ektefellar og sambuarar) arbeidde 2 900 minst 1 500 timar på bruket. I 1989 var det 4 300 brukarar som arbeidde minst 1 500 timar.

30 prosent med landbruksutdanning

På 1 600, eller nesten kvar tredje driftseining, hadde minst ein av brukarane landbruksutdanning. Dei fleste hadde utdanning på agronomnivå eller høgare. 29 prosent av dei mannlege brukarane, og 8 prosent av dei kvinnelege brukarane hadde landbruksutdanning. I 1989 var det minst ein brukar med landbruksutdanning på 23 prosent av driftseiningane. 24 prosent av mennene og 4 prosent av kvinnene var landbruksutdanna.

Andre resultat

Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegging av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det blir vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

Tabeller: