9255_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/inntrygd/aar
9255
Betre for minstepensjonistane
statistikk
2000-03-02T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
inntrygd, Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdspensjonistarInntekt og formue , Inntekt og forbruk
true

Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdspensjonistar1998

Innhald

Publisert:

Betre for minstepensjonistane

Alderspensjonistar med minstepensjon hadde i 1998 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 88 800 kroner. Målt i faste prisar var dette 11 500 kroner, eller 15 prosent meir enn året før. Vedtaket om den såkalla "1 000-lappen" forklarer mykje av denne inntektsveksten, saman med auka renteinntekter.

I 1998 vedtok Stortinget å gje minstepensjonistane eit ekstra løft. Minstepensjonen vart såleis auka med 1 000 kroner per månad. Sidan auken fekk verknad frå mai, utgjorde samla minstepensjon for einslege såleis i gjennomsnitt 77 360 kroner i 1998.

Målt i faste prisar medførte vedtaket at minstepensjonistar med alderspensjon i gjennomsnitt fekk auka sine ytingar frå folketrygda med 13 prosent, eller 8 400 kroner. For uførepensjonistane auka folketrygdytingane med 7 400 kroner, eller 12 prosent. Minstepensjonistar med attlevandepensjon opplevde derimot ein reduksjon i folketrygdytingane på 1,3 prosent, eller 600 kroner.

 Antall minstepensjonistar etter pensjonsstatus, 1993 - 1998

Hevinga av minstepensjonen vart i hovudsak gjennomført ved at ein auka særtillegget. Dette førte til at fleire pensjonistar som tidlegare mottok små tilleggspensjonar, i staden fekk rett til særtillegg. Det vart dermed fleire minstepensjonistar i 1998 enn året før. Talet på alderspensjonistar med minstepensjon auka med om lag 22 900 personar, eller 10 prosent, medan det vart 9 100 fleire uføretrygda minstepensjonistar, ein auke på 18 prosent. Blant attlevandepensjonistane vart det 2 000 fleire minstepensjonistar, heile 57 prosent fleire enn i 1997. Tidlegare år har talet på personar med minstepensjon i alt synt ein jamn nedgang.

Høgare bruttoinntekt

Hevinga av minstepensjonen medverka til at folketrygdpensjonistane totalt hadde ei noko betre inntektsutvikling dette året enn andre grupper. Målt i faste prisar auka bruttoinntekta frå 1997 til 1998 med nær 8 700 kroner for alle alderspensjonistar, 8 500 kroner for uførepensjonistane og 12 200 kroner for mottakarane av attlevandepensjon. Prosentvis hadde dei tre pensjonistgruppene såleis ein inntektsauke på høvesvis 6,6 prosent, 6,4 prosent og 5,8 prosent. Til samanlikning hadde dei sjølvstendig næringsdrivande ei auke i bruttoinntekta på 4,8 prosent, medan veksten for dei tilsette var på 5,2 prosent. Beløpsmessig kom likevel dei siste to gruppene best ut: dei sjølvstendig næringsdrivande fekk 16 600 kroner meir og dei tilsette 13 700 kroner meir.

Folketrygda er den viktigaste inntektskjelda for alle alders- og uførepensjonistar, uansett om dei er minstepensjonistar eller ei. Totalt utgjorde folketrygdytingane om lag to tredelar av bruttoinntekta til desse gruppene i 1998. Blant minstepensjonistane stod folketrygda derimot for heile 81 prosent av bruttoinntekta til alderspensjonistane, medan desse ytingane utgjorde nær 78 prosent av bruttoinntekta til uførepensjonistane.

For attlevandepensjonistane stod folketrygda derimot berre for 27 prosent av bruttoinntekta i 1998. Samstundes har denne gruppa eit klart høgare inntektsnivå enn dei andre folketrygdpensjonistane, i gjennomsnitt ei bruttoinntekt på 221 100 kroner. Dette skuldast at attlevandepensjonistane har ei anna inntektssamansetjing enn alders- og uførepensjonistane. Lønsinntekt er viktigaste inntektskjelde og står for i alt 46 prosent av bruttoinntekta. For attlevandepensjonistar med minstepensjon kjem halve bruttoinntekta frå løn.

Høgare renteinntekter

For pensjonistane, særleg alderspensjonistane, er det vanlegare med pengar på bok enn å ha høg gjeld. Det låge rentenivået har difor vore ei viktig årsak til at folketrygdpensjonistane har hatt ei dårlegare inntektsutvikling enn andre i dei siste åra. I 1998 auka rentenivået att, og medverka til den positive inntektsutviklinga. Gjennomsnittlege renteinntekter dette året var for alderspensjonistane på 7 800 kroner, vel 2 000 kroner høgare enn året før. Også uføre og attlevande fekk større renteinntekter i 1998, med høvesvis 3 500 kroner og 8 100 kroner.

Populasjonen

Sjølvmeldingsstatistikken for 1998 omfattar i alt 917 917 personar som jamfør Rikstrygdeverket (RTV) er mottakarar av alders-, uføre- og attlevandepensjon frå folketryga per 31. desember 1998. Dette talet inneheld pensjonistar som mottek folketrygdpensjon, sjølv om dei ikkje bur her i landet. Statistikken omfattar berre dei 893 577 folketrygdpensjonistane som er busette i landet, og skil seg såleis frå RTV sin offisielle statistikk.

Tabeller: