9107_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
9107
Mange hushald har ein økonomisk buffer
statistikk
2009-04-17T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mange hushald har ein økonomisk buffer

Mange hushald har pengar på bok som gjer at dei kan møte uventa utgifter. I 2007 hadde nær seks av ti hushald bankinnskot som minst svarar til grunnbeløpet i folketrygda.

Prosentdelen hushald med bankinnskot som svarar til grunnbeløpet i folketrygda eller meir

Det kan vere lurt å ha lett tilgjengelege pengar på bok for å kunne møte dårlege tider eller uventa utgifter. I 2007 hadde 58 prosent av dei norske hushalda eit bankinnskot som oversteig 1G, eller vel 65 000 kroner. Dette utgjorde om lag to gjennomsnittlege brutto månadsløner for norske arbeidstakarar det året.

Det er likevel store skilnader mellom hushalda med omsyn til kven som har ein slik økonomisk buffer. Det er fleire eldre som har sikra seg økonomisk, sett i høve til yngre hushald. Ni av ti pensjonistpar har eit bankinnskot på meir enn 1G, medan dette berre gjeld for om lag ein tredel av unge som bur aleine og einslege forsørgjarar.

Formua veks...

Den skattepliktige nettoformua for norske hushald voks med 107 000 kroner i snitt frå 2005 til 2007. Auken kan mellom anna forklarast med at formuesverdsetjinga på aksjar steig frå 65 prosent til 80 prosent av marknadsverdien frå 2005 til 2006, og til 85 prosent i 2007. I tillegg har likningsverdien på fast eigedom auka med 25 prosent frå 2005 til 2006, og ytterlegare med 10 prosent frå 2006 til 2007.

...og gjelda aukar

Gjelda voks frå 2006 til 2007, men ikkje prosentvis like mykje som i åra før. I gjennomsnitt var gjelda til hushalda på 845 500 kroner i 2007. Hushald med låge inntekter hadde ein klart lågare gjeldsvekst frå 2006 til 2007, samanlikna med den sterke veksten frå 2005 til 2006. Samstundes har prosentdelen med høg gjeld auka. I 2007 hadde 13 prosent av hushalda gjeld større enn tre gonger samla inntekt, mot 6 prosent i 1995.

Det er blant par med og utan barn me finn flest med høg gjeld. Om lag 10 prosent av par med små barn og yngre par utan barn har ei gjeld større enn 3 millionar kroner.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle private hushald eksklusive studenthushald. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda mottek, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er såleis likningsverdiar som ligg til grunn for all verdifastsetjing av formua. Dette betyr at for fleire formuesobjekt viser statistikken klårt lågare verdiar enn det som er den faktiske verdien. Dette gjeld framfor alt for eigedommar (t.d. eigen bustad), men også for delar av finanskapitalen (aksjar og obligasjonar). I tillegg blir formuesverdien påverka av endringar i skattereglar. Frå og med inntektsåret 2004 er formuestatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busett i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i ”Om statistikken”.

Tabeller: