Meir kjøt til middagsborda

Publisert:

Samla kjøtproduksjon auka med 3,5 prosent frå 2015 til 2016 og kom opp i 344 100 tonn. Det var auke i produksjonen av alle kjøtslaga, og størst var auken i fjørfeproduksjonen. Rogaland toppar lista både for slakta svin, fjørfe, storfe og sau, viser tal frå statistikken Kjøtproduksjon.

Figur 1. Kjøtproduksjon

Tonn
2005 283388
2006 292405
2007 296566
2008 317975
2009 314841
2010 322238
2011 321210
2012 324156
2013 339318
2014 338292
2015 332816
2016 344053

Produksjonen av fjørfekjøt auka med 5 800 tonn, og produksjonen av svinekjøt og storfekjøt med respektive 3 000 og 2 000 tonn frå 2015 til 2016. Av den samla kjøtproduksjonen på 344 100 tonn utgjorde svin 40 prosent, fjørfe 29 prosent, storfe 24 prosent og sau 8 prosent.

Figur 2. Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon

Anna kjøt Sau Storfe Fjørfe Svin
2005 776 25954 87393 56472 112793
2006 746 25153 87644 62518 116345
2007 691 23426 84678 70036 117735
2008 696 24115 86446 84025 122692
2009 767 23927 84787 81737 123623
2010 755 24438 83508 84785 128753
2011 703 23382 81638 84701 130787
2012 682 22777 77982 91156 131559
2013 672 23424 83696 104030 127516
2014 500 24156 78732 106084 128820
2015 389 25555 79672 92532 134669
2016 421 25990 81675 98292 137716

Figur 3. Endring i slaktemengda av ulike kjøtslag. 2015-2016

I alt Storfe Sau Svin Fjørfe
3.37620 2.51484 1.70306 2.26245 6.22471

Det blei produsert 137 700 tonn svinekjøt i 2016, og 29 prosent av dette berre i Rogaland. Deretter følgde Nord-Trøndelag og Hedmark, kvar med 14 prosent av svinekjøtet. Østfold, Oppland og Vestfold stod kvar for seg for 7 prosent.

Figur 4. Kjøtproduksjon, fylke. Prosent av total kjøtproduksjon. 2016

Finnmark 0.3
Aust-Agder 0.6
Troms 1.1
Telemark 1.3
Vest-Agder 1.4
Buskerud 1.7
Hordaland 2.6
Sogn og Fjordane 2.6
Akershus/Oslo 2.8
Møre og Romsdal 3.2
Nordland 4.6
Vestfold 4.6
Sør-Trøndelag 6.9
Oppland 7.6
Østfold 8.6
Hedmark 12.3
Nord-Trøndelag 13.4
Rogaland 24.5

Fjørfeproduksjonen er konsentrert til dei 5 fylka Rogaland, Østfold, Hedmark, Nord- og Sør- Trøndelag. I 2016 blei 87 prosent av ein total produksjon på 98 300 tonn framstilt i desse fylka. Rogaland hadde den største delen av fjørfeproduksjonen med 20 prosent, tett følgd av Østfold og Hedmark, med respektive 19 og 18 prosent. Nord-Trøndelag produserte 17 prosent av fjørfekjøtet, medan Sør-Trøndelag sto for 12 prosent. 

Av i alt 81 700 tonn storfekjøt blei 17 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland med 15 og Nord-Trøndelag med 11 prosent. 

Ein femtedel av i alt 26 000 tonn sauekjøt kom i 2016 frå Rogaland, medan 13 prosent kom frå Oppland. Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde kvar for seg 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.

Kontakt