10395
/helse/statistikker/steril/aar
10395
Stabilt tal på steriliseringar
statistikk
2002-10-03T10:00:00.000Z
Helse
no
steril, Steriliseringar (opphørt)Helseforhold og levevaner , Helse
false

Steriliseringar (opphørt)2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt tal på steriliseringar

I 2001 vart 7 812 personar steriliserte, 3 160 menn og 4 652 kvinner. Dette var 84 færre menn og 140 fleire kvinner enn året før.

Talet på steriliseringar blant menn og kvinner. 1985-2001

Steriliseringar fordelt prosentvis på aldersgrupper. 2001

Talet på steriliseringar per 1 000 innbyggjarar har halde seg stabilt dei siste åra. I 2001 var det 2,5 menn og 3,8 kvinner per 1 000 innbyggjarar som steriliserte seg.

Sterilisering etter alder

Om lag to tredjedelar av alle som steriliserer seg er i alderen 35-45 år. 6 av 1 000 menn og 5,3 av 1 000 kvinner mellom 35 og 40 år steriliserte seg i 2001, medan dei tilsvarande tala for aldersgruppa 40-44 år var 5,7 per 1 000 menn og 11 per 1 000 kvinner.

Talet på steriliseringar per 1 000 innbyggjarar i aktuell alder. 1985-2001

Fylkesvise skilnader

Fordelinga etter fylke byggjer på kvar steriliseringa vart utført og ikkje på bustadfylket til den steriliserte. Sterilisering er ikkje ei prioritert behandling frå helsevesenet si side, og det vert difor ikkje gitt nokon ventelistegaranti. Den som vil sterilisere seg, kan få utført inngrepet i eit anna fylke enn der vedkommande bur. Fylkestala for utførte steriliseringar per 1 000 innbyggjarar kan difor vere noko villeiande.

Gruppert etter behandlingsfylke vart det gjort flest steriliseringar på menn sett i høve til folketalet i Hedmark og Telemark, mens det relativt sett var Nord-Trøndelag som hadde flest steriliseringar av kvinner i 2001.

Tabeller: