9111_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
9111
Mange hushald har stor gjeldsbyrde
statistikk
2010-04-21T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mange hushald har stor gjeldsbyrde

I 2008 hadde 273 000 hushald ei gjeld som var meir enn tre gonger større enn inntekta før skatt. Av desse hadde 74 000 hushald ei gjeld som var minst fem gonger høgare enn inntekta.

Talet på hushald med gjeld større enn tre gonger samla hushaldsinntekt. 2004-2008

Gjeldsbyrda blant norske hushald har auka mykje dei siste åra. Frå 2004 til 2008 har den delen av hushalda med samla gjeld høgare enn tre gonger inntekta auka frå 9,1 til 12,9 prosent. Finanstilsynet tilrår nå generelt at bankane ikkje gir større lån enn tre gonger inntekta.

Talet på hushald med ei enda tyngre gjeldsbyrde har òg auka dei siste åra. Frå 2004 til 2008 steig talet på hushald med gjeld høgare enn fem gonger inntekta frå 49 000 til 74 000. Det har likevel blitt nokre færre hushald med så stor gjeldsbyrde frå 2007 til 2008.

Unge par og einslege forsørgjarar har størst gjeldsbyrde

Det er dei unge hushalda som har høgast gjeld sett i høve til samla hushaldsinntekt. Blant unge par der eldste person er under 30 år, hadde så mange som 25 prosent ei gjeld som overstig tre gonger inntekta i 2008. Fire år tidlegare var tilsvarande prosentdel 18 prosent.

Blant barnefamiliane er det einslege forsørgjarar og par med små barn som har den tyngste gjeldsbyrda. Her har meir enn kvart femte hushald ei gjeld større enn tre gonger årsinntekta før skatt. Lettast gjeldsbyrde finn ein som venta blant pensjonistane og middelaldrande par utan heimebuande barn.

Prosentdelen hushald med gjeld større enn tre gonger samla hushaldsinntekt. Hushaldstypar. 2004 og 2008

Dei same hushaldstypane som er overrepresenterte blant dei med ei gjeld tre gonger høgare enn inntekta, finn ein òg blant dei med svært stor gjeldsbyrde - det vil seie der gjelda overstig fem gonger inntekta.

1 900 milliardar i gjeld og 2 400 milliardar i formue

I 2008 hadde norske privathushald 1 905 milliardar kroner1 i samla gjeld, medan den likningsmessige bruttoformuen var på 2 409 milliardar kroner. Av formuen utgjorde den skattepliktige realkapitalen 971 milliardar, medan skattepliktig brutto finanskapital stod for 1 438 milliardar kroner.

Forklaringar

Gjeld:

Gjeld til norske og utanlandske fordringshavarar samt partseigar sin del av bustadselskapets gjeld.

Samla inntekt:

Hushaldets samla yrkesinntekter, kapitalinntekter, skattepliktige overføringar (til dømes pensjonar frå folketrygda, tenestepensjonar, dagpengar ved arbeidsløyse og sjukepengar) og skattefrie overføringar (barnetrygd, kontantstøtte, bustøtte, sosialhjelp med vidare).

Skattepliktig realkapital:

Omfattar mellom anna faste eigedomar, skog, driftslausøyre og andre eigedelar i næring, innbu og lausøyre.

Skattepliktig brutto finanskapital:

Omfattar mellom anna bankinnskot, partar i aksjefond, aksjar og andre verdipapir samt skattepliktig formue i utlandet.

Statistikkgrunnlaget

Frå og med inntektsåret 2004 er inntektsstatistikken for hushald ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busette i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda får, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er såleis likningsverdiar som ligg til grunn for all verdifastsetjing av formuen. Dette betyr at for fleire formuesobjekt viser statistikken klart lågare verdiar enn det som er den faktiske verdien. Dette gjeld framfor alt for eigedomar, til dømes eigen bustad. I tillegg blir formuesverdiane påverka av endringar i skattereglar. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i Om statistikken .

1  Tallet er rettet 8. april 2011

Tabeller: