38658_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38658
Færre og større veksthus
statistikk
2000-05-31T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre og større veksthus

Førebels tal frå Gartneri- og hagebruksteljing 1999, viser at talet på veksthusprodusentar har gått ned med 40 prosent dei siste 10 åra. Veksthusarealet har òg gått ned, men ikkje i like stor grad. I 1999 var det nesten 800 veksthusprodusentar som til saman hadde 1 600 dekar veksthusareal.

Samanlikna med 1979 har talet på veksthusprodusentar blitt halvert. I same perioden har veksthusarealet gått ned frå i overkant av 1 900 dekar, ein nedgang på 16 prosent. Gjennomsnittsarealet på veksthusa har dei siste 20 åra auka frå 346 m2 til 599 m2.

 Talet på veksthusprodusentar og veksthusareal i dekar

Noko over kvar fjerde produsent og nesten ein tredel av veksthusarealet held til i Rogaland. Deretter er det Buskerud og Vestfold som har flest produsentar.

I 1998 vart det utført 1 750 årsverk i veksthusnæringa. Nesten halvparten av arbeidsinnsatsen vart utført av kvinner, noko som er mykje innanfor primærnæringane.

Meir elektrisitet

Utviklinga i energiforbruket viser ei klar endring mot auka bruk av elektrisitet framfor fyringsoljar. På 10 år har elektrisitetsforbruket auka med 65 prosent til 424 000 kWh. Samstundes har forbruket av lette fyringsoljar blitt redusert frå 48,5 millionar liter i 1988 til 35,6 millionar i 1998, ein reduksjon på rundt 25 prosent. Forbruket av tungolje har gått ned med nesten 75 prosent. Forbruket av bioenergi, som flis, halm, ved mv. er kartlagt til vel 4 000 tonn, ein nedgang på 30 prosent. Kol er no heilt ute som energimiddel i veksthusa. Forbrenning av gass til oppvarming vert så å seie berre nytt i Rogaland.

Halvparten med investering

I perioden 1996-1998 vart det investert i alt 327 millionar kroner hos halvparten eller 400 av veksthusprodusentane. 275 millionar gjekk med til nye veksthus med innreiingar og varmeanlegg, medan 52 millionar gjekk med til tilhøyrande driftsbygningar som pakkerom og lager. Nesten halvparten av investeringane vart gjennomførte i 1998.

Halvparten med eige utsal

Halvparten av veksthusprodusentane har eige utsal for veksthusprodukta. 300 har utsalet ved gartneriet, 70 har utsal utanom gartneriet og 70 produsentar har utsal frå eigen bil.

15 millionar salathovud

Produksjonen i veksthusa er arealmessig om lag likt fordelt mellom grønsaker og blomstrar, kvar på 640 dekar. I tillegg kjem 184 dekar snittblomstrar og 25 dekar bær.

Tomat er den største grønsakskulturen, og det vart dyrka tomat på 316 dekar i 1998. Agurk vart dyrka på rundt 230 dekar. Utviklinga viser ein auke i agurkdyrkinga, medan tomatdyrkinga har gått noko tilbake. I 1998 vart det hausta over 15 millionar salathovud. Nye salattypar og endringar i sortsval mv. gjer det vanskeleg å samanlikne salatproduksjonen i 1998 med tidlegare teljingar. Til dømes er rapidsalat ein relativ nyskapning som det i 1998 var hausta kring 10,5 millionar stk. av.

Arealtal for 1999 er ikkje direkte samanliknbare med tidlegare undersøkingar, sidan det no er omgrepet "årskvadratmeter" som vert nytta. Årskvadratmeter tek omsyn til om det i same arealet vert nytta til fleire ulike produksjonar vegd opp mot kor stor del av året kvar kultur vert dyrka. I tidlegare undersøkingar vart det same arealet rekna fleire gonger dersom det vart nytta til ulike kulturar.

Blomsterproduksjon

Statistisk sentralbyrå har førebels valt ikkje å gå ut med tal for store delar av blomsterproduksjonen. Årsaka til dette er at slik produksjon er konsentrert på få og store einingar. Sidan arbeidet med skjemagjennomgangen enno ikkje er helt avslutta, kan nye oppgåver dukke opp og medføre store endringar i talmaterialet. Tal vil bli publisert ved eit seinare høve.

Tabeller: