På grunn av vedlikehold kan innholdet på ssb.no være ustabilt fra kl. 17.00. Vi beklager ulempene dette måtte medføre.

Rekordhøg fangstverdi

Publisert:

Norske båtar leverte 2,3 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel i 2015. Dette er snautt 1 prosent meir enn året før. Førstehandsverdien auka med 17 prosent til rekordhøge 16,9 milliardar kroner.

fiskeri-2016-11-10-infografikk

Dei endelege tala for fiskeria i 2015 viser ein auke på 3 prosent i førstehandsverdi og 1 prosent i fangstmengd samanlikna med dei førebelse tala som vart publiserte i januar 2016. Statistikkbanken er oppdatert med endelege tal for 2015.

Kontakt