9333_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/skattlign/aar
9333
344 milliardar kroner i utlikna skatt
statistikk
2002-04-23T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk;Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattlign, Skattelikninga (opphørt), selskapsskatt, personskatt, skattefrådrag (for eksempel boligsparing, Finnmarks-frådrag, godtgjerslefrådrag), skattetypar (for eksempel inntektsskatt, formuesskatt, kommuneskatt)Skatt for næringsvirksomhet, Skatt for personer, Virksomheter, foretak og regnskap, Inntekt og forbruk
false

Skattelikninga (opphørt)2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

344 milliardar kroner i utlikna skatt

For inntektsåret 2000 blei det utlikna 343,7 milliardar kroner i skatt. Dette var ein auke på vel 90 milliardar kroner i høve til året før. Auken var størst for etterskotspliktige skattytarar med 75 milliardar kroner.

Eit oversyn over skattelikninga for inntektsåret 2000 viser at utlikna skatt for forskotspliktige skattytarar utgjorde 209,9 milliardar kroner. Dette var ein auke på nærare 15 milliardar kroner frå året før. For etterskotspliktige skattytarar utgjorde utlikna skatt 133,9 milliardar kroner.

Forskotspliktige skattytarar er personar med skattepliktig inntekt/formue til ein eller fleire kommunar. Gruppa inneheld òg utlendingar og nordmenn busette i utlandet, og som vart likna for fast eigedom i Noreg.

Etterskotspliktige skattytarar er selskap som har utlikna skatt på inntekt/formue. Eigarane/aksjonærane i eit selskap, eventuelt ein institusjon, foreining eller liknande, må ha eit avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at dei skal bli rekna som etterskotspliktige skattytarar.

Færre kommuneskattytarar

I 2000 var det om lag 3 792 600 kommuneskattytarar. Dette er ein nedgang på nærare 60 000 frå året før. Hovudforklaringa til nedgangen er at det blei innført ei minimumsgrense for minstefrådrag av lønnsinntekter dette året. Personar med ei lønnsinntekt på 30 600 kroner eller mindre fekk eit beløp tilsvarande heile lønna som frådrag. Det blei vidare innført eit jordbruksfrådrag på inntil 18 000 kroner per driftseining, noko som også ga færre kommuneskattytarar.

Inntektsskatten til kommune og fylke var på 87,3 milliardar kroner, ein auke på 3,5 milliardar frå året før. Formuesskatten til kommunane var på 4,9 milliardar kroner.

Auke i skatt til staten

Utlikna fellesskatt til staten var i overkant av 90 milliardar kroner, medan inntektsskatt til staten var på nærare 107,8 milliardar. Etterskotspliktige skattytarar sto for det meste av inntektsskatten til staten, med 93 milliardar kroner i 2000. Inntektsskatt til staten for etterskotspliktige i 1999 var til samanlikning 25 milliardar kroner. Det er oljeverksemda og sokkelskatten som sto for denne auka inntektsskatten for etterskotspliktige skattytarar. For personlege skattytarar var inntektsskatt til staten i hovudsak toppskatt med til saman 14,8 milliardar kroner.

Tabeller: