84463_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
84463
Hushalda har nær 1 million i gjeld
statistikk
2012-04-12T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Hushalda har nær 1 million i gjeld

Gjennomsnittleg gjeld for norske hushald var på 992 000 kroner i 2010. Gjelda auka mest blant hushalda med dei høgaste inntektene.

Delen hushald med samla gjeld større enn 3 gonger samla hushaldsinntekt. 2004-2010

For alle hushald auka den gjennomsnittlege gjelda med 5,6 prosent frå 2009 og til 2010. Dersom ein deler inn hushalda i ti like store grupper etter storleiken på samla hushaldsinntekt (desiler), var det hushalda i dei høgaste inntektsklassane som auka gjelda mest i 2010. Hushalda i dei to høgaste inntektsklassane auka til dømes gjelda med nærare 7 prosent. Til samanlikning blei den gjennomsnittlege gjelda redusert med om lag 5 prosent i den tidelen av hushalda med lågast samla inntekt. Hushalda i midten av fordelinga hadde ein gjeldsvekst om lag på linje med gjennomsnittet, det vil seie vel 5 prosent.

Den tidelen av hushalda med høgast samla inntekt hadde i gjennomsnitt 2,4 millionar kroner i gjeld i 2010. Hushalda i den lågaste inntektsklassen hadde ei gjennomsnittleg gjeld på om lag 200 000 kroner.

Kvar sjette småbarnshushald har over 3 millionar i gjeld

Det blir stadig fleire hushald med høg gjeld. I 2010 hadde 6 prosent av alle hushald ei gjeld på over 3 millionar kroner, noko som utgjer 135 000 hushald. Delen med høg gjeld er størst innanfor hushaldstypen par med barn, der yngste barn er 0-5 år. Innanfor denne hushaldstypen hadde 17 prosent ei gjeld på meir enn 3 millionar kroner, og 7 prosent hadde over 4 millionar kroner i gjeld.

14 prosent har over tre gonger inntekta i gjeld

Det er blant dei unge hushalda at det er flest med høg gjeld i høve til inntekt. Blant par med barn under 6 år og blant par utan barn der eldste person er under 30 år, har om lag eitt av fire hushald ei gjeld som er tre gonger større enn hushaldsinntekta. Innanfor desse hushaldstypane har det også blitt fleire med mykje gjeld i høve til inntekt dei siste åra.

Det var 14,3 prosent av hushalda samla som hadde ei gjeld som var tre gonger større enn inntekta i 2010. Dette var litt fleire enn året før da dette gjaldt 13,8 prosent av hushalda. Dei siste åra har det framfor alt blitt fleire hushald med gjeld tilsvarande tre-fire gonger inntekta, medan delen av hushalda med ei gjeld større enn fem gonger inntekta har endra seg lite.

Forklaringar

Gjeld:

Gjeld til norske og utanlandske fordringshavarar samt partseigar sin del av bustadselskapets gjeld.

Samla inntekt:

Hushaldets samla yrkesinntekter, kapitalinntekter, skattepliktige overføringar (til dømes pensjonar frå folketrygda, tenestepensjonar, dagpengar ved arbeidsløyse og sjukepengar) og skattefrie overføringar (barnetrygd, kontantstøtte, bustøtte, sosialhjelp med vidare).

Skattepliktig realkapital:

Omfattar mellom anna faste eigedomar, skog, driftslausøyre og andre eigedelar i næring, innbu og lausøyre.

Skattepliktig brutto finanskapital:

Omfattar mellom anna bankinnskot, partar i aksjefond, aksjar og andre verdipapir samt skattepliktig formue i utlandet

Statistikkgrunnlaget

Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken for hushald ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busett i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda mottek, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er såleis likningsverdiar som ligg til grunn for all verdifastsetjing av formuen. Dette betyr at for fleire formuesobjekt viser statistikken klart lågare verdiar enn det som er den faktiske verdien. Dette gjeld framfor alt for eigedommar (t.d. eigen bustad). I tillegg blir formuesverdiane påverka av endringar i skattereglar. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i ” Om statistikken ”.

Tabeller: