9109_not-searchable
/inntekt-og-forbruk/statistikker/ifformue/aar
9109
Fleire hushald med høg gjeldsbelastning
statistikk
2008-04-14T10:00:00.000Z
Inntekt og forbruk
no
ifformue, Hushalda sine inntekter og formue, hushaldsinntekt, hushaldstypar (for eksempel aleinebuande, par med og utan barn), formue, gjeld, formuesrekneskap, bankinnskott, studiegjeldInntekt og formue , Inntekt og forbruk
false

Hushalda sine inntekter og formue2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hushald med høg gjeldsbelastning

I perioden 2000 til 2006 auka delen hushald med gjeld større enn tre gonger inntekta frå 6 til 12 prosent.

Stadig fleire hushald har ei gjeld som er høg i forhold til inntekta. I 2006 hadde vel 12 prosent, eller om lag 250 000 hushald, ei gjeld som var tre gonger større enn hushaldets samla inntekt.

Det er blant hushalda med ei samla inntekt på mellom 300 000 og 400 000 kroner at ein finn flest med høg gjeld i forhold til inntekt. I 2006 hadde 16 prosent av desse hushalda ei høg gjeldsbelastning.

Sterk gjeldsauke

Hushalda har hatt ein sterk auke i gjelda etter 2000. Gjennomsnittleg gjeld per hushald var 772 000 kroner i 2006. Dette var 10,6 prosent høgare enn året før. Dei fleste inntektsgruppene har hatt ein jamn gjeldsauke. Medan gjeldsauken var meir beskjeden for dei med låge inntekter mellom 2004 og 2005, var det desse hushalda som auka gjelda si mest frå 2005 til 2006.

Tidelen av hushalda som hadde høgast samla inntekt i 2006, hadde ei gjennomsnittleg gjeld på nær 1,9 millionar kroner. Dette var vel 24 prosent av all gjeld til privathushalda dette året.

Gjennomsnittleg gjeld og endring i gjeld for hushald1 i ulike klassar for samla inntekt. 2004, 2005 og 2006. Kroner og prosent
Desiler           2004           2005           2006   2004-2005   2005-2006
1  140 000  149 000  172 000 6,2 15,7
2  169 000  188 000  208 000 11,1 10,8
3  249 000  284 000  317 000 14,1 11,6
4  361 000  411 000  455 000 13,7 10,8
5  480 000  534 000  590 000 11,2 10,5
6  614 000  682 000  755 000 11,1 10,7
7  774 000  857 000  947 000 10,7 10,5
8  918 000 1 008 000 1 117 000 9,8 10,8
9 1 038 000 1 147 000 1 275 000 10,5 11,1
10 1 514 000 1 724 000 1 882 000 13,9 9,2
           
Alle  626 000  698 000  772 000 11,5 10,6
           
Talet på hushald 1 996 634 2 017 335 2 051 473    
1  Studenthushald er utelatne.

Eit av ti hushald har over 2 millionar i gjeld

Av dei ulike hushaldstypane er det småbarnsfamiliar som har mest gjeld. Par med små barn (under 6 år), hadde i 2006 ei gjennomsnittleg gjeld på vel 1,5 millionar kroner. Einslege alderspensjonistar er gruppa med minst gjeld, 121 000 kroner i gjennomsnitt.

Nær kvart tiande hushald hadde i 2006 ei gjeld på minst 2 millionar kroner, og 3 prosent eller vel 60 000 hushald, hadde meir enn 3 millionar kroner i gjeld. Det er ei overvekt av par med barn og unge par utan barn blant dei med mest gjeld.

Kvart femte hushald er gjeldfritt

I 2006 hadde nær kvart femte hushald inga gjeld i det heile. Det har likevel blitt sjeldnare å finne heilt gjeldfrie hushald. Ti år tidlegare var nær kvart fjerde hushald utan gjeld. Det er framfor alt einslege pensjonistar som ikkje har gjeld. Nær 6 av 10 einslege alderspensjonistar hadde ikkje gjeld i 2006.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken omfattar alle private hushald eksklusive studenthushald. I tillegg til alle registrerte kontante inntekter hushalda mottek, omfattar statistikken òg alle gjelds- og formuespostar frå likninga. Det er såleis likningsverdiar som ligg til grunn for all verdifastsetjing av formue. Dette betyr at for fleire formuesobjekt viser statistikken klårt lågare verdiar enn det som er den faktiske verdien. Dette gjeld først og fremst for eigedommar (t.d. eigen bustad), men også for deler av finanskapitalen (aksjar og obligasjonar). I tillegg blir formuesverdien påverka av endringar i skattereglar. Frå og med inntektsåret 2004 er formuesstatistikken ei totalteljing som omfattar alle personar i privathushald busett i landet ved utgangen av året. Personar i studenthushald er ikkje med. Det er gjort nærare greie for datagrunnlaget i ”Om statistikken”.

Tabeller: