91716_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
91716
Høgast formue blant 60-åringane
statistikk
2013-01-18T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgast formue blant 60-åringane

Gjennomsnittleg nettoformue for norske hushald var på vel 1,8 millionar kroner i 2011. Formuen er høgast blant dei hushalda der hovudinntektstakaren er i slutten av 60-åra.

Når likningsverdien på eigen bustad blir erstatta med ein berekna marknadsverdi (sjå eigen boks), hadde hushalda ein gjennomsnittleg nettoformue på 1 827 000 kroner i 2011. Norske hushald har hatt ein betydeleg auke i nettoformuen dei siste åra, framfor alt som følgje av sterk vekst i bustadprisane. Frå 2010 til 2011 auka gjennomsnittleg nettoformue for alle hushald med om lag 6 prosent. Det er hushalda der hovudinntektstakaren er i 60-åra som har størst nettoformue. I 2011 var det dei som var i aldersgruppa 65-69 år, som hadde mest i formue. Gjennomsnittleg nettoformue for desse hushalda var på 3,1 millionar kroner, medan medianverdien var på 2,3 millionar kroner. Dette betyr at minst halvparten av desse hushalda hadde ein nettoformue høgare enn dette. Også blant hushald der hovudinntektstakaren var i 70-åra var medianverdien for nettoformue på over 2 millionar kroner.

Nettoformue med berekna markedsverdi på eigen bustad, etter alderen på hovudinntektstakaren i hushaldet. Gjennomsnitt og median. 2011

Bustaden viktigaste formuesobjektet

To tredjedelar av hushaldas bruttoformue, summen av all formue før fråtrekk av gjeld, var bustadformue i 2011. Om lag 27 prosent var finanskapital, det vil seie bankinnskot, aksjar og andre verdipapir. For yngre hushald består formuen nesten berre av verdien av eigen bustad, medan blant dei eldre er også finansformuen viktig. Blant dei hushalda der hovudinntektstakaren var mellom 25 og 35 år utgjorde bustaden nær 80 prosent av bruttoformuen.

Meir gjeld og høgare gjeldsbelastning

Gjennomsnittleg gjeld for alle hushald var 1 048 000 kroner i 2011. Dette var ein auke på 5,7 prosent frå 2010. På same måte som året før, er det blant hushalda med dei høgaste inntektene at gjelda aukar mest. Medan tidelen av hushalda med lågast inntekt auka gjennomsnittleg gjeld med 1,3 prosent i 2011, var tilsvarande auke på vel 6 prosent for hushalda med dei høgaste inntektene.

Det er par med barn, der yngste barn er under 6 år, som har mest gjeld. Innanfor denne hushaldstypen hadde meir enn kvar femte hushald over 3 millionar kroner i gjeld, medan 9 prosent hadde meir enn 4 millionar kroner i gjeld. Tilsvarande del blant alle hushald var høvevis 7 og 3 prosent.

Gjelda utgjorde 36 prosent av hushaldas bruttoformue i 2011. Dette var uforandra frå året før.

Det blei ein liten auke i delen hushald med høg gjeld i høve til inntekt i 2011. I 2011 hadde 14,6 prosent av hushalda ei gjeld som var minst tre gonger større enn samla hushaldsinntekt. Tilsvarande del var 14,3 prosent i 2010. Det er særleg delen hushald med gjeld som var tre-fire gonger større enn inntekta som har auka dei siste åra.

Delen hushald med gjeld større enn 3 gonger samla hushaldsinntekt. 2004-2011

Berekna marknadsverdi av eigen bustad

Statistisk sentralbyrå sin formuesstatistikk har tidlegare ikkje hatt opplysningar om dei reelle verdiane på det klart viktigaste formuesobjektet til norske hushald - bustaden. Statistikken har så langt vore basert på likningsverdiane frå sjølvmeldinga, som ligg klart lågare enn det som er bustaden sin faktiske verdi.

Statistisk sentralbyrå har utvikla ein modell som estimerer ein marknadsverdi på alle bustader i landet. Les meir om dette her ). Det er denne modellen Skatteetaten nyttar til å berekna likningsverdiane i sjølvmeldinga frå og med 2010. Primærbustad får ein likningsverdi tilsvarande 25 prosent av berekna marknadsverdi, medan sekundærbustad blir taksert til 40 prosent av berekna marknadsverdi. I SSB sin formuesstatistikk for hushald er likningsverdiane frå sjølvmeldingane oppjustert til full berekna marknadsverdi. Fritidseigedomar og bustader på gardsbruk er ikkje omfatta av dei nye reglane for likningsverdiar.

Statistikkgrunnlaget

Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken for hushald ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busett i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda mottek, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i ”Om statistikken”.

Tabeller: