56669_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
56669
Rogaland: Husdyrfylke nummer ein
statistikk
2001-02-01T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rogaland: Husdyrfylke nummer ein

52 000 mjølkekyr, 120 000 ungdyr, 21 000 alssvin , 158 000 sauer over eitt år og 800 000 verpehøner. Desse tala gjer Rogaland til husdyrfylke nummer ein. Det er endelege tal frå Jordbruksteljing 1999 som viser dette.

Husdyrtala viser at kvar sjette ku, kvar femte alsgris, kvar sjette sau og kvar fjerde høne høyrde til i Rogaland. Frå 1989 til 1999 har talet på storfe auka med 10 000, sjølv om talet på mjølkeku har gått noko tilbake. Tal alsgris har gått opp med 3 000, medan det har bitt 125 000 færre verpehøner. Sauetalet er uendra i perioden. Av i alt 6 200 bruk driv heile 92 prosent med ei eller anna form for husdyrhald.

1 av 5 bruk nedlagt

I 1999 var det i alt 6 200 driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Sidan 1989 har brukstalet gått tilbake med rundt 20 prosent. Det er dei minste bruka som har blitt lagt ned som sjølvstendige einingar. Dei attverande bruka vert større. I 1999 hadde gjennomsnittsbruket 156 dekar jordbruksareal i drift. Dette er ein auke på 46 dekar sidan 1989. På 10 år har talet på bruk med minst 200 dekar i drift auka med heile 80 prosent. Talet på bruk med mindre enn 50 dekar har blitt halvert.

Sidan 1989 har jordbruksarealet auka med over 120 000 dekar til 970 000 dekar. Det er overflatedyrka areal som har stått for størsteparten av auken. Strengare krav til areal for spreiing av husdyrgjødsel og endring i reglane for tilskottsutbetaling framfor reell arealauke er truleg hovudårsaka til at endringa er så markant.

9 400 årsverk

I alt blei det utført arbeidsinnsats tilsvarande 9 400 årsverk på driftseiningane i Rogaland. På 2 400 bruk var den samla arbeidsinnsatsen mellom eitt og to årsverk. 1 700 hadde to årsverk eller meir. Av dei i alt 11 100 brukarane (medrekna ektefellar og sambuarar) arbeidde 4 200 minst 1 500 timar på bruket. I 1989 var det 5 600 brukarar som arbeidde minst 1 500 timar.

Tre fjerdedelar av arbeidsinnsatsen vart utført av brukarane, medan resten vart delt likt mellom familiemedlemmer og anna fast og tilfeldig hjelp.

460 000 dekar fulldyrka eng

Fulldyrka eng til slått og beite utgjer knapt halvparten av det dyrka arealet i Rogaland. 43 prosent av enga var mellom 2 og 4 år gammal, medan 27 prosent var mellom 5 og 9 år. Berre 14 prosent av arealet vart registrert som 10 år eller eldre.

Endra gjødslingspraksis

Av i alt 5 800 driftseiningar med fulldyrka eng i 1999, nytta 5 600 handelsgjødsel. I 1989 tilførte kvar tredje brukar 2,5 kg fosfor eller meir per dekar. Denne andelen er no redusert til 15 prosent. For nitrogen er biletet noko annleis. Ein relativt større del av brukarane tilfører mindre enn 20 kg N per dekar.

Andre resultat

Jordbruksteljinga spenner vidt i kartlegging av ulike forhold i jordbruksnæringa, og det er for omfattande å kommentere alle resultata her. Det vert vist til tabellvedlegg under og "Tall for den enkelte kommune" til venstre for meir informasjon. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

Tabeller