38648_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38648
Møre og Romsdal: Minst eitt årsverk på halvparten av bruka
statistikk
2001-02-10T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Møre og Romsdal: Minst eitt årsverk på halvparten av bruka

2 800 av driftseiningane i jordbruket i Møre og Romsdal hadde ein samla arbeidsinnsats på eitt årsverk eller meir i 1999. Dette svarte til noko over halvparten av alle bruk med areal i drift. Resultata er henta frå jordbruksteljinga som vart gjennomført i 1999.

Til saman vart det i 1999 utført arbeidsinnsats på til saman 6 300 årsverk i jord- og hagebruk. På vel halvparten av dei i alt 5 000 bruka vart det utført arbeidsinnsats på eitt årsverk eller meir. På kvart femte bruk var arbeidsinnsatsen på to årsverk eller meir.

Nesten annankvar av dei mannlege brukarane arbeidde 1 500 timar eller meir på driftseininga, medan rundt 13 prosent av dei kvinnelege brukarane arbeidde så mykje. På den andre sida arbeidde 38 prosent av mennene og 25 prosent av kvinnene 1 500 timar eller meir utanfor bruket.

Eitt av tre bruk nedlagt

I 1999 var det i alt 5 000 driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Sidan 1989 har brukstalet gått tilbake med rundt 33 prosent. Det er dei minste bruka som har blitt lagde ned som sjølvstendige einingar. Talet på bruk med mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift, har gått tilbake med 63 prosent. Dei attverande bruka vert større, og talet på bruk med 200 dekar i drift eller meir har blitt dobla sidan 1989. I 1999 hadde gjennomsnittsbruket 123 dekar jordbruksareal i drift. Dette er ein auke på 43 dekar sidan 1989.

Små endringar i husdyrtalet

Teljinga i 1999 viser at det er overraskande små endringar i talet på storfe, alssvin og sau. Talet på mjølkeku har gått ned 5 000, medan talet på andre storfe har auka tilsvarande. Det har blitt færre bruk med husdyr, og dermed har buskapane blitt større.

Ni av ti bruk med areal i drift dreiv i 1999 ei eller anna form for husdyrhald.

Kvar femte brukar er einsleg

Av i alt 5 000 driftseiningar med personlege brukarar, var kvar femte brukar einsleg. Dette er det same forholdet som i 1989.

Gjennomsnittsalderen på bonden i Møre og Romsdal har gått ned frå 49,7 år i 1989 til 48,5 år i 1999. Talet på brukarar som er 60 år eller eldre utgjer ein stadig mindre del av bondestanden, medan 50-åringane utgjer ein større del enn for ti år sidan.

30 prosent overteke sidan 1990

4 700 av brukarane eig eigedommen sjølv. 1 300 eller knapt 30 prosent av eigarane fekk eigedomsrett etter 1989. I kvar av tiårsperiodane 1980-1989 og 1970-1979 vart om lag like mange eigedommar overtekne som på 1990-talet. 14 prosent av eigedommane vart overtekne før 1970.

Andre resultat

Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegging av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det vert vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

Tabeller: