38638
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38638
Hordaland: 1 500 bruk leigde inn maskinar med førar
statistikk
2001-02-25T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Hordaland: 1 500 bruk leigde inn maskinar med førar

Om lag kvar fjerde driftseining med areal i drift i Hordaland leigde inn maskinar med førar mot betaling i 1998/1999. Det var mest vanleg å leige inn maskinar med førar til pakking og pressing av rundballar med grovfôr. Meir enn 1 000 bruk leigde hjelp til slikt arbeid.

I alt var det 5 200 bruk med fulldyrka eng til slått og beite, og tala ovanfor viser at minst kvart femte bruk nytta rundballar til konservering av grovfôr.

Rundt 700 driftseiningar dreiv leigekøyring for andre mot betaling i 1998/1999. Dette tilsvarte vel 10 prosent av alle bruk med areal i drift. Køyring for andre omfattar også køyring utanfor jordbruksnæringa, og mest utbreidd var anna leigekøyring som til dømes snørydding. 131 bruk dreiv med slått av grovfôr og knapt 100 dreiv pakking og pressing av grovfôr for andre.

5 600 bruk i drift

I 1999 var det i alt 5 600 driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Sidan 1989 har brukstalet gått tilbake over 2 000 bruk, eller over 27 prosent. Det er dei minste bruka som har blitt lagt ned som sjølvstendige einingar, og talet på bruk med mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift har blitt halvert. Gjennomsnittsbruket auka i tiårsperioden med 24 dekar i drift til 84 dekar.

Leige av jord auka sterkt frå 1989 til 1999. I 1989 blei 108 000 dekar innleigd, noko som utgjorde 23 prosent av alt areal i drift. Ti år seinare blei 149 000 dekar eller 41 prosent av arealet innleigd. I alt blei det betalt 7,1 millionar kroner i jordleige, noko som tilsvarte 108 kroner per dekar.

6 200 årsverk

I alt blei det utført arbeidsinnsats tilsvarande 6 200 årsverk på driftseiningane i Hordaland i 1998/1999. På 2 500, eller noko over halvparten av bruka, var den samla arbeidsinnsatsen på eitt årsverk eller meir, medan 1 500 av driftseiningane hadde arbeidsinnsats mindre enn eit halvt årsverk.

Av dei i alt 10 000 brukarane (medrekna ektefellar og sambuarar) arbeidde 2 500 minst 1 500 timar på bruket. I 1989 var det 3 500 brukarar som arbeidde så mykje. I 1989 arbeidde kring 33 prosent av brukarane 1 500 timar eller meir utanom bruket. Ti år seinare hadde dette stige til 36 prosent.

Mykje overflatedyrka areal

I alt var det 470 000 dekar jordbruksareal i drift i Hordaland, og arealet har endra seg lite sidan 1989. Heile 96 prosent av arealet var eng til slått og beite, og rundt 40 prosent av dette arealet var overflatedyrka eng og innmarksbeite. Av den fulldyrka enga var nesten halvparten ti år eller eldre, medan 90 prosent av den overflatedyrka enga var så gammal.

Andre resultat

Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegging av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det blir vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

Tabeller: