Fleire kyr og oksar

Publisert:

I alt 13 600 storfeprodusentar søkte om produksjonstilskott for nær 875 000 storfe per 1. mars 2018. Dette er 1 prosent fleire storfe, men 3 prosent færre produsentar enn året før.

Figur 1. Jordbruksbedrifter med husdyr

Jordbruksbedrifter
2008 33559
2009 32551
2010 32270
2011 31190
2012 30408
2013 29744
2014 29124
2015 28587
2016 28375
2017 28019
2018* 27539

27 500 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. mars 2018, viser nye tall fra husdyrstatistikken. Det er knapt 500 færre enn året før.

Figur 2. Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag per 1. januar

Mjølkekyr Ammekyr Verpehøns
2008 13251 4858 1888
2009 12266 4920 1919
2010 11529 4972 2002
2011 10943 5002 1942
2012 10335 4932 1888
2013 9820 4939 1960
2014 9364 4838 1961
2015 8860 4884 2047
2016 8543 4950 2086
2017 8271 5187 2112
2018* 7918 5388 2117

Frå 2017 til 2018 auka det samla talet på storfe med 9 400 til nær 875 000, og det var ammekyr og andre storfe det vart fleire av. Talet på ammekyr auka med 8 100 til drygt 91 000, medan talet på andre storfe steig med 3 300 til i underkant av 564 000. I same perioden gjekk talet på mjølkekyr ned med 2 000 til 219 400.

Figur 3. Mjølkekyr og ammekyr

Mjølkekyr Ammekyr
2008 262090 54641
2009 249482 57777
2010 245001 61527
2011 240935 64406
2012 237569 65631
2013 238801 67542
2014 229664 68759
2015 228445 71944
2016 226784 76180
2017 221330 83129
2018* 219630 91239

Talet på mjølkegeit auka med 3,5 prosent til 35 500 i 2018. Talet på verpehøner endra seg lite frå 2017 til 2018 og var 4,36 millionar i 2018.

Talet på sau over eitt år per 1. mars var drygt 1 million. Endra teljedato og berre registrering av sau over eitt år gjer det vanskeleg å samanlikne talet på sau for 2018 med dei tidlegare publiserte tala for vinterfôra sau.

Ny søknadsfrist påverkar korleis tala kan samanliknast

I mai 2017 blei det innført eit nytt søknadssystem for produksjonstilskottsordningane, med nye teljedatoar. I 2017 søkte føretak om produksjonstilskott i mai (med teljedato 1. mai.) og oktober (med teljedato 1. oktober). Frå og med 2018 vil teljedatoane vere 1. mars og 1. oktober. Søknader per 1. mars inneheld data om husdyr. Søknader per 1. oktober inneheld data om husdyr, areal og grønt- og potetproduksjon. For enkelte av husdyrslaga vil ikkje tala frå 1. mai 2017 og framover vere direkte samanliknbare med tal frå tidlegare søknadsomgangar (1. januar 2017 og bakover).

 

Kontakt