9483_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jordbruksareal/aar
9483
Under 300 000 mjølkekyr
statistikk
2001-02-06T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Natur og miljø
no
jordbruksareal, Jordbruksareal og husdyr (opphørt), jordbruksareal etter bruk (for eksempel korn, oljevekstar, poteter), driftsareal, fulldyrka jord, husdyr (for eksempel mjølkekyr, verpehøner, alssvin), økologisk jordbruk, gardsbrukJordbruk, Areal, Natur og miljø, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Jordbruksareal og husdyr (opphørt)31. juli 2000, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Under 300 000 mjølkekyr

Førebelse tal frå søknader om produksjonstilskott i jordbruket viser at det for første gong er registrert mindre enn 300 000 mjølkekyr her i landet.

Etter å ha auka jamt i mange år vart det registrert ein nedgang i talet på kyr frå 1999 til 2000. Samla kutal gjekk ned med 8 100 til 341 400. Det er imidlertid talet på mjølkekyr som går ned, medan talet på ammekyr aukar. Talet på ammekyr auka med 7 600 til 44 300 i 2000. Samstundes gjekk talet på mjølkekyr ned med knapt 16 000 til 297 100.

Bruk med ku har gått ned med 1 300 einingar til 25 200 bruk i 2000. Det blir stadig færre små buskapar, medan det særleg er talet på buskapar med 20 kyr og meir som aukar.

Talet på mjølkegeit kraup så vidt under 50 000. Det vart registrert 700 bruk med mjølkegeit.

Små endringar i jordbruksarealet

Det samla jordbruksarealet var 10,3 millionar dekar i 2000, ein auke på 36 000 dekar frå året før. Kornarealet var på 3,26 millionar dekar, og utgjorde 32 prosent av det samla jordbruksarealet.

Arealet av kveite auka siste året med 32 prosent til 678 800 dekar, men her er det vanleg med stor variasjon frå år til år. Arealet av bygg gjekk ned med 11 prosent til 1, 60 millionar dekar. Oljevekstarealet minkar stadig, og utgjorde berre 57 000 dekar i 2000.

I alt 20 200 einingar dyrka korn eller oljevekstar i 2000. Dette er 1 500 færre enn året før. Det blir stadig færre av dei små kornbruka, medan det er ein auke i talet på bruk med minst 200 dekar kornareal.

Etter ein periode med nedgang auka potetarealet med om lag 2 000 dekar til 149 600 dekar frå 1999 til 2000.

Frå 1999 til 2000 har det vore ein auke i arealet av overflatedyrka eng og innmarksbeite. Arealet auka med 68 600 dekar til 1,56 millionar dekar i 2000.

Det samla jordbruksarealet på 10,3 millionar dekar er noko mindre enn det som vart registrert ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999. Tala for 2000 er imidlertid ikkje direkte samanliknbare med tala for den fullstendige teljinga, då 2000-tala berre omfattar dei som søkte om produksjonstilskott 31. juli 2000. I 1999 utgjorde jordbruksarealet for dei som søkte om tilskott 98,9 prosent av det samla arealet ved den fullstendige jordbruksteljinga.

Tabeller: