38666_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38666
79 200 årsverk i jord- og hagebruk
statistikk
2000-03-16T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

79 200 årsverk i jord- og hagebruk

Førebels tal frå Jordbruksteljing 1999 viser at det frå 1. august 1998 til 31. juli 1999 vart utført 148,5 millionar timeverk i jord- og hagebruk. Dette svarer til om lag 79 200 årsverk. Samanlikna med 1994/1995 er dette ein nedgang på 11 400 årsverk eller 13 prosent.

Brukar og eventuell ektefelle eller sambuar sin arbeidsinnsats som sjølvstendig næringsdrivande eller som tilsett utanom gardsbruket, utgjorde i 1998/1999 55 000 årsverk. Samanlikna med 1994/1995 er dette ein nedgang på 6 700 årsverk eller 11 prosent. Dersom arbeid i tilleggsnæringar på driftseiningane vert rekna med i 1998/1999, er nedgangen på 3 prosent - sjå eigen artikkel om tilleggsnæringar. Mykje av nedgangen i arbeidsforbruk utanom driftseininga kan forklarast med ein nedgang i brukstalet.

Auka effektivitet i jord- og hagebruk

Arbeidsinnsats per 100 dekar jordbruksareal har frå 1994/1995 til 1998/1999 gått ned frå 1 674 til 1 435 timeverk, ein nedgang på rundt 3,5 prosent per år. Per gardsbruk med areal i drift auka arbeidsinnsatsen i jord- og hagebruk i same perioden frå 2 041 timar i 1994/1995 til 2 072 timar i 1998/1999.

Heiltidsbønder?

24 500 personar arbeidde minst 1 875 timeverk i jordbruk, hagebruk og skogbruk. Dette omfattar berre brukarar med eventuell ektefelle/sambuar og ikkje andre personar som har arbeidd på bruket. Personane var knytte til i underkant av 24 000 driftseiningar. Grensa er her sett ved 1 875 timeverk som er den arbeidsinnsatsen som vert rekna som eit årsverk i jordbruket. Rundt 5 000 av personane hadde i tillegg til 1 875 timar på gardsbruket, også i varierande grad arbeid utanom som tilsett eller som sjølvstendig næringsdrivande.

Tilleggsnæringar

Brukarane på om lag kvart tredje gardsbruk med jordbruksareal i drift har ei eller anna form for tilleggsnæring attåt tradisjonelt jord- og skogbruk. Arbeidsinnsatsen i tilleggsnæringane utgjorde i 1998/1999 om lag 5 000 årsverk.

Utval av fullteljing

Dei nyaste resultata som er presenterte i denne artikkelen, er baserte på eit utval av kontrollerte skjema til den fullstendige jordbruksteljinga i 1999. Dette gjer at tala ikkje kan brytast ned på mindre nivå som til dømes fylke og kommune. Oppgåvegivarane gav opp arbeidsforbruket som timeverk, men i denne artikkelen er timeverka rekna om til årsverk. Eit årsverk i jord- og hagebruk er sett til 1 875 timar, medan årsverk i andre samanhengar er sett til 1 750 timar. Det skal utvisast varsemd i samanlikning med resultat frå tidlegare undersøkingar.

Tabeller: