Skogeigaranes inntekter

Få skogeigarar hentar hovudinntekta frå skogbruk

Publisert:

Berre dei færraste av dei som eig skog i Noreg har hovudinntekta si frå skogbruket. I gjennomsnitt for alle personlege skogeigarar utgjorde næringsinntekta frå skogbruket knapt 8000 kroner i 2003. For skogeigarar med minst 500 dekar produktivt skogareal, og som avverka meir enn 100 kubikkmeter tømmer i 2003, var den gjennomsnittlege næringsinntekta frå skogbruket 110 000 kroner.


Summen av næringsinntekter i skogbruk og jordbruk, etter fylke. Millionar kroner. 2003




Liten aktivitet i skogen i 2003

Stadig lågare tømmerprisar og manglande optimisme i næringa var viktige årsaker til at skogavverkinga var nede på eit rekordlågt nivå i 2003. Ikkje sidan midten av 1970-åra har avverkinga vore så låg. Mindre enn ein tredjedel av den totale volumtilveksten i dei norske skogane vart avverka i 2003. Skogplanting og anna skogkultur vart det og gjort lite av. Ein viktig grunn til det var at statleg stønad til slikt arbeid fall borte dette året. Totalrekneskapen for skogbruket syner at bruttoinvesteringane i skogbruket var på 453 millionar kroner i 2003. Til samanlikning var bruttoinvesteringane på 634 millionar året før.

 

Trass i den låge aktiviteten, er skogen i Noreg ein viktig økonomisk ressurs med ringverknader langt utover inntektene som skogeigarane får frå sal av tømmer. I 2003 syner Skogavverkingsstatistikken at bruttoverdien av tømmersalet til industrien og til brensel var omlag 2,2 milliardar kroner. Same året utgjorde omsetjinga i trelast-, trevare- og treforedlingsindustrien ca. 37 milliardar kroner. Og sjølv om skogsarbeidarane er blitt svært få, syner den registerbaserte arbeidskraftundersøkinga at omlag 5 900 personar var sysselsett i skogbruket og tenester knytt til skogbruket i 2003. På same tid var om lag 23 000 sysselsett i trelast-, trevare- og treforedlingsindustrien.

900 millionar kroner i samla næringsinntekt frå skogbruk

Det er omkring 116 000 personlege skogeigarar som har minst 25 dekar produktivt skogareal i landet vårt. Til saman eig dei omlag 80 prosent av det produktive skogarealet. Ein stor del av eigedomane er små og utan årlege inntekter frå skogsdrifta. Til saman hadde dei personlege skogeigarane ei skattepliktig næringsinntekt frå skogbruket på knapt 900 millionar kroner i 2003. Skogeigarane i Hedmark, Oppland og Oslo/Akershus stod for halvparten av inntektene.

Skogeigarar med næringsinntekt i skogbruket etter storleiken på næringsinntekta. 2003

Tre av fire skogeigarar utan inntekt frå skogbruk

I 2003 var det om lag 31 500 personlege skogeigarar som hadde næringsinntekt frå skogbruket. Dei hadde i gjennomsnitt ei næringsinntekt på noko over 28 000 kroner. Det var berre 16 700 skogeigarar som avverka tømmer for sal dette året. Grunnen til at langt fleire enn dei som avverka kan ha næringsinntekt frå skogbruket, er at det er gjennomsnittleg skoginntekt for dei siste fem åra som er skattepliktig. Fleire skogeigarar har i tillegg inntekter frå jakt, fiske og andre utmarksnæringar
som òg kan inngå i næringsinntekta
frå skogbruket.

Fordeling av gjennomsnittsinntektene til skogeigarar med minst 25 dekar produktivt skogareal, etter type inntekt. 2003


Lønsinntekt viktigaste inntektskjelde

Skogeigarane hadde i gjennomsnitt ei skattbar bruttoinntekt før skatt og frådrag på sjølvmeldinga på 320 000 kroner i 2003. Av det utgjorde lønsinntekter 154 000 kroner, pensjonar 50 000 kroner, næringsinntekter 72 000 kroner og andre inntekter 44 000 kroner. Den gjennomsnittlege skogbruksinntekta utgjorde knapt 8 000 kroner.

Nesten ein av tre skogeigarar hadde næringsinntekt frå jordbruket. I gjennomsnitt hadde desse skogeigarane 116 000 kroner i næringsinntekt frå jordbruket etter at jordbruksfrådraget (  1 ) var trekt frå. Gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruket for alle skogeigarane, uavhengig om dei driv jordbruk eller ikkje, var 37 000 kr.

Skogbruk som næringsveg

Skal ein sjå nærare på skogbruket som næringsveg, er gjennomsnittstal for alle skogeigarar mindre interessant. Då gir det meir meining å sjå på næringsinntekta til aktive skogeigarar med noko større eigedommar. Vi har denne gongen valt å setje ei grense ved 500 dekar produktivt skogareal. Eigedommane med mindre enn 500 dekar produktivt skogareal hadde ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå skogbruket på omlag 3 200 kroner i 2003. Skogeigarar som eig minst 500 dekar produktivt skogareal, har i alle fall høve til å hente ein regelbunden del av inntekta si frå skogbruket.

Fordeling av gjennomsnittsinntektene til skogeigarar med minst 500 dekar produktivt skogareal, etter type inntekt. 2003

I Noreg er det knapt 27 000 personlege skogeigarar som har minst 500 dekar produktivt skogareal. Sjølv om det berre er ein knapp fjerdedel av alle skogeigarane, står dei for over to tredjedelar av næringsinntektene frå skogbruket. For desse skogeigarane utgjorde næringsinntekta frå skogbruket i gjennomsnitt 23 000 kroner, eller knapt 6 prosent av bruttoinntekta på 378 000 kroner

I 2003 avverka ein av fire skogeigarar med skogeigedomar på minst 500 dekar produktivt skogareal minst 100 kubikkmeter tømmer. For denne gruppa skogeigarar utgjorde skogbruksinntekta 14 prosent av bruttoinntekta. I gjennomsnitt hadde desse skogeigarane ei næringsinntekt frå skogbruket på 110 000 kroner og ei skattbar bruttoinntekt på 590 000 kroner.

Formue og gjeld størst i Oslo/Akershus

Dei personlege skogeigarane hadde i gjennomsnitt 514 000 kroner i gjeld og 612 000 kroner i nettoformue i 2003. Gjennomsnittleg gjeld og nettoformue for skogeigarar med meir enn 500 dekar skog var i same følgd 724 00 kroner og 886 000 kroner. Skogeigarane i Oslo/Akershus hadde både den høgste gjelda og den høgste nettoformuen.

Forklaring av omgrep

Næringsinntekt skogbruk : Skattepliktig skogbruksinntekt. Omfattar gjennomsnittleg skogbruksinntekt for dei fem siste åra for både utanbygds og innanbygds skogbruksinntekt.

Annan inntekt : Her inngår kapitalinntekter og alle andre inntekter som ikkje er løn,
næringsinntekter eller pensjon.

Om statistikken

Talgrunnlaget til denne artikkelen er basert på utvalet som vart trekt til Landbruksundersøkinga 2004 - skogbruk. Denne undersøkinga henta inn opplysningar om aktiviteten i skogbruket i 2003. Utvalet til undersøkinga er fordelt etter fylke og storleiken på det produktive skogarealet. Delen eigedomar som vart trekt, aukar med storleiken på det produktive skogarealet. Data frå sjølvmeldinga, likninga og andre persondata frå 2003 er kopla til det same utvalet. Tal for alle skogeigarane er estimert på same måte som for Landbruksundersøkinga 2004. Sjå meir i Om statistikken for denne undersøkinga. Endringar i næringsoppgåvene dette året gjer at ein ikkje utan vidare kan samanlikne tala med andre år. Det heftar difor noko uvisse ved tala.

Bruttoinntekt : Summen av alle næringsinntekter, lønsinntekter, pensjonar og kapitalinntekter før frådrag på sjølvmeldinga.

Næringsinntekt jordbruk : Næringsinntekt frå jordbruk og hagebruk etter jordbruksfrådraget. Sjukepengar for både jord, skog og fiske er lagt til her.

Løn : Bruttoløn før skatt.

 (1) Jordbruksfrådraget : Frådraget varierte frå 36 000 kr til 61 500 kroner i 2003 avhengig av storleiken på næringsinntekta frå jord- og hagebruk. Frådraget for næringsinntekter over
36 000 koner er 19 prosent inntil maksimalt frådrag på 61 500 kroner.

Tabeller:

Kontakt