Utvikling i fiskeflåten frå 1945

Fem av seks fiskebåtar borte

Publisert:

Utviklinga i fiskeria dei siste tiåra har ført til færre, større og meir effektive fiskebåtar. Dei siste førti åra er fiskarflåten redusert frå vel 40 000 til knapt 7 000 båtar. Trass i denne effektiviseringa er hovudtyngda av fartøya i den norske fiskarflåten framleis mindre båtar.

Av Berit Storbråten

Etter andre verdskrigen auka talet på motoriserte fartøy fram til rundt 1960, og flata deretter ut fram til 1967. Etter det har det vore eit etappevis fall fram til i dag. I dei siste fire tiåra er fiskarflåten redusert frå vel 40 000 til knappe 7 000 båtar.

For fyrste gong vert tal frå fiskarar og fiskefartøy lagt ut i Statistikkbanken på heimesida til Statistisk sentralbyrå. Her finns tidsseriar tilbake til 1945 med tal for alle fylka.

Sjølv om flåten har minka, har det vorte fiska meir. Mengd fisk som er teke opp frå havet i dei norske fiskeria har auka frå 818 671 tonn i 1945 til heile 2 436 744 tonn i 2008. Fangstmengd per fartøy har i same perioden vorte femtendobla frå 23 til 361 tonn . Eit stadig meir effektivt fiske og færre fartøy er mykje av årsaka til utviklinga.

Tal på motoriserte fiskefartøy, fangstmengd og fangstverdi frå 1945 til 2008

Fiskefartøy etter storleik. 1953-2008

Flest små båtar

Ser ein på utviklinga i talet på motoriserte fartøy ut frå storleiken, har det dei siste tretti åra vore nedgang for alle fartøy uavhengig av storleik. Størsteparten av fiskarflåten har heile tida bestått av mindre fartøy, det vil si fartøy med lengd under 10 meter. Her var det vekst frå byrjinga av femtitalet heilt fram til 1967. Då var over 80 prosent av totalflåten små båtar. I dag ligg omtrent 60 prosent av fartøya i denne gruppa.

For middels store båtar, med lengd mellom 10 og 28,9 meter, vart det frå 1953 til 1976 færre fartøy. Frå 1986 flata det ut, og talet har vore stabilt fram til i dag. Dei mellomstore fartøya utgjorde knapt 40 prosent av den totale flåten i 2008 mot 13 prosent på det lågaste i 1986.

For dei større fartøya, men lengd over 29 meter, vart stadig fleire sett på vatnet frå byrjinga av femtitalet og fram til 1960. Då kom ei periode med nedgang, som varte fram til 1994. Talet gjekk opp att og vaks heilt fram til 1999, for så å falle fram til i dag. I 2008 utgjorde store båtar 6 prosent av fiskeflåten, mot 1 prosent i 1953.

Utviklinga i talet på båtar kan for ein stor del forklarast ut frå dei opne båtane. Fram til 1960 sto opne båtar bak 94 prosent av veksten, mens dei frå da og fram til 1990 sto for 84 prosent av nedgangen. Etter 2004 skil ikkje statistikken lenger mellom opne og dekte fartøy.

Utviklinga i talet på fiskefartøy og fiskarar 1945-2008

Talet på fiskarar halvert dei siste femten åra

Talet på fiskarar har gått ned frå vel 112 000 i 1945 til knapt 13 000 i 2008. Berre dei siste femten åra har det skjedd ei halvering. Etter vekst i mellomkrigstida nådde talet på fiskarar ein topp i 1938, for så å falle raskt i perioden fram til 1976. Fiskeridepartementet endra reglane for fiskarmanntalet i 1982, med krav til tid i fiske og minimum inntekt frå fiske. Dette gjer at tala før og etter 1983 ikkje er heilt samanliknbare.

I gjennomsnitt vart det færre fiskarar per fartøy frå 1945 og fram til ca. 1960. I 1945 var det i snitt 3,7 fiskarar per fartøy, medan det femten år seinare var 1,5. Frå slutten av syttitalet og fram til 2008 gjekk talet på fiskarar ned omtrent i takt med talet på fartøy. Dei siste åra har det stabilisert seg med ein til to fiskarar per fartøy.

Delen av fiskarane som har fiske som attåtnæring gjekk ned frå 35 prosent i 1945 til rundt 25 prosent ti år seinare. Etter kvart har det stadig vorte færre som driv fiske kombinert med anna aktivitet, og i 2008 utgjorde dei 20 prosent av alle fiskarar.

Detaljerte tal om fiskarar og fiskefartøy finn du i Statistikkbanken på heimesida til Statistisk sentralbyrå. Her finn du tidsseriar tilbake til 1945 med tal for alle fylka. Les meir om talgrunnlaget i ”Om statistikken” nedafor.

Om statistikken

Kjeldene til tala er Fiskarmanntalet, Merkeregisteret og Konsesjons- og deltakarregister. Det er Fiskeridirektoratet som har ansvaret for desse registra. Tala for fiskarar i perioden 1983-2008 og for fartøy i perioden 1994-2008 er henta frå statistikkbanken til Fiskeridirektoratet. Tal for tidlegare år er henta frå papirpublikasjonane Noregs offisielle statistikk; Fiskeristatistikk.

 

Fiskarar

Vi har delt fiskarar inn i dei to gruppene ”hovudyrke” og ”attåtyrke”. I publikasjonane frå 1980 og tidlegare var fiskaryrket delt inn i ”eineyrke”, ”hovudyrke” og ”attåtyrke”. I årgangane etter vart ”einaste yrke” og ”hovudyrke” slege saman til ”hovudyrke”. For 1949 blei det ikkje publisert tal på fiskarar på grunn av usikkert datagrunnlag. I 1948 synte resultata frå fiskeriteljinga at tal som til då var henta frå Fiskarmanntalet låg for høgt. Fiskeriteljinga gav 85 518 fiskarar, medan manntalet same år gav 114 108 fiskarar. Tala før 1951 kan difor vere kunstig høge.

 

Fartøy

Tala for fiskarfartøy er henta frå Merkeregisteret. Før 1960 vart både motoriserte fartøy og dei utan motor registrert, og difor også lagt fram i statistikken. For å få fram samanliknbare tal er berre dei motoriserte fartøya teke med i tabellane. Frå 1953 har fartøya vorte gruppert etter lengd som storleiksmål. I Statistikkbanken er det lagt fram tre ulike tabellar grunna ulik gruppering:

 


1953-1977: Opne og dekte fiskefartøy med maskin etter lengd.

Under 30 fot

30-59 fot

60-89 fot

Over 90 fot

 


1977-1996: Opne båtar og dekte båtar etter materiale og lengd.

Opne båtar

Dekte båtar av tre under 10 m

Dekte båtar av tre 13-19,9 m

Dekte båtar av tre 20 m og over

Dekte båtar av stål under 29,9 m

Dekte båtar av stål 30-44,9 m

Dekte båtar av stål 45 m og over

Andre dekte båtar under 10 m

Andre dekte båtar 10 m og over

 


1996-2008: Opne og dekte båtar av tre, stål og plast etter lengd.

Under 10 m

10-14,9 m,

15-20,9 m,

21-27,9 m

28 m og over.

 

For å presentere dette på ein meir oversikteleg måte er fartøya i figur 3 grupperte som små, middels og store fartøy. Sidan måten å gruppere på har endra seg, vil ikkje desse tala vere heilt eksakte, men det gir eit oversiktsbilete av korleis utviklinga har vore for storleiken på båtane.

 

Små fartøy:

1953-1977: Fartøy under 9,4 m ( under 30 fot)

1977-1994: Opne båtar, dekte båtar av tre under 10 m, andre dekte båtar av vesentleg plast under 10 m

1995-2008: Fartøy under 10 m

 

Middels fartøy:

1953-1977: Fartøy 9,4-27,9 m (30-89 fot)

1977-1994: Dekte båtar av tre 10-29,9 m, dekte båtar av stål under 20 m og 20-29,9 m, andre dekte båtar, vesentleg plast 10 m og over.

1995-2008: Fartøy 10-27,9 m

 

Store fartøy:

1953-1977: Fartøy over 28,2 m (over 90 fot)

1977-1994: Dekte fartøy av tre 30 meter og over, dekte fartøy av stål 30-44,9 m og over 45 meter

1995-2008: Fartøy over 28 m

For mer informasjon, kontakt Berit Storbråten , tlf. 62 88 51 16.

Kontakt