Innhald
Om statistikken
Omgrep
- 
               Namn og emne 
- 
               Namn: Husdyrhald 
 Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri
- 
               Ansvarleg seksjon 
- 
               Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk 
- 
               Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Standard klassifikasjonar 
- 
               Ikkje relevant 
Administrative opplysingar
- 
               Regionalt nivå 
- 
               Fylke, kommune. 
- 
               Kor ofte og aktualitet 
- 
               Årlig. 
- 
               Internasjonal rapportering 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Lagring og bruk av grunnmaterialet 
- 
               Mikrodata blir lagra i Statistisk sentralbyrå, og blir nytta som grunnlag for statistikken over husdyrhald per 1. januar. 
Bakgrunn
- 
               Føremål og historie 
- 
               Med bakgrunn i registeret over dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket blir det utarbeidd statistikk over husdyrhald per 1. januar. Føremålet er å kartleggje husdyrhaldet på kommunenivå. Opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket har vore nytta som datagrunnlag sidan 1984. 
- 
               Brukarar og bruksområde 
- 
               Statistikken blir i stor grad nytta av offentlege verksemder og næ¦ringsorganisasjonane i jordbruket. 
- 
               Likebehandling av brukere 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Samanheng med annan statistikk 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Lovheimel 
- 
               Statistikkloven §§2-1, 3-2. 
- 
               EØS-referanse 
- 
               Ikkje relevant 
Produksjon
- 
               Omfang 
- 
               Statistikken omfattar alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket per 1. januar. Det blir berre gitt eitt produksjonstilskott per jordbruksbedrift. Alle landbrukseigedomar som blir drive av same brukar blir rekna som ei jordbruksbedrift. 
- 
               Datakjelder og utval 
- 
               Registeret over alle som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket frå Statens landbruksforvaltning er grunnlaget for utarbeiding av statistikken. 
- 
               Datainnsamling, editering og beregninger 
- 
               Data blir overført elektronisk frå registeret over Søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Det blir gjennomført maskinelle kontrollar av registreringsfeil, dublettar og observasjonar med store endringar frå tidlegare søknadsomgangar. 
- 
               Sesongjustering 
- 
               Ikkje relevant 
- 
               Konfidensialitet 
- 
               Tal blir ikkje offentleggjort dersom det kan føre til at den einskilde jordbruksbedrift blir identifisert. 
- 
               Samanlikningar over tid og stad 
- 
               Statistikken går attende til 1984 og omfattar dei som søjker om produksjonstilskott i jordbruket. For å få produksjonstilskott må ein søkjar drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Frå og med 2002 blei det og stilt krav om at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret. 
Nøyaktigheit og pålitelegheit
- 
               Feilkjelder og uvisse 
- 
               Oppgåvene blir kontrollert av dei lokale landbrukskontora og av SLF i samband med utbetaling av tilskott. Kvart år blir også oppgåvene til om lag 5 prosent av jordbruksbedriftene som søkjer om produksjonstilskott kontrollert ved at dei kommunale landbrukskontora foretar gardsbesøk. 
- 
               Revisjon 
- 
               Ikkje relevant